Korsong har alltid vore ein viktig og kjær kulturaktivitet på Fjørtofta, og opplysningar om slik aktivitet finst iallfall frå før 1900. Song var ein av dei jamne aktivitetane i UL Framsteg – skipa i 1894. Dei første par åra leidde lærar Lars Longva songøvingane. Sidan tok Martinus Karlsen litt songøving på møta og Lauritz E.O. Otterlei etter han.

I 1902 starta lærar Daniel Vatne eit songkor, ifølgje 25-årsjubileumsheftet til Framsteg. Det ser ut som han «tok over» koret dei hadde i ungdomslaget og dreiv det i eigen regi. Lærar Vatne reiste frå øya i 1905, og den nye som kom vart også korleiar. Det var Hans Gjerde, lærar på Fjørtofta i åra 1905–1910, og også formann i UL Framsteg eit år. Fjørtoft songlag deltok på fleire songarstemne i denne perioden.

I det nemnde heftet står det elles om bolken 1904–1914 slik: «Eit songkor arbeidde godt desse åra. Det song på lagsmøta og på festane, og var til stor hjelp for lagsarbeidet og til hugnad og glede for folket i bygda.» I same heftet står òg at «… lærar Olav Fjørtoft gav song med sitt blanda kor.» Dette var omkring 1915, og det kan godt ha vore koret som høyrde til ungdomslaget.

Edvin M. Otterlei (1901–1981) frå Rimma fortel i slektsboka si at av hans beste barneminne er når faren tok fram fela om kvelden og spela folketonar og slåttar «og so song han ofte ein undertone attåt tonane. Her var eit godt songarlag på øya i den tid.»

Det er sannsynleg at Olav Fjørtoft, som var lærar på øya frå 1910 til 1954 og organist i kyrkja åra 1910–40, var leiar for songkor heile eller delar av denne perioden. Men sikre opplysningar manglar.

På 50-årsjubiléet for losje «Vanadis» 11. november 1945 på ungdomshuset Varden var song av Fjørtoft blandakor eitt av innslaga. Festen tok til med prolog av Olav Fjørtoft, så han kan godt ha vore kordirigent òg.

Også Jenny Hoel Otterlei, som var lærar på Fjørtofta frå 1929 til utpå 1970-talet og organist 1951–1964, hadde eit kor. Dette koret, som var eit reint damekor, deltok på festar i helselaget, er det nemnt i møtebøkene deira på 1950-talet. Alt i 1940 fortel signaturen Aco i Sunnmørsposten at «…konekoret som Jenny Hoel Otterlei dirigerer er så godt at det snart kan jamstillast med mannskor, endå dei ikkje har så god tid til øving.» Og i Sunnmørsposten sin reportasje frå 75-årsjubileet til Fjørtoft kyrkje i 1953 står det at «… fru Jenny Hoel Otterlei var opptatt som dirigent for Fjørtoft kvinnekor» og at ein annan difor var organist den dagen. Koret er også nemnt i omtalen av Fjørtoft husmorlag sitt 25-årsjubileum i 1961.

David Kløve, som var lærar på Fjørtofta i åra 1955–58, var truleg den som starta det første Øyklang-koret. På årsfesten i helselaget 15/4-1956 leidde lærar Kløve songkoret Øyklang, som song to songar, står det i møteboka. «Folket er alltid glad i å høyre song. Og denne gongen var det dei unge som var i ilden. Vonar dei ofte kan glede oss med songen sin.» Dette koret er også blitt nemnt Kløve-koret.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Songlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>