Alle spadde torv i gamle dagar, for det var einaste brenselet som fanst på Fjørtofta. Skog var her ikkje, og kol kosta pengar. Såleis var det å ha tilgang på torvmyr bortimot livsviktig. Ved jordskifta på 1860-talet vart det passa på at torvrettar følgde med gardsbruka sjølv om dei flytta ut av klyngetunet og fekk jorda si andre stader. Det vart såleis bestemt at dei skulle behalde dei gamle torvrettane i 40 år for myrane som låg nærast busetnaden, i 60 år for dei som låg eit stykke unna, og i 90 år for dei som låg lengst vekke.

Torv vart brukt til oppvarming i husa og til koking og steiking. Kvaliteten på torvet varierte etter fleire forhold, mellom anna kor djup myra var og om det var spadd høgt oppe eller langt nede. Mosetorvet i øvste laget var meir porøst og hadde mindre kraft i seg enn det lengre nedi myrlaget. Den beste kvaliteten vart kalla steintorv, og med den kunne dei til og med fyre essa og smi.

Hausten 1923 kom elektrisiteten til øya, men dei første tiåra vart denne dyre krafta stort sett brukt berre til lys. Ikkje før utpå 1950-talet tok folk til å bruke straum til oppvarming, og torv har vore spadd på Fjørtofta til godt etter tusenårsskiftet.

Dei som ikkje åtte utmark sjølve, kjøpte torv «på rot». Dei kjøpte då torva på ein teig i utmarka til ein gard som hadde rikeleg med torvmyr. Her kunne dei spa så mykje torv dei ville innanfor teigen. Heile familien var gjerne med i torvet, og alle gardane gjorde som regel dette arbeidet på same tid. Det var ei av dei faste onnene i gardsdrifta, og det var folksamt ute i marka når det stod på – oftast på fineversdagar i mai.

Dei som spadde la torvet på ei flat trille, og når denne var full, vart ho trilla bort på ein tørkeplass og torvet lagt utover. To triller gjekk i skytteltrafikk slik at den eine vart tømt medan den andre blei pålest. Til torvspainga vart særskilte spader brukt for å få rette forma og storleiken på torvene, som var opptil 80 cm lange. Men dei kunne ikkje vere lengre enn breidda på torvtrilla og ville elles lett knekke ved handtering om dei var for lange. Torva var gjerne 8–10 cm i firkant, men krympa litt under tørkinga.

Før det var spadd noko på beljen (torvplassen), kunne ein sjølvsagt spa rett ned. Var det djupare med torv, stod spadaren nede i «holet» og spadde horisontalt. Der det var grunt vart det spadd ned på sanden, men på 1950-talet kom ein regel om at det skulle vere att 70 cm i botnen. Elles har det vist seg at myra kjem fort tilbake der forholda ligg til rette, og det ikkje vert dyrka eller gjort andre inngrep. I 1956 vart det spadd torv ned på sanden nedanfor Ramsberget der tunnelinnslaget er. Då dei kom dit med store maskiner i 2017, var der så djup myr at dei køyrde seg fast.

Når torvet utpå sommaren hadde tørka så mykje at det var stivt og kunne handterast, vart det lagt opp to og to i «fyrstikkhus» slik at det tørka fortare. Det vart kalla å røyse torvet. Seinare på sommaren, når torvet var tørt, vart det køyrt til gards med hest og vogn. Det vart gjerne brukt to vogner slik at den eine vart fylt medan den andre var på heimtur. På vogna vart det sett ei grind med to fjøler i høgda for å få plass til høveleg med torv. Lasset vart tømt ved torvskjåen, og nokon heime måtte stable det inn før neste lass kom.

Når arbeidet stod på, var folket som regel heile dagane i torvet. Nokon som stelte heime bar då ut middagsmat til klokka tolv og nonsmat i fem-tida. I samband med middagen var det gjerne ein lengre pause i arbeidet då dei vaksne tok seg ein lur i lyngen og ungdomen kom saman og fann på eitkvart moro. Det vert fortalt at det hende nokon «forsov» seg og ikkje vakna før nonsmaten kom. For å ta att det tapte heldt dei då på til ti– elleve-tida om kvelden.

Etter kvart som det vart meir lønsamt å bruke arbeidstida til å tene pengar enn å spa torv, gjekk folk over til å fyre med kol og koks, og oljekaminar var svært populære ein periode. Sidan ved no kan kjøpast rimeleg og er både fornybart og  klimanøytralt og såleis det mest «berekraftige» alternativet, er det dette brennefanget som vinn fram i våre dagar.

Torvspading

I torvet 1974 – Daniel Fjørtoft. Foto: Eldar Fjørtoft


Kommentarer

I torvet — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>