Alf Turøy kom til Fjørtofta hausten 1960 for å sjå seg om etter ein stad å starte trålverkstad. Etter litt rekognosering stod valet mellom Harøya og Fjørtofta, og sistnemnde vann. I januar 1961 flytta så Alf med kone og eit lite barn til øya og fekk leige husvære i andre etasje hos Harald og Kristina Fjørtoft.

Han hadde arbeidd på ein notverkstad i Bergen og fekk no eit års permisjon for å prøve å starte på eiga hand. Det var også bedrifta der som gav råd om å reise til desse kantar fordi her var så mange trålarar. Med kone og barn vel på plass, fekk Alf Turøy leige lokale i Ekrebuda og starta sin eigen verkstad, der han både laga og reparerte trålnøter. Hausten 1962 flytta familien inn i eige hus. Trålnøter og utstyr flytta etter, og verksemda fekk plass i kjellaren.

Noko seinare tok han til å kjøpe og salte sei i pakkhuset på kaia og kombinerte dette med trålverksemda. Eit fiskemottak her var det god bruk for, ettersom Fjørtofta hadde mange småtrålarar denne tida. Forretninga gjekk bra, men lokala var små, og ferjeleiet gjorde anløp av båtar litt vanskeleg.

Etter nokre år måtte Turøy gi seg med notarbeidet fordi han fekk eksem av det syntetiske notlinet, så hendene vart såre og huda sprakk. Dermed selde han i 1967 verksemda til Edgar Davik og Peder R. Fjørtoft, som flytta den til pakkhuset på kaia og etablerte trålverkstad der.

Alf Turøy bygde då ei sjøbu og kai på hamna i 1967/68 og starta med klippfiskproduksjon. Saltfisk vart innkjøpt og tørka ved hjelp av ein oljefyrt omn og ei elektrisk vifte som bles varm luft over fisken. Den vart lagd på nettingbrett i mange høgder på vogner, slik at mykje fisk kunne tørkast på éin gong. Denne metoden hadde han lært av Karsten Flem.

Men dette varte ikkje lenge, for det vart dårlegare tider for klippfisk, så denne produksjonen vart avslutta. Turøy hadde frå før kontakt med firmaet Protan & Fagertun, som dreiv med foredling av tang og tare, og som hadde starta prøvetråling i området i 1967. Han inngjekk i 1969 kontrakt med firmaet om å bruke sjøbua hans til taremottak, der han sjølv vart driftsleiar. Dette stod på til 1978, då der vart for lite lagerplass for taren, og mottaket vart flytta til Steinshamn. Alf tok då oppatt fiskeverksemda og produserte både saltfisk og tørrfisk. Nede på sanda (industriområdet) hadde han hjellar for fisketørking.

På Fjørtofta var det mange fiskebåtar som brukte is til å konservere fisken, og på midten av 1960-talet kjøpte Turøy ei ismaskin og sette opp ein tresilo til å ha isen i nede på ferjekaia. Isen vart levert til båtane ved hjelp av ei renne gjennom eit hol i fenderverket. Etter at Alf hadde bygt seg nytt sjøhus, flytta han isproduksjonen dit og skaffa etter kvart to nye ismaskiner for å dekkje etterspurnaden.

På grunn av helseplager måtte Turøy avslutte arbeidet på Fjørtofta, og verksemda vart selt til Arne O. Fjørtoft (Åmund-Arne) i 1985. Siste året før salet var berre isproduksjonen i drift. Alf hadde astma og budde eit års tid på Bjorli for å få tørrare klima. I 1987 flytta han med familien tilbake til heimstaden Rong, der han saman med kona Magny starta gartneri som dei dreiv fram til pensjonsalderen.


Kommentarer

Turøy trålverkstad og fiskeindustri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>