Då Fjørtoft turnlag vart skipa 1. november 1917, var det (truleg) berre to andre turnforeiningar på Sunnmøre – Ålesund og Volda. Og det var nettopp ein volding som skulle til for å starte med turn på Fjørtofta. Det var Martin Rygh, som hadde vore ein aktiv turnar i Volda før han kom til Fjørtofta som meieribestyrar. No vart han både trenar og den første formannen i laget.

Dei første lovene i Fjørtoft turnlag hadde òg ein viss likskap med dei i Volda. Føremålsparagrafen lydde slik:
«Turnlaget sine fyremål er at alle som er med i laget skal få so god upplæring i gymnastikk og gymnastiske leikar som moglegt, og dessutan gjere gymnastikken vidare kjend.»

Forutan Martin Rygh bestod det første styret av Martin Otterlei (Pe-Rimma/Hagarden), Hans I. Otterlei (Nedste Kleiva), Ingvald L. Fjørtoft (Soltun) og Karl O. Fjørtoft (Markagarden).

Etter nokre år med turn, vedtok årsmøtet i 1926 å utvide aktiviteten med friidrett og endra namnet til Fjørtoft turn- og idrottslag. Året etter kom også fotball på programmet. I mangel på bane fekk dei leige ei høveleg flat attelege med Nils K. Fjørtoft (Gyridgarden). Årsmøtet vedtok også at Nils skulle vere kaptein på fotballaget. Det vart på same møtet bestemt å ha 2½ time turn kvar laurdag og fotballkamp med friidrettsleikar kvar søndag kl. 3. Området som vart brukt til fotball, ber framleis namnet Banå. Kampane måtte elles tilpassast fiskesesongane, sidan dei fleste spelarane dreiv sjøen.

Turnaktiviteten gjekk føre seg i ungdomshuset Varden. Dette brann dessverre ned til grunnen i 1952, og alt turnutstyr strauk med i brannen. Utan hus og utan utstyr var det vanskeleg å drive med turn. Etter at samfunnshuset Varden stod ferdig i 1958, vart det gjort forsøk på å kome i gang att. Men det lukkast ikkje, så turnsporten på Fjørtofta tok slutt for godt i 1952.

I si velmaktstid vitja fjørtoftingane nabobygdene og viste fram sine turnkunstar. I desember 1934 var Fjørtoft turnlag på besøk til UL Samhald på Flemsøy/Skuløy. På ungdomshuset der heldt turnlaget oppvisning i gymnastikk, skranke, ringar, svingstang og «pyramiden». I Samhald sin møteprotokoll står det at turnarane var svært flinke til amatørar å vere, og at folket i salen «sat reint i undring» over prestasjonane deira.

Dei første tiåra var det berre gutar med i FTIL, men frå 1945 kom det jenter med, og i 1946 hadde laget 131 betalande medlemer over 16 år – det meste i lagets historie. Attpåtil var der ei barnegruppe for dei frå 15 år og nedover.

Sjølv om det ikkje var kvinnelege medlemer i laget før 1945, hadde likevel jentene eit turntilbod i 1930-åra. Det var Asbjørg Eivindson frå Finnøya, seinare gift Sandøy på Fjørtofta, som hadde både ei jente- og ei damegruppe i turn/gymnastikk.

Etter at turninga tok slutt, vart fotball hovudaktivitet. Alt i 1946 vart det arrangert ein Haramserie der alle øyane (inklusive Myklebust) og Brattvåg var med. Ole Larsson Fjørtoft var turneringsleiar, og FTIL kom på andreplass etter Myklebust. Kva slags bane dei brukte er ukjent.

I 1957 vart Vardebana ferdig og innvigd 18. august etter ein byggeperiode på 10,5 år med 6.216 dugnadstimar. Opningsdagen var ein stor festdag med kampar mellom Fjørtoft, Myklebust og Longva&Flem. Frå1964 kom FTIL med i serieordninga, og første obligatoriske kamp gjekk på Vardebana mot Ravn 7. mai 1964. Svein Klokk fekk æra av å score det første seriemålet for laget, men dei tapte likevel kampen 3–4.

Etter den tid har fotball vore hovudaktiviteten i FTIL. I starten var det berre eitt lag, men etter kvart kom det til fleire, mellom anna eit reservelag som gjorde det bra på 1980-talet. Same tida kom også barnefotballen sterkt. Ein god del av æra for det skal lærar Jan Gunnar Nygård ha. Mellom anna vart 7-arlaget for gutar krinsmeister i 1993.

A-laget vart etter kvart så godt at det tok steget opp i høgare divisjonar. Hausten 1992 rykte det opp i 4. divisjon, og sesongen 1993 kom dei høgare på tabellen enn både Bergsøy og Herd. Ei viktig drivkraft i dette arbeidet var Bernt Fjørtoft. Men i 1994 vart det nedrykk, og derifrå gjekk det unna bakke til det vart slutt med seriefotball for A-laget i 2000. Mange ungdommar reiste frå øya denne tida, og det vart vanskeleg å stille lag.

Mot alle vindar «gjenoppstod» fotballaget i 2017, i høve 100-årsjubiléet for FTIL. Det var ungdom frå Fjørtofta som spela fotball andre stader rundt om på Sunnmøre som slo seg saman og fekk meldt på eit lag i 6. divisjon. Knapt ein einaste av dei bur på Fjørtofta, men no samlast dei heime på øya til kvar heimekamp. «Nye Fjørtoft» rykte til og med opp i 5. divisjon i sin første sesong, men i 2018 måtte dei rykke tilbake til start.

Mykje arbeid var det som skulle til for atter å få fotballkampar på Fjørtofta. Bana var nærmast ubrukeleg og måtte renoverast, og garderobane var i ustand og utan vatn. Etter stor dugnadsinnsats av øyafolket for å gjere alt klart, kunne opningskampen mot HaNo gå av stabelen 16. april 2017. Den enda 0 – 0.

Som nemnt tok Fjørtoft turnlag opp friidrett i 1926, ein aktivitet som minka etter kvart som fotballen tok meir og meir over. Men ein ny giv vart det frå hausten 1974, då dei to lærarane Asbjørn Berge og Asle Geir Johansen starta ei eiga friidrettsgruppe på øya. Frå då og litt inn på 1980-talet var det ei god tid for friidretten, og i 1980 fekk idrettslaget i oppdrag å arrangere NM i 25 km landevegsløp.

Heile øya stod bak arrangementet som vart prikkfritt avvikla. Men denne mobiliseringa kosta, og etter 1980 tapte friidretten kampen om ressursane, og aktiviteten minka. Noko av forklaringa ligg nok òg i at dei to nemnde lærarane og eldsjelene då hadde reist frå øya.

Supplerande opplysningar, korrigeringar og bilete er velkomne.


Kommentarer

Fjørtoft Turn- og Idrottslag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>