Firmaet Vest Form A/S vart starta av Sylvi Anne Otterlei og Bengt Øverland i mars 1997. Dei tok til å lage vindauge og dører i glasfiber for H-produkter i Vegsund, den gong dei heldt til der. Former til denne produksjonen kjøpte dei av Vaker Industrier på Fjørtofta. Verksemda heldt til i den gamle Vågholmbuda med dei to som einaste tilsette.

All produksjonen vart gjort som handarbeid utan hjelp av maskiner. Dører og vindauge vart støypt med glasfiberduk og polyester som vart rulla ut for hand. I tillegg til dette utførte dei også reparasjonar av plastbåtar.

TakboksEit nytt produkt som vart utforma og produsert på Vågholmbuda var ein kombinert takboks for bil og jolle. Ved å snu takboksen opp-ned vart han til ein liten båt som fint bar to personar. Boksen/jolla var laga av plast og vart mykje nytta på fjellvatn.

JolleSeinare starta dei å utvikle nye båtmodellar og gjekk saman med tre andre inn med aksjekapital i Vestline A/S, som vart starta i Taurage, Litauen. Her vart det produsert plastbåtar, med Bengt Øverland som driftsleiar. Verksemda vart avslutta i 2006. Då var det også slutt med aktiviteten i Vågholmbuda.


Kommentarer

Vest Form — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>