Det som etter kvart vart Vågholmane hamn slik ho ligg i dag, starta med eit brev til «Herr Hamnedirektøren, Kristiania», datert 30. januar 1923 og underteikna av 49 menn på Fjørtofta, dei aller fleste fiskarar. Dei argumenterer med at det er dårlege hamneforhold for fiskebåtane på øya, og at Vågholmane frå naturen si side er beste staden å få laga ei god hamn for heile øya.

Søknaden får støttefråsegner frå Fjørtoft Fiskeriforening ved Martinus J. K. Fjørtoft, Haram formannskap, Møre fylkes ruteselskap, stortingsmann Ole K. Flem, fiskeriinspektør Knudt O. Otterlei og konsulent P. Rønnestad hos Fiskeridirektøren.

I skrivet vert det skissert kva som skal til for å få ei god hamn:

1. Ein molo frå land i Skutvikneset til Holmarne.
2. Ein bårebrytar frå Kongsneset
3. Oppmudring so det vert djupare oppunder Tennskjeret og land.

Vågholmane 1925. Foto: Kr. Berge, Statens hamnevesen.

Hamneområdet vart så undersøkt og oppmålt av Statens hamnevesen sommaren 1925. Men på grunn av pågåande hamnearbeid i nærleiken (Steinshamn og Haram), var det mindre von om å få løyvingar til Vågholm-hamna, og såleis vart denne «stillet i bero». Etter nye søknader frå Fjørtofta og påtrykk frå fiskeriinspektøren, Haram formannskap og fylket, tok Hamnevesenet oppatt saka og utarbeidde ny plan i 1929.

Planen følgde i hovudsak skissa frå den første søknaden med litt alternative løysingar. Etter denne planen skulle den vestre moloen gå over skjeret Klubben. Fiskarlaget bad om at moloen vart trekt lenger vest både for å få større hamneområde og meir byggeplass for sjøhus.

Men heller ikkje denne gongen kom det til handling, og i 1935 sende folket på Fjørtofta ein ny søknad, underteikna av 91 personar. Søknaden fekk tilslutning frå Haram heradsstyre, Sunnmøre fiskarlag, fiskeriinspektøren og fiskeridirektøren. Hamnevesenet utarbeidde og la i 1937 på nytt fram nokre alternativ for utbygging med tilhøyrande kalkyler.

Vågholmane 1941

Frå Skutvikneset. Vågholmbuda til venstre. «Heka» var den einaste faste båten den tida. Ekrebuda ytst på neset. Alle bygningane er til hamnearbeidarane som nett hadde starta å arbeide med molo til Vågholmane. Foto 1941: Ivar Fjørtoft

I hovudsak følgde dei malen frå tidlegare. Den enklaste versjonen var ein molo frå Skutvikneset til vestre Vågholmen med «sidespor» til Klubben. Men fiskarane heldt på at det måtte ein bårebrytar til ut frå Kongsneset mot sjø og vind frå aust.

Enno nokre år gjekk, og krigen kom, men endeleg i 1941 troppa hamnevesenet opp med utstyr og mannskap og tok fatt på arbeidet. Arbeidarane installerte seg med brakke om lag der som bustaden til Bernt og Gunn Fjørtoft ligg no. Dei måla eit norsk flagg på taket for at allierte fly ikkje skulle tru det var eit tysk anlegg og gå til åtak.

Mange av dei tilreisande var frå søre Sunnmøre, mellom anna Volda, Ørsta og Dalsfjorden, og nokre frå Trøndelag. Men det var også nokre fjørtoftingar som tok seg arbeid på hamna: Olav Davik, Toralf Fjørtoft, Karl Hansen, Ludvik Larsen, Erling Otterlei og Edvard Storås.

Med 20–22 mann i arbeid skulle det ein del til av både mat og andre varer, så det vart nok litt ekstra inntekt på butikkane og kanskje andre òg. Iallfall kjøpte dei mjølk på gardane i området, og sikkert andre ting, for utetter krigsåra vart det mangel på det meste. To kokker stod for matstellet for karane. Sommaren 1949 vart ei av dei sjuk, og fjortenårige Turid Fjørtoft (Larsen) vart hyrt inn som hjelpekokke. Arbeidsdagen var frå kl. 7 om morgonen til 8 om kvelden.

Dei første åra brukte dei ein svær vedkomfyr som vart fyrt med kol til å koke middag på. Det var som ein liten revolusjon då elektrisk komfyr vart installert. Laurdags ettermiddag var det å fyre oppunder ein diger koparkjel for at arbeidskarane skulle få seg eit bad.

kasse

Den næraste er Edvard Storås, dei andre er tilreisande. Bilete utlånt av Turid Larsen.

Det var steinhardt arbeid, bokstavleg tala, eit «fole slit» for hamnekarane, fortel folk som var vitne til det. Arbeidet gjekk for det meste ut på å minere og sprenge ut stein i steinbrotet, som låg litt vest for Skutvikneset, for deretter å transportere steinen dit han skulle og legge han på plass. Sjølv om dei hadde kran og andre hjelpemidlar, vart mykje gjort med handemakt.

Arbeidskarane laga seg jernbane som dei frakta steinen på. Dei retteleg store steinane vart lagde på ei flat tralle, medan vogner vart brukt til dei mindre. Det vart lagt spor i fleire retningar etter som dei trong.

Den første moloen vart bygd frå Skutvikneset til vestre Vågholme. Ei arm vart lagt ut til Klubben. Frå vestre holme vart det laga ein stubbe molo austover. Omkring 1975 forlengde Hamnevesenet denne moloen bort til austre holme.

Av «småstein» som ikkje kunne brukast på dei moloane som var utsett for grov sjø, vart det laga ein molo frå Skutvikneset bort til Tennskjeret om lag midt i bukta. På den la dei jernbanespor, og for å kome seg bort på Kongsneset med stein, vart det bygt ei «bukkebane» på stolpar frå Tennskjeret. På denne bana vart all steinen til den austre moloen frakta frå steinbrotet på andre sida av vågen. Folk som budde i nærleiken, høyrde kor det knaka og braka i treverket under steinvognene når det var tunge lass.

Lokomotiv

Steinkøyring. Fremste rekkje frå venstre: Toralf Fjørtoft, Olav Bukten, Edvard Storås, ukjend, Olav Davik, Sverre Eiken. Oppe på lokomotivet t.h. står føraren, Peder Torvik. Dei andre er tilreisande. Bilete utlånt av Turid Larsen.

Med unntak av eit par år under krigen vart det no arbeidt kvart sommarhalvår fram til austre moloen var ferdig utpå 1950-talet. «Vasskaia» midt på moloen var det siste som vart bygt. Namnet kjem av at det vart lagt vatn ned til denne kaia som båtane kunne nytte til å fylle tankane sine.

I eit planutkast frå 1944 var moloen frå Kongsneset teikna inn aust for Ekrebuda. Dette var det mange som ønskte, mellom anna for å få meir plass på land til sjøhus inne i hamna. Men denne planen gjekk hamnevesenet vekk frå, så Ekrebuda vart ståande utanfor.

For å utvide «flytedelen» av hamna, vart det mudra nokså mykje i. Mudremassen vart fylt bak den nemnde moloen til Tennskjeret slik at det vart laga ein god del nytt land. Det vart bygt ein molo nummer to ut til Tennskjeret litt ovanfor den første for å halde mudremassen på plass, slik at det nye landet har form som ein trekant.

Med dette fekk Fjørtofta ei stor og god hamn til teneste for den store fiskeflåten på øya. Før hamna si tid var Vågholmbuda bygt, og eit par andre hus på vestre Vågholmen. I tillegg stod Ekrebuda på Kongsneset. Etter at hamna kom vart det ei ny tid, ikkje berre for fiskeflåten, men også for anna verksemd i tilknyting til sjø og fiskeri. Likeins vart det betre tider for rutebåten, og seinare for ferje og snøggbåt.

kjetting

«Lenkegjengen». Toralf Fjørtoft er fremst, Edvard Storås nest sist. Bilete utlånt av Turid Larsen.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Hamna på Vågholmane — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>