Alf Turøy flytta til Fjørtofta tidleg på 1960-talet og starta opp med trålverkstad, først i pakkhuset ved ferjekaia, seinare i bustadhuset som han bygde. Men han var ein oppfinnsam «gründer», så rundt 1963 var han i kontakt med Protan & Fagertun (P&F), som hadde starta å produserte alginat av tare i Vormedal ved Haugesund. Dei diskuterte om det kunne la seg gjere å setje opp eit mottak av stortare og tang på Fjørtofta. Dette var firmaet positiv til og sette i gang prøvetråling i området med to ombygde skøyter frå Kvitsøy i 1967.

Prøvetrålinga viste at det var grunnlag for ein mottaksstasjon på Fjørtofta, og P&F fekk bygd Sjøhesten, ein båt laga spesielt for taretråling. Egil L. Fjørtoft henta båten omkring 1970 og dreiv han saman med sonen Ludvik og seinare Odd Sandøy. Sistnemnde var òg ein periode på Sjøhesten saman med Oddmund Otterlei. Taremottak vart oppretta i Alf Turøy sitt bygg, og fiskeverksemda flytta han til pakkhuset på ferjekaia. Det var P&F som stod bak mottaket, med Turøy som driftsleiar.

Helge og Arvid Davik var dei første på Fjørtofta med eigen båt laga spesielt for taretråling. Det var Taro, som dei sjølve bygde på kaia til Turøy i 1971. Nokolunde på same tida kom det til tre ombygde fiskebåtar: Tempo ved Torbjørn Torbergsen, Holmsund ved Egil og Ludvik Fjørtoft og Fleming ved Reidar og Terje Fjørtoft. Den sistnemnde båten dreiv berre ein kort periode, medan dei andre drifta i lengre tid.

Behovet for tare berre auka, så Helge Davik fekk i 1974 bygd seg ein ny taretrålar, Stranding. Denne hadde mykje større lastekapasitet enn Taro, som Arvid Davik no dreiv vidare åleine. Stranding vart teikna av Harald M. Fjørtoft i samarbeid med O.H. Otterlei Sveiseverksted og bygd der. Litt seinare i 1974 vart Tofting bygd til Kjartan P. og Nils K. Fjørtoft – på same plass og etter same teikningar. Sidan vart det bygd fleire av same type ved O.H. Otterlei, mellom anna ein for Torbjørn Torbergsen – Malabar, som Egil og Ludvik Fjørtoft tok over seinare.

Dette skapte mykje aktivitet både på sveiseverkstaden og på mottaksstasjonen for tare. Men sidan effektiviteten på trålarane vart fleire gonger større enn før, blei lagerplassen ved mottaket sprengt. Utviding av lokala var vanskeleg å få til, så P&F bestemte seg for å flytte heile mottaket til Steinshamn. Dei gamle sildekummane der gav rikeleg lagerplass.

Flutrål

Flutrål. Foto: Eldar Fjørtoft

Flyttinga vart gjort i 1979. Etterspurnaden etter tare berre auka etter som åra gjekk. Nye og større trålarar vart bygde. Tofting nr. 2 med lastekapasitet på over hundre tonn kom på sjøen i 1986, laga ved O.H. Otterlei. I tillegg vart Flutrål bygd på Longva Mek. Verksted i Haugsbygda for Helge Davik og Ludvik Fjørtoft i 1988.

Etter kvart vart det stor aktivitet langs kysten med taretråling, og i nokre år var det fire fjørtoftsbåtar i sving. Aksjonsradien vart utvida frå Fjørtofta og næraste omland dei første åra til strekninga Stadt – Bjørnsund på det meste. Taretrålinga er relativt strengt regulert. Områda er inndelt i teigar som trålarane får tildelt, og teigane kan trålast vekselvis med fire–fem års mellomrom.

tindetrål

Tindetrålen vart introdusert i 1972.

Dei første åra var taretråling meir som ei attåtnæring å rekne mellom turane på vanleg fiske. Etter kvart som tarebehovet for fabrikken til P&F vaks, auka også presset på dei som leverte taren, og trålinga vart fulltidsarbeid. Fangstreiskapen den første tida var som ein posetrål. Meiar gjekk etter botnen med knivar fremst som kutta taren, og taren vart samla i posen. Ein betre og enklare reiskap var tindetrålen som fanga taren mellom tindane og sleit han laus.

Dei skreddarsydde taretrålarane er nokså flatbotna for at dei skal kunne flyte på grunt vatn, og dei er breie i høve til lengda for å kunne ta mykje last. Djupna dei opererte på var frå 2–3 meter til maksimalt 30 meter. Det er ikkje tilatt å tråle djupare enn 30 meter, men så langt nede er det heller ikkje mykje tare. Dei som dreiv dette «fisket» på heiltid hadde ei alminneleg bra inntekt. No er alle saman pensjonistar, og ingen ungdomar frå Fjørtofta har følgt etter.

Kanskje all kjeften taretrålarane har fått fram gjennom tidene har skremt ungdomen frå næringa. Tråling av tare øydelegg for hummar, krabbe, fisk og andre skapningar som lever i tareskogen, påstår kritikarane. Likeins at manglande tare aukar bårekrafta og dermed skaper meir erosjon på sjøbotnen og i fjøra. Forskning har så langt ikkje påvist slike verknader.

Den siste taretrålaren på Fjørtofta, Tofting II, vart seld i 2009 til FMC (tidlegare P&F), men ein av eigarane, Kjartan P. Fjørtoft, heldt ut eit års tid til om bord som leigdemann.

Tofting

Tofting II med full last for levering. Finnøya i bakgrunnen.


Kommentarer

Tang- og tarehausting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>