I ungdomslaget Framsteg vart det ofte snakka om at dei skulle ha hatt eit større hus til aktivitetane sine, særleg til festar og framsyning av spelstykke. Og i 1907 kom spørsmålet opp til ordskifte i ungdomslaget. Alle var samde om at hus måtte byggast. Men dei innsåg at dette vart eit så stort løft at heile øya måtte vere med – unge og eldre. Så mange som mogleg måtte hjelpe med å få opp huset, og alle skulle eige det og kunne bruke det.

Men det var skjer i sjøen. Lærar på Fjørtofta i åra 1900–1922, Anna Klepp, fortel i 25-års-jubileumsskriftet til Framsteg (1919):

«I ungdomslaget ,,Framstegˮ hadde det fleire gonger vore ordskifte om å byggje ungdomshus på Fjørtoft. Det vart valt ei husnemnd som laga teikning til ungdomshus, utkast til lover for huset, og fekk lovnad på fri hustomt. Men då husnemnda la sitt arbeid fram på eit møte, vart det strid om kvar huset skulle stå. Denne striden vart med tida so hard og ufjelg at husnemnda sa frå seg arbeidet sitt. Og då ungdomslaget heller ikkje hadde pengar å byggje for, såg dei fleste so mørkt på saka at arbeidet for å få til ungdomshus vart nedlagt.

Men tankane om huset slokna ikkje likevel. I ,,Uræddˮ (lagsbladet) kom det mangt eit skjemtstykke til gutar og jenter om kor flinke dei var til å samle byggjefond, og om ,,Tomtegubbenˮ som rusla omkring og målte opp ,,sentrumˮ.»

Anna Klepp fekk i gang Fjørtoft Gjentelag, som sette seg føre å samle inn pengar til eit ungdomshus. Jentelaget var utgått frå Fjørtoft redningslag, og det opphavlege føremålet var å arbeide for redningssak og sjømannsmisjon. Men dette arbeidet ville bli mykje lettare om det var eit forsamlingshus på øya, meinte dei, og starta no med å samle inn pengar til ungdomshuset.

Jentene samlast kvar måndagskveld på Fjørtoft skulehus der dei laga alt slags handarbeid, som vart lodda ut på basarar. Anna Klepp var leiar og pådrivar for arbeidet. Då det var innsamla om lag 1.000 kroner til eit byggefond, tok ungdomslaget oppatt hussaka på eit møte, og alle hadde no tru på at det kunne kome ungdomshus på øya.

Lover for huset vart vedtekne og ei ny byggenemnd vart valt, men tomtespørsmålet vart ikkje omtala i første omgang. Nemnda tok til å samle inn pengar på lister, og på kort tid var det teikna 4.000 kroner. Huset var kalkulert til kr. 10.000, så jentelaget heldt fram nokre år til.

I det nemnde jubileumsheftet skriv Arve Landmark:

«Me hadde fått oss opp eit samlingshus, og det var både stort og vakkert. Men det hadde ein feil, og det var ein stor feil: det var so dyrt. Men lærarinna vår, Anna Klepp, visste råd.

Ho fekk samla jentene på Fjørtoft og sette dei til arbeids. Dei skulde sy, hekle og brodere, og kva det no var alt dei skulle gjere. Når dei so tykte det passa best, heldt dei basar. Gutane var heller ikkje so borte då, ikkje kallane heller soleis. Dei møtte opp på basarane og kjøpte varer, og dei var heller ikkje so nøgne på prisen. Dei hadde eit sams hugmål alle då: å få huset betalt. Og det lyt eg seie: det har gått godt, for no er det berre lite som stend att.

At me er komne so langt med skulda på huset, har me Anna Klepp og jentelaget å takke. Deira arbeid vil seint verte gløymt her på Fjørtoft.»

Eit stort og fint forsamlingshus stod ferdig seinhaustes 1914 og letta sjølvsagt arbeidet for alle lag og foreiningar som brukte det, og gjorde større samkomer av alle slag mykje enklare. Då Fjørtoft turnlag vart skipa i 1917, var det nettopp i ungdomshuset dei dreiv aktiviteten sin. Utan dette huset hadde det knapt blitt starta eit slikt lag på øya.

Dessverre var der eld laus våren 1952, og den 6. mars brann ungdomshuset Varden ned til grunnen. Mykje av lagsarbeidet på Fjørtofta vart då nærmast sett på vent; såleis miste turnlaget både lokale og utstyr og kom seg sidan aldri på fote igjen.

Haram og Vigra Brandtrygdelag betalte ut ein trygdesum på kr. 35.000,-. Av dette var 10.000 kroner gåve, skriv dei i følgjebrevet. Med desse pengane starta ungdomslaget og bygdefolket på ny frisk, og alt i 1953 kom arbeidet så smått i gang på det som skulle bli samfunnshuset Varden.

Ungdomshuset Varden

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommentarar, opplysningar, bilete er velkomne.


Kommentarer

Ungdomshuset Varden — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>