I tidlegare tider vart det i stor grad slakta heime på gardane av gardsfolket sjølve. Mindre dyr som sau vart slakta av eigaren fram til 1960-talet. Til større dyr måtte det kunnige folk til som hadde høveleg utstyr. Mange plassar var det gjerne ein mann eller to i bygda som hadde lært seg faget og stod føre slaktinga. I relativt nyare tid dreiv Arnold Fjørtoft og Inge Otterlei med slakting på Fjørtofta. Inge hadde vore i slaktelære på Stranda. Den dagen det vart slakta, åt dei ikkje kjøt på garden, og Inge har fortalt at det vart mange potetball-middagar.

Tidlegare var det omreisande slaktarar som reiste rundt og slakta for folk. Ein av dei som var mykje på Fjørtofta, var Slaktar-Johan – Johan J. Austnes frå Haramsøya. Han drog rundt på gardane og slakta, men brukte òg Malibuda som slaktehus. Den låg nærast damskipskaia, så det var kort veg å få dyra om bord i rutebåten. Slakta tok han med seg heim til Austnes, der han hadde slaktarforretning. Noko reiste han òg til Ålesund med og selde der. Ei soge går på Fjørtofta om at Slaktar-Johan takka nei til ein kjøtkakemiddag på Låna då han fekk høyre at kjøtkakene var laga av hans kjøtdeig.

To andre slaktarar som opererte på her på øya, var Hans Flem og Odd Longva. Dei tok med seg kjøtet til slaktarforretningane sine i Brattvåg. Det vert fortalt at då Odd Longva fór med merra, lét kona på garden vere å ete Longva-pølser i tre år.

I gamle dagar var slaktetida om hausten, og då slakta dei alt dei trong for eit år. Alt på dyra vart nytta. Av blodet vart det laga blodpølse med tarmar som «hylster» og sauetalg og kanskje rosiner som krydder. Mesteparten av kjøtet vart salta og brukt til kokemat gjennom året. Noko vart hengt opp til tørk etter salting, som saueribbe og sideflesk. Saueribba var julemat. Av skinnet på grisen vart det laga skor.


Kommentarer

Slakting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>