Den spede starten på det som skulle bli O.H. Otterlei Sveiseverksted starta på kaia til Alf Turøy etter at Olav H. Otterlei hadde slutta sjøen og teke eit sveisekurs. Der på kaia dreiv han med reparasjon og skoning av tråldører (skovlar til tråling), som det var mange av i dei tider. Eit større oppdrag var å bygge ut Broegg-kaia, og Gjert Fjørtoft kjøpte inn sveiseapparat til sveising av jernbaneskjener.

Det første verkstadbygget sette Olav opp på vestre Vågholmen i 1967. Det var eit lite treskur, der Olav installerte seg, etter kvart saman med dei to første tilsette i bedrifta, Arild Sandøy i 1968 og Ole Johan Otterlei i 1969. Her gjekk det framleis i å reparere og sko tråldører, attåt ymse sveisearbeid på båtar.

Skur + betongbygg

Treskuret og bygging av betonghus.

Skuret vart snart for lite, og i 1970 bygde dei tre karane eit større hus i betong. No starta dei å lage tråldører, ikkje berre reparere det andre hadde laga. Desse var heilsveiste i stål, medan det tidlegare var ei ramme av jarn med treverk inni.

Olav H. Otterlei utvikla ei tråldør med ein knekk på midten; før var dei heilt flate. Desse dørene var meir stabile i sjøen og vart levert til ei mengde båtar i heile Noreg, og til Island, Færøyane og fleire andre land. Seinare vart det utvikla noko dei kalla foildører. Dei var sett saman av bua småplater med opning imellom slik at vatnet kunne strøyme gjennom tråldøra. Såleis vart dei lettare å drage slik at trålaren sparte drivstoff, samstundes som effekten vart minst like god. Slike dører vart mellom anna levert for Norad til India, Kina og Mosambik.

Tråldør

Ole Johan Otterlei (t.v.) og Olav H. Otterlei i arbeid med tråldører.

For å ta unna den aukande arbeidsmengda, måtte det meir folk til, og det vart trangt om plassen i produksjonslokala. Såleis vart ein stålhall og ei kai bygt i 1973/74, og nye oppdrag kom til. Kaia var bygd på dugnad av «heile Fjørtofta»; støypinga vart gjort med småelter og handemakt.

Trålarane la denne tida om frå sidetrål til hekktrål, og sveiseverkstaden fekk mykje arbeid med ombygging. Båtane vart bygde tett akter opp til galgedekk med ein port i hekken, og det vart sett på notrull og davitar. Verkstaden produserte sjølv den hydrauliske notrullen for draging av nota.

O.H. Otterlei og Fjørtoft Trål samarbeidde om å levere tråleutstyr til fiskeflåten. Saman kunne dei levere så godt som komplett reiskap til trålarane. Dei gjekk vitskapleg til verks for å kunne levere best mogleg utstyr, og mellom anna var dei i Trondheim og køyrde modellar i testtanken til NTH (NTNU). Produkta deira heldt god kvalitet og fekk godt omdøme, og dei fekk levere notbruk, tråldører og notrullar til dei fleste reketrålarane på 1970-talet.

Denne tida tok verkstaden også til med båtbygging. Den første båten var taretrålaren Stranding, bygd for Helge Davik i 1974. Den var teikna av Harald M. Fjørtoft i samarbeid med Olav Otterlei. Litt seinare same året vart Tofting levert til Kjartan P. og Nils K. Fjørtoft – bygd etter dei same teikningane som den første.

O.H. Otterlei Sveiseverksted var også delprodusent til Brattvåg Skipsinnredning (Vard i skrivande stund) og laga tre store seksjonar og hekken til skroget på ein grønlandsk båt som vart bygd der. Seksjonane vart frakta til Brattvåg, og folk frå verkstaden var med og sveisa dei samen med resten av båten.

Betonghus

Dei to første bygga på sveiseverkstaden.

Den store aktiviteten skapte trong for meir plass, og ein ny, større hall vart planlagt. Distriktenes utbyggingsfond gav tilsegn om midlar til nybygget, men då dei kom på inspeksjon under bygginga, såg dei at det vart ein god del større enn det var søkt om. Olav H. viste dei då inn på verkstaden der arbeidsfolket stod nesten oppå kvarandre, og nybygget vart godkjent og fekk midlar for full storleik. Det stod ferdig i 1981, og verkstadbygget vart då slik det står no.

I tillegg til taretrålarar vart det også bygt vanlege fiskebåtar på sveiseverkstaden, mellom andre Havflud på 42 fot til Kjartan K. Fjørtoft i 1978/79 og Monty på 61 fot til Petter Rogne i Brattvåg i 1979. Det var stor interesse for mindre fiskebåtar i stål denne tida, og det var planar om meir båtbygging. Men økonomien i bedrifta vart dårlegare utover, og det enda med konkurs i 1983.

Otterlei Industrier
Etter opphald eit års tid, kom verkstaden i sving igjen i 1984 som Otterlei Industrier A/S med Kjell Einar Fjørtoft som dagleg leiar. Olav H. Otterlei vart tilsett som konsulent og vanleg arbeidar. Husa vart gjort om til kommunalt industribygg, og Otterlei Industrier tok over maskiner og varelager. På det meste var her 14 tilsette.

I 1985 vart det starta med oppdrett av østers på Fjørtofta, og noko av utstyret dei trong, vart levert av Otterlei Industrier, mellom anna ein arbeidsflåte i aluminium. Året etter kom Gladlaks i gang, og dit vart det også levert utstyr, mellom anna ein «havtraktor» som vart utvikla ved verksemda. Dette var ein katamaran i aluminium med vassjetmotor – ein supplybåt for merdene. Taretrålaren Tofting II vart også bygt her i 1986.

Havtraktor

Arbeidsbåt for oppdrettsanlegg.

Men drifta gjekk berre ei kortare tid, og sjølv om dei tilsette skaut inn kapital, enda det med konkurs i slutten av 1987.

Fjørtoft Mekaniske
Etter eit nytt års opphald, starta Tore Fjørtoft ny aktivitet i 1989 under namnet Fjørtoft Mekaniske. Han kjøpte også bygget tilbake av kommunen. Sjølv om det no var færre fiskebåtar, vart det likevel laga ein del tråldører, og elles gjekk det på vedlikehald og reparasjonar på båtar og landbruksreiskap. Tore utvikla tråldørene vidare, mellom anna ved å bruke herda skoning, som i tillegg til større styrke var lett utskiftbare.

Delproduksjon til Finnøy Gear & Propeller var noko av driftsgrunnlaget frå 1995 til 2001, og dessutan sveising av skrogplater til Nils S. Hansen AS sine MOB-båtar i 2008–09. Verksemda har elles laga ein del opptrekksvogner for småbåtar til bruk i småbåthamner og naust. Her vart også utvikla eit regulerbart golv for bilgraver. Med dette kan ein ha heilt golv når grava ikkje er i bruk, og dessutan justere arbeidshøgda for bilmekanikaren.

Fjørtoft mekaniske

Sveiseverkstaden i 2018. Båt på land for reparasjon.

Etter kvart forsvann alle fiskebåtane frå området og dermed tok det slutt med tråldørene. Annan aktivitet er det også relativt lite av på øya, og dermed vert det også mindre på sveiseverkstaden. Aktiviteten i dag er stort sett reparasjon og vedlikehald av småbåtar, landbruksreiskap, anleggsmaskiner og andre ting. No er det ikkje berre snakk om sveising, men alt slags mekanisk arbeid, meir som ei moderne smie.

Eventuelle korrigeringar og nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Sveiseverkstaden — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>