Det var Fredrik, Inge og Knut Otterlei som starta Vaker Industri A/S på Fjørtofta i 1973. Produkta var bøyelys til garn- og linefiske, og dessutan fritidsbåtar. Knut var elektroingeniør og jobba 10 år i USA og hadde med seg heim idéen om båtskrog etter sandwich-prinsippet. Skroget vart støypt i to lag glasfiber med skumplast imellom, noko som gav eit sterkt og lett skrog. I tillegg vart skroget på denne måten isolert, slik at innsida vart fri for kondens og fukt.

Verksemda heldt først til i Ekrebuda. Båtskroget vart støypt i 2. etasje og vinsja ned til første for å sette på overbygg, for der nede var det høgare under taket. Men første prøvebåten var ei jolle, og seinare vart det laga fleire joller, mellom anna ei åtte fots katamaran-jolle med ei vekt på berre 40 kilo.

Av vanlege bruksbåtar vart det først laga 18-fotingar, seinare 22-fotingar, som fekk namnet Oter 22. Dette var tur- og fiskebåtar, ikkje for store, dei var sterke, dessutan spantefrie slik at plassen om bord vart godt utnytta. Og der var alt som skulle til – lugar framme med bord og benkar, bysse, toalett og dusj. Motoren var nedfelt i kjølen med flake over slik at dørken vart flat. Langs sidene var det benkar med fleire rom for å ha fisk, vegn og utstyr i. Det vart laga eit 30-tals båtar av dette slaget.

På grunn av dei tungvinte arbeidsforholda, vart produksjonen flytta til Inge Otterlei sin garasje i 1981, og her vart dei fleste større båtane laga. Knut Otterlei utvikla ein metode der båtane vart delt på langs og kvar halvdel støypt for seg og så sveisa saman. Skrogstøypinga var handarbeid, og i toppane var det 7–8 personar i arbeid i verksemda, medan det på jamna var 4–6.

Vakerbåt

Ny Vaker-båt ut av garasja. Folk frå venstre: Ragnar Fjørtoft, Kåre Otterlei, Inge Otterlei og Knut Otterlei. Foto: Eldar Fjørtoft

Denne tida var det mange båtprodusentar som kasta seg på fritidsbåtbølgja så det vart overproduksjon, og det kom eit krakk i marknaden. Det vart vurdert å sette opp eit større bygg for meir effektiv produksjon for å halde tritt med utviklinga, men med den stoda som no var i denne bransjen, var det vanskeleg å få både DU-midlar og banklån. Båtproduksjonen vart då utfasa, og Vaker Industri flytta aktiviteten til Vågholmbuda i 1987.

Der starta dei å lage nye produkt, mellom anna glasfiberplater som vart brukt i H-vinduet sine fyllingsdører. Formene vart laga av treverk slik at det ferdige produktet såg ut som panel. Bøyelyktene vart utvikla vidare med elektronikk innstøypt i plast for å få til blink på lyset og fotocelle til å slå av lyset om dagen. I tillegg konstruerte dei ei linse etter fyrlykt-prinsippet som vart integrert i lykta for å forsterke lyset. Etter at Gladlaks kom i sving i 1986, vart det også levert markeringslys til oppdrettsanlegga deira.

Eit produkt Vaker utvikla for landbruket i samarbeid med Nordre Sunnmøre forsøksring, var eit apparat for å måle kvaliteten i silopressaft og dyregjødsel – populært kalla «kupissmålar». Dette vart sett i produksjon i 1991 og fekk god avsetnad.

Då Knut døydde brått i 1992, rekna banken med at drifta var slutt og møtte fram for å sikre seg verdiar. Men Oddhild Otterlei, kona til Knut, saman med Bodil Otterlei, som hadde jobba i Vaker i mange år, bestemte seg for å drive vidare. Dei heldt fram med same produksjon som før, og særleg vart det levert mange måleapparat for kugjødsel til bønder og landbruksforretningar. Kårmund Larsen hjelpte dei med å lage former til dørplatene, og Kristin Fjørtoft hjelpte med rekneskap og anna papirarbeid.

Oddhild og Bodil Otterlei hadde eit mål om å tene nok pengar til å kunne halde kreditorane skadeslause, og då dei slutta av i 1997, var målet nått. Sylvi Otterlei og Bengt Øverland tok over mesteparten av utstyret og heldt mellom anna fram med delproduksjon for H-vinduet.


Kommentarer

Vaker Industri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>