Trandamperia var den første forma for industri på øya. Deretter kom tønnefabrikken til Martinus R. Davik og Peder H. Otterlei i Davika. Firmaet vart registrert 10/4-1917 med namnet Otterlei & Davik Tøndefabrik, som «… akter at drive fabrikkvirksomhet med forretningskontor i Haram.»

Fiskedampskip hadde då i mange år fiska sild på Island og salta i tønner, og under første verdskrigen (1914–18) og litt seinare vart det mykje sildesalting her heime òg. Såleis var det stor spurnad etter tønner, og mange fabrikkar for tønneproduksjon vart starta langs kysten. Davik-fabrikken låg lagleg til like ved kaia som båtane kunne hente varene frå. Skjenegangen på kaia gjekk heilt inn i fabrikklokalet.

Tønnene var laga av fjøler som vart sett saman i ein ring, med tønneband av jarn rundt som heldt fjølene saman. Vidjeband av eine eller anna høveleg treslag var òg brukt i tidlege tider. For å få fjølene – tønnestavane – til å ligge tett saman i ein runding, vart kantane laga litt skrå. Ei tønne er dessutan tjukkast på midten, slik at stavane måtte vere litt breiare midt på enn ute i endane. Attåt skulle det lagast botn og lok.

Det stod eit maskinhus ved eine enden av fabrikkbygninga der det var stimkjel og dampmaskin. Det var denne som gav kraft til sag, høvel og andre maskiner og verkty. Frå dampmaskina gjekk det reimoverføringar til maskinene. Etter at tønna var sett saman, skulle ho varmast for å bli lettare å forme. Det vart mellom anna tent bål av høvlespon i tynna til dette føremålet. Sidan Davik-fabrikken hadde stimkjel, kan det også vere at dei brukte damp til oppvarming. Siste prosess før endebanda vart påsett, var å lage spor i stavane for botnen.

Stimkjel, tønnefabrikken

Stimkjelen til tønnefabrikken. Foto: Eldar Fjørtoft

Det er fortalt at tønnemakarane i Davika hadde litt problem med å få tønnene tett. Dei ville ofte leke litt, slik at saltlaken kunne sive ut. Såleis er det skjøneleg at fabrikken fekk ei heller kortvarig drift.

Fabrikkbygninga står enno nede ved småbåthamna på Davika. Taket er reparert i relativt nyare tid og er tett, og dei støypte veggane står seg bra, men resten av huset er heller skrøpeleg. Inne er det fullt av mange ting, mellom anna ein stabel material til tønnestavar. Eivind Davik er eigar av bygget no.


Kommentarer

Tønnefabrikken — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>