Stongnes smie og slipp, eller mekaniske verkstad, starta så smått i 1904, då Martinus E.K. Fjørtoft flytta heim til Gyridgarden etter nokre års opphald på verkstaden til Nils N. Finnøy. Der fekk han opplæring både i smedfaget og mekanisk arbeid hjå mannen som laga den første motoren i Noreg i 1903. Martinus var alt då ein flink smed og smidde mellom anna rekkverket på Ona fyr. Vel heime får han skilt ut Stongnes frå Gyridgarden i 1905 og byggjer seg våningshus og startar sin eigen verkstad der. Firmanamnet vart M.E.K. Fjørtoft.

Båtmotor og slipp
Her på Stongnes vart det laga mange ulike produkt, mellom anna ein liten båtmotor på 3 hk som fekk namnet Fjørtoft. Første motoren var ferdig i 1908, og mange fleire vart produsert fram til 1912. Martinus hadde også agenturet for Nordre Sunnmøre på  den danske Alpha-motoren frå 1905. Stundom fekk han tilsendt delar frå den danske fabrikken som han sette saman til ferdige motorar. Han forhandla også den norskproduserte motoren Grei.

For å forenkle arbeidet med å setje inn motorar og propellar, og elles gjere reparasjonar og vedlikehald på båtar, vart det bygt ein slipp ved verkstaden så båtane kunne takast på land. Inntil fem båtar var der plass til samstundes. Dei største som har vore oppe var på 55 fot.

Reiskap og utstyr
Etter at motoren kom i bruk i fiskebåtane frå 1903 og utetter, kom det snart mekaniske innretningar om bord for å lette arbeidet, og som fekk kraft frå motoren. Det første var spelet, og det vart utvikla separate spel for draging av garn og line. Men dette vart både dyrt og tungvint, og Martinus konstruerte eit kombinert spel som kunne drage begge vegnslaga. I tillegg kunne det hive inn både kabel og anker. Dette spelet kom om bord i mange båtar både i Haram og andre stader.

På Stongnes-smia vart det laga fleire produkt til bruk i fiskeria, mellom anna rullar til å drage inn line og garn over. Eitt av dei beste og mest populære produkta som vart utvikla der, var sjølvkveilaren for snurrevad. På slutten av 1930-åra fekk dei fleste snurrevadbåtane slike kveilarar om bord. Dei var kopla til spelet og gjorde to manns arbeid ved å kveile drottane (taua som drog nota inn). Dei aller fleste kveileapparata på haramsbåtane var konstruert av Konrad og Martinus Fjørtoft og laga på Stongnes. Kveilarane vart òg spreidde langs kysten sør til Måløy og nord til Båtsfjord i Finnmark.

Av andre ting som vart konstruert og laga i smia, kan nemnast kvalharpunar. På 1930-talet var det fleire kvalbåtar på Myklebust og ein på Fjørtofta. Stonga-harpunane hadde ry på seg som svært gode «våpen», mellom anna fordi dei var så beine, og difor presise under skyting. I 1950-åra var det godt hummarfiske på Fjørtofta, og Stonga-karane konstruerte ein ny reiskap å fange dei med – glipen.

Frå fiskeri til landbruk
På det meste var det 4–5 mann som arbeidde i Stongnes smie og slipp. Då Martinus var sjuk ein periode, dreiv svogeren hans, Laurits Longva, verkstaden i to år. Martinus sine to søner, Konrad og Ola, tok til å arbeide der etter kvart som dei vaks til. Smia var arbeidplassen deira heile livet, sjølv om Ola busette seg på Steinset i Skodje. Saman med kona Kristofa dreiv han eit småbruk der og delte tida si mellom onnene heime på garden og lange arbeidsdagar ute på verkstaden.

Utviklinga i fiskeria frå 1945 og utover førde til at det minka med oppdrag og arbeid for fiskeflåten, og verksemda svinga meir over på landbruket. Første oppdraga for bøndene var å omarbeide reiskapen som var brukt med hest, som slåmaskin, plog, rive, høyvendar og fleire, slik at desse kunne nyttast på traktoren. Seinare laga dei silosvansar, traktorskuffer, plogar og skjer. Denne produksjonen var, saman med reparasjonar av landbruksreiskapar, traktorar og bilar, hovudverksemda i Stonga-smia dei siste åra.

Sjølv om oppdraga for fiskeflåten minka vekk, vart slippen framleis brukt til å ta opp båtar til vårpuss og reparasjonar. Etter Martinus si tid dreiv Konrad og Ola smia i lag, og dei to brørne samarbeidde om alt som gjekk føre seg på verkstaden. Utetter 1970-talet vart aktiviteten gradvis trappa ned, og drifta var så godt som slutt omkring 1980.

Stongnes smie og slipp

Martinus E.K. Fjørtoft (t.h.) utanfor smia saman med Ole Langset som hadde arbeid der. Den store båten er ein Otterleibåt. Biletet er frå ca. 1913 og er utlånt av Aud M. Davik.


Kommentarer

Stongnes Mekaniske Verkstad — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>