Historiebok FjørtoftInnhaldet i denne boka er for ein stor del basert på historisk stoff som underteikna produserte til bygdeboka for Fjørtofta og Flemsøya/Skuløya (utgitt i desember 2019). Ein del av stoffet er såleis også å finne i bygdeboka.

Men mindre enn halvparten av den ferdige teksten om Fjørtofta fekk plass i bygdeboka. For at alt stoffet skulle bli utgitt, vart denne boka laga.

Dei som har kjøpt bygdeboka og lese den allmenne delen (alt utanom gards- og slektsdelen og innleiinga), vil kjenne att noko av stoffet i denne boka. Ein del av teksten er nokså likt i dei to bøkene. Somme av bilda er også brukt i begge bøkene.

Men av det felles stoffet er så godt som alle «historiene» i bygdeboka avkorta i større eller mindre grad i forhold til originalen, slik at noko av innhaldet og samanhengen går tapt. Denne nye boka inneheld dei fulle versjonane.

I tillegg er her ein heil del stoff som ikkje finst i bygdeboka, mellom anna to heilt nye kapittel og utviding av andre. Den allmenne delen i bygdeboka tel 91 sider, medan tilsvarande i Historiebok for Fjørtofta er 420 sider.

Sjå elles ei oversikt over innhaldet her.

Boka kostar kr 400,-.   For den som ønskjer å kjøpe, er det følgjande alternativ:

  • Postsending: Pakke kr. 100,-. Kan sende inntil 3 bøker i same pakke (for same pris). Boka/bøkene blir sendt dagen etter registrert innbetaling (kr 400 pr. bok + porto kr 100). Vipps til 90 10 92 96 eller betal til bankkonto nr. 3910.24.23945.
  • Levering på Kongsberg/Peilo (betaling på førehand).
  • Heime hos meg (Fjellheim 75 på Flem).  Sjekk på førehand med ei melding eller telefon til 90 10 92 96 om eg er heime. Betaling med vipps eller kontant eller betaling i bank på etterskot.
  • Bøker utlagt på Coop Marked Longva for sjølvbetening. Vipps eller bank.

Knut Flem

P.S. Det er så godt som umogleg å lage ei historiebok utan faktafeil. Det gjeld nok for denne boka òg. Dersom du oppdagar noko du meiner er feil, så gi meg gjerne beskjed på SMS eller epost (knutflem@online.no). Endå betre: – fortel om det i kommentarfeltet nedanfor, så kan andre sjå det og eventuelt kome med fleire opplysningar.

Det same gjeld dersom du meiner det manglar noko (vesentleg) ved forteljingane i boka. Det er svært sannsynleg at nokon sit med opplysningar som kan utfylle og berike ei historie, ja kanskje endre heile historia i somme høve.

 


Kommentarer

Historiebok for Fjørtofta — 2 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>