Telegrafstasjonen på Fjørtofta opna i Berngarden i 1900 og stengde 8. desember 1972, då den automatiske sentralen tok over. I godt over halvparten av denne tida var det Solveig Fjørtoft – Bern-Soveig – som bestyrte sentralen og ordna kontakt mellom folk. For omverda var ho godt kjend som telefondama på Fjørtofta, og for fjørtoftingane var ho telefonstasjonen.

Solveig levde frå 1901 til 1997. I unge år var ho lærarinne, både i folkeskulen og på ymse kurs rundt omkring. Frå september 1920 til mars 1921 var ho tilsett som vikar ved folkeskulen i Brandal krins og ved framhaldsskulen i Hareid. Hausten 1921 var ho vikar i folkeskulen og hjelpelærar ved ein åtte vekers framhaldsskule på Fjørtofta.

Frå hausten 1921 til 1. juli 1928 var ho lærar i storskulepost i Øygard krins i Skjåk. I attesten frå Skjåk skulestyre går det fram at Solveig ikkje hadde full lærarutdanning, men ho var så godt likt og gjorde så god jobb at det aldri var på tale å seie henne opp.

Av formell utdanning hadde ho tre månader ved Fru Løkviks Kvinnelige Industriskole i Kristiansund våren 1932. Faga ho deltok i var nyttevev og kunstvev. Og nettopp veving og anna kunsthandverk dreiv Solveig med i alle år, både i form av kurs og som eigen aktivitet. Alt same hausten var ho lærarinne på eit vevkurs på Fjørtofta. Kurset vart halde etter planen for arbeidsskular i Møre fylke, med tilskot frå fylkesskulekassa.

Kunsten å framstille fargar av planter kunne ho òg. Eit avisinnlegg fortel om eit «fargeskeid» på Haramsøya i regi av husmorlaget der:
«Me lever i ei fargeglad tid. Frk. Solveig Fjørtoft hev nemleg vore her og lært fruene våre å koke dei gildaste fargar av det slettaste ugras som finst på bondens bø. Både frk. Fjørtoft og elevane hennar hev nytta tida vel, når dei med so småe og enkle midlar hev greidt å trolla fram so mange vene fargar.»

I 1935 var ho lærar ved eit 10 vekers farge- og vevkurs i Bondalen, tilskipa av Sunnmøre husflidslag. «Ho synte seg å vera ei dugande lærarinne som både fekk mykje gjort på kurset, og på same tid fekk elevane særs interessert i arbeidet – eit hovudvilkår for å læra noko», står det i attesten.

Frå avslutningsfesten for eit 10 vekers vevkurs som Solveig heldt i bedehuskjellaren på Moltu, skriv Sunnmørsposten sin meldar mellom anna i omtalen:
«Slik stas hev ikkje bedehuset havt fyrr. Alle ting som var upparbeidde, var utstilte, og der var mest ikkje veggjer nok. Det hekk gardinor for alle glasi, portierar for alle dører og meir til, dessutan dukar og divanteppe og kåpety. På eit langbord låg det fullt av sofaputor, handdukar, serviettar, skjortety og mykje meir. Det var ein hugnad å sjå alt dette som kvinnehender hadde gjort i stand. Frk. Fjørtoft er ei dugande lærarinne i veving som hev fenge berre vellæte der ho hev vore. Ho er òg tinga til eit vevkurs i Herøy neste år.»

Sjølv om ho heldt ei mengde kurs og var ei omtykt lærarinne, er det likevel som «Solveig på telefonen» folk hugsar henne. I høve omlegginga frå manuell til automatisk sentral i desember 1972 skriv Sunnmørsposten:
«Solveig Fjørtoft har vore styrar ved stasjonen sidan 1929. I alle desse åra har ho tent samfunnet og folket på øya på ein særs hjelpsam og pliktoppfyllande måte. Ingen trong om å stå fast når Solveig hadde vakt. I glede og sorg, i alle høve, var ho den visse til å hjelpe. For henne var øya og folket sitt beste det viktigaste.»

Ho fortel sjølv om ei hending frå krigens dagar, då det framleis var mange hus utan telefon. Ei natt med hylande nordvest ringde dei frå naboøya etter jordmor. Solveig hivde på seg kleda og famla seg innover vegane i mørkret for å varsku jordmora som budde 2–3 km lenger inne. Jordmora måtte ut i teneste og kava seg inn på Davik-kaia der ein fiskebåt henta henne medan Solveig låg over kjøkenbordet hennar og venta på ei lise i vêret til kl. 7 om morgonen.

Før telefonen var allemannseige, gjekk Solveig med både gledes- og sørgjebodskap, ho ordna både med prest og fut, dokter og sjukehus og løyste mang ein floke for folk som var i vanskar, skriv signaturen Sef. (Sevy Larsson Fjørtoft) i avisa Fylket i høve Solveig Fjørtoft sin 75-årsdag. Ho levde eit liv som i eitt og alt gjekk ut på å vere andre til hjelp, seier Sef.

Solveig stod sjeldan fast når det gjaldt å finne fram til rette personen, og sentralen fungerte ofte som ei lokal hjelpe- og opplysningsteneste.

At ho var høgt verdsett av øyafolket, synte seg på 70-årsdagen hennar. På samfunnshuset vart det skipa til fest, og frå bygdefolket fekk ho ein reisesjekk og fritt val på reisemål. Turen gjekk til Færøyane og Island der ho vitja kjentfolk og opplevde folkelivet på nært hald. For om ho var patriot og hadde eit varmt hjarte for øya og folket, hadde ho også eit ope sinn og syn for omverda.

Televerket sine øvste tillitsmenn i Ålesund var møtt fram for å takke Solveig med blomar og gåver for lang og tru teneste då stasjonen vart nedlagt. Også frå direktoratet i Oslo var det ei vakker gåve med inskripsjon. Etter 43 år på jobb – mange av åra som døgnvakt – var det velfortent honnør.


Kommentarer

Solveig Fjørtoft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>