Verksemda vart etablert i 1985 med Borgny Fjørtoft, Kjellfrid Fjørtoft og Nina O. Nordang som eigarar. Med seg frå starten fekk dei også Inger Johanne Fjørtoft, som hadde arbeidd på konfeksjonsfabrikk tidlegare. Kjellfrid òg hadde røynsle frå konfeksjonsfabrikk. Borgny var dagleg leiar og Nina hadde rekneskapen.

Dei tre første åra om lag heldt dei til i Nedrelid-kjellaren. Seinare bygde kommunen eit industrihus på industriområdet på Vågholmane der Systova fekk leige lokale. Nokre år seinare la kommunen huset ut for sal. Borgny og ei av dei tilsette, Bergljot Fjørtoft, kjøpte då huset og leigde det ut til Systova.

Verksemda kom i gang då Y-klær i Tomrefjord annonserte etter syersker eller nokon som kunne ta på seg leigesaum. Dei nemnde damene melde si interesse og fekk avtale om arbeid. Alle fire var på opplæring ei vekes tid i Tomrefjord og var så klare til innsats. Y-klær produserte uniformer til Posten Norge, og Fjørtoft Systove fekk i oppdrag å sy blusane. Dette gav mykje arbeid i fleire år, og på det meste var 5–6 damer sysselsett på systova.

Men etter nokre år skulle kontrakten med Posten fornyast, og oppdraget gjekk då til eit dansk firma. Dermed vart det mindre arbeid på Fjørtofta ein periode – mest småoppdrag frå forskjellige firma. Dei hadde også litt arbeid for Ulvestad Konfeksjon, som hadde kontor i Ålesund og Oslo og kjøpte sytenester forskjellige stader. Her var det også uniformer det gjekk på, som Ulvestad laga til bankar, hotell og andre firma. Etter kvart auka det på med arbeid for Ulvestad. Først var det mest vestar dei sydde i Systova, seinare også bukser og skjørt.

Men då Kåre Ulvestad vart sjuk og døydde omkring 2000, vart kontoret i Ålesund lagt ned, og dermed blei det igjen mindre arbeid på sydamene på Fjørtofta. I tillegg var det fleire og fleire firma som sende uniformssaum til såkalla lavkostland. Av større oppdrag hadde dei no bunadsskjorter for barn som dei sydde for Kids of Norway. Våren 1999 leverte dei til dømes 660 gutebunadsskjorter. Men dette var sesongprega og gav ikkje arbeid heile året.

Såleis minka driftsgrunnlaget vekk litt etter kvart, og i 2001 vart Fjørtoft Systove lagt ned og firmaet avvikla. Huset vart selt til private og er no i bruk som bustad for folk.


Kommentarer

Fjørtoft Systove AS — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>