Frå 1828 vart Haram sokn med Fjørtoft kapelldistrikt delt i tre skuledistrikt. Nøre skuledistrikt femnde om Fjørtofta, Uksnøya, Myklebust, Longva, Rogne og Nogva. I 1837 var det 61 skulepliktige born i nordre distrikt. Læraren var «afgivet af Militæretaten», han var 29 år og skulle halde skule 44 veker årleg. Lønna var 19 spesidalar (76 kroner).

Kvart skuledistrikt var delt i roder som læraren alternerte mellom. Kvar lærar hadde fem roder, så det tok si tid før han kom rundt. Såleis hadde borna undervisning i tre–fire veker og så fri i tre–fire månader før læraren kom att neste gong. Sjølv om foreldra hadde plikt til å «halde dei til boka» i friperioden òg, seier det seg sjølv at borna gløymde mykje av det lærte med så lange opphald.

Skulekrinsar
Frå 1861 vart kommunen delt i skulekrinsar, og då vart det meir og oftare skule. På Fjørtofta vart det to krinsar: Nøre/Søre Fjørtoft og Otterlei. Fram til 1880-talet fekk alle borna i kvar rode eller krins undervisning i samla skule, slik at der kunne vere 7–10 årskull i lag. Frå 1861 gav skulelova høve til å 2-dele skulen, og dette vart gjort dei fleste stader etter kvart som det vart bygt skulehus og omgangsskulen var skifta ut med fastskule.

Pontoppidan

Erik Pontoppidan

Attåt kristendom og lesing var skriving og rekning faste fag i skulen i Haram. Rekneboka som Olaus Fjørtoft gav ut som 14-åring i 1861, vart nytta til det kom nytt mynt- og vektsystem i 1878. Eit stort framsteg i kristendomsundervisninga var å byte ut «Pontoppidan» med bibelsoge.

Betre lesebok
I 1863 kom stiftsprost P.A. Jensen si lesebok i tre band – «Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet». Denne var mykje betre pedagogisk oppbygd og hadde eit heilt anna og meir allsidig stoffval enn tidlegare lesebøker. Mellom anna inneheldt leseboka både historie, landkunne og naturfag, slik at ho vart til stor framhjelp for folkeopplysninga.

Kristendomsfaget hadde framleis heidersplassen i skulen, men det vart lagt stadig meir vekt på andre fag. Det skulle vere skriftlege øvingar i «morsmål» (dansk), og kvar elev skulle ha si eiga reknebok slik at dei kunne øve meir i rekning enn før.

Lærelyst og skulehus
Skule og opplysning kom i stadig høgare kurs mellom folk og styresmakter, og trongen til større kunnskap melde seg sterkare hjå ungdomen òg. Såleis vart den første framhaldsskulen i Haram skipa i 1876. Det var eit kurs på 9 veker med 33 timar i veka. Året etter fekk Haram tilskot til tre framhaldsskular (også kalla friskular), ein av dei på Fjørtofta. Det vart også skipa kveldsskular for ungdom. Framhaldsskulen var frivillig og kosta pengar, men mange gjekk der likevel.

Trongen til ein fast skulestad melde seg også stadig sterkare. Både styresmaktene og folket innsåg at fast skule ville styrke opplæringa. Men det var klart at krinsane måtte sjølve bere mesteparten av utgiftene med oppføring av skulehus, kommunen hadde ikkje økonomi til å klare dette. Frå midten av 1880-talet gjorde likevel den eine krinsen etter den andre vedtak om å bygge skulehus.

På Fjørtofta ville dei helst ha to krinsar og to skulehus. Men skulekommisjonen sende saka tilbake gong etter gong og bad dei vurdere å slå saman krinsane og bygge eitt skulehus for heile øya. Fjørtoftingane fekk likevel til slutt viljen sin, og Fjørtoft skulehus stod ferdig i 1891 og Otterlei skule i 1892. Amtet (fylket) gav noko støtte til skulebygga.

Framgang med ny skulelov
Skulelova av 1889 var radikal og nyskapande. Mellom anna auka skuletida på landsbygda så det vart likt med byskulen, og landsmål vart jamstilt med «riksmål» slik at alle born skulle lære å lese begge målformer. Nye fag som samfunnslære, gymnastikk, teikning og handarbeid kom inn, det vart betre lærarutdanning og dessutan lettare tilgjenge til høgare utdanning for alle samfunnslag. I tillegg skulle folket gjennom skulestyret få meir å seie i sin eigen skule, mellom anna ved tilsetjing av lærarar og innhaldet i skulen elles. Overtilsynet med skulen gjekk over frå prost og stiftsdireksjon til skuledirektør.

Den nye folkeskulelova la stor vekt på den nasjonale oppsedinga med soge og morsmål på heimleg grunn som hovudfag ved sida av kristendomsfaget. Dette var i god pakt med det rådande venstresynet og kravet om fullt folkeleg sjølvstyre. Det var òg inspirert av det pedagogiske grunnsynet i Grundtvig- og folkehøgskulerørsla, og nye, velutdanna lærarar med denne ballasten rykte etter kvart inn i skulestovene.

Ihuga lærarar og nynorsk
Nordahl Rolfsens lesebokPå 1890-talet vart Nordahl Rolfsens leseverk teke i bruk. Det var eit framifrå verk både pedagogisk og i innhald, og med Bernt Støylen som medarbeidar kom det med eit godt utval av nynorske tekstar. Eldhuga lærarar som var inspirert av dei nye tankane og idéane gjorde ofte også eit stort arbeid i ånds- og kulturlivet utanom skulen – i songkor, ved foredrag, i boksamlingar og med kveldskurs for ungdom. Det er sagt at folket denne tida opplevde «ein vokster i åndsliv og opplysning som er utan sidestykke i vår soge.»

Ein lang og seig kamp for å få på plass eit norsk skriftspråk i staden for det danske som hadde rådd grunnen i fleire hundre år, nådde ein avgjerande milepæl 12. mai 1885. Då gjorde Stortinget vedtak om at «landsmålet» (nynorsk) skulle vere jamstilt med «riksmålet» (nesten identisk med dansk). Dermed kunne nynorsk takast i bruk som opplæringsmål i skulen. Etter forslag frå Ola P. Longva på vegne av lærarane i Haram, vedtok skulestyret at berre ABC-bok på landsmål skulle nyttast frå skuleåret 1896/97, og at nynorsk skulle vere opplæringsmålet i kommunen frå skuleåret 1897/98.

Framhaldsskule
Som nemnt vart det skipa vidaregåande kurs for ungdom (framhaldsskular og kveldsskular) alt frå 1876. I 1946 kom lov om framhaldsskule. Den skulle vere vanleg dagskule med opptil 36 skuletimar i veka og opptil 38 veker for året. Denne skulen var frivillig, men i 1948 gav ei lovendring skulestyret fullmakt til å gjere han obligatorisk. Framhaldsskulen etter denne ordninga kom i gang i Haram i 1948.

I starten vart Haram inndelt i tre framhaldsskulekrinsar. Fjørtoft og Myklebust saman med Flemsøy/Skuløy utgjorde éin krins. Dei hadde ei lærarstilling på deling, slik at dei hadde framhaldsskule annakvart år. På Fjørtofta og Myklebust vart framhaldsskulen halden skiftevis mellom dei to stadene etter elevtalet. Første læraren her var Bjørn Sæbjørnsen (1949/50).

I Haram vart framhaldsskulen gjort obligatorisk i 1956, og dermed var 8-årig skule for alle innført.

Realskule
Ein annonse i Sunnmørsposten i august 1942 lyste etter lærar «som kan føra fram ca. 13 elevar til realskuleeksamen på Fjørtoft i Haram». Søknad skulle sendast til lærar Olav Fjørtoft. På møte i kommunestyret (som under krigen heitte «heradstinget») 24/8-1942 låg det føre søknad frå realskulen på Fjørtofta om å få nytte eit rom i Fjørtoft skulehus fritt, samt fri straum pluss kr. 100,- til reinhald. Dette vart innvilga. Cand. mag. Jan Holck Behrentz vart tilsett som lærar.

Fjørtoft realskule

Fjørtoft realskule ca. 1942-43. Nordavind var det då òg. Ukjend fotograf.

I det nye skulehuset (oppført i 1940) var det god plass, og mange ungdomar frå Fjørtofta melde seg til kurset. Alle elevane greidde eksamen våren 1944. Skulen heldt fram same hausten med endå eit «kurs», som førde fram til eksamen i 1946. Også nokre ungdomar frå naboøyane gjekk der.

I Brattvåg var det realskule frå 1944, og mange ungdomar frå øyane gjekk der gjennom åra fram til 9-årig grunnskule var innført og realskulen nedlagt i 1973.

Ungdomsskule
I 1959 kom ei ny skulelov som opna for å innføre 9-årig folkeskule. Mykje nytt kom med denne lova, mellom anna at grunnskulen skulle delast i to steg – barnesteget dei seks første åra og ungdomssteget dei tre siste. Anna nytt var at lova skulle gjelde for både bygde- og byskular. Tidlegare hadde det vore to ulike lovverk, slik at innhaldet i skulen var ulikt for bygda og byen. Vedtak om å innføre 9-årig skule i Haram vart gjort av skulestyret 31. mars 1966.

Leiande skulefolk denne tida ville ha store sentralskular for ungdomssteget for å få eit godt pedagogisk grunnlag, og det var såleis på tale å ha berre éin ungdomsskule i Haram. Ungdomsskulen burde etter planen ha eit folkegrunnlag på minst 5 000 menneske for å få til den ideelle undervisning, og nemnda som greidde ut dette spørsmålet i Haram, gjekk inn for ein sentral ungdomsskule i Brattvåg.

Men det kom mange motførestellingar, og særleg vart den lange reisevegen for øyingane trekt fram. Argumenta hadde sin verknad, og skulestyret gjekk inn for at det skulle vere tre ungdomsskular i Haram – ein på Vatneeidet, ein i Brattvåg og ein på Haramsøya. Denne siste skulle dekkje alle øyane, og kommunestyret slutta seg til dette.

Mange utkantpolitikarar meinte det nye skulemønsteret var ei sentraliseringsreform som ville vere til stor skade for dei små bygdene i utkantane. Dei kjempa for ei meir fleksibel organisering av skulen, og då det kom ny regjering med Per Borten i spissen hausten 1964, vann dette synet fram, at det måtte takast omsyn til geografien når ungdomsskulen skulle skipast. Det vart også opna for ei deling 7+2 på barnesteg og ungdomssteg.

Den nye politikken gjorde det mogleg å få på plass fem ungdomsskular i Haram. I tillegg til dei tre nemnde, fekk Fjørtofta og Lepsøya kombinert barne- og ungdomsskule. Såleis gjekk øyane frå ei mogleg katastrofe til ein positiv sideeffekt av den nye skuleordninga, nemleg at ungdomen fekk vere eit år lenger heime i staden for å reise vekk på vidare skulegang eller arbeid.

Ungdomsskulen kom i gang i 1972, og dei første åra kunne elevane i ungdomsskulen velje mellom ulike kursplanar med ulik vanskegrad. I tillegg kunne dei velje å ha eit andre framandspråk, som i praksis var tysk på våre kantar. Dette med kursplanar vart avskaffa etter ei tid, slik at alle fekk same undervisninga, med unntak av valfaga.

I 1997 vart grunnskulen utvida til 10 år og skulestart for borna samstundes sett til det året dei fyller seks. Men barnetalet på Fjørtofta minka mykje etter tusenårsskiftet, og i 2008 var det så lågt at skulen vart lagt ned. Ungdomssteget var avslutta året før, og borna herifrå går no på skule på Harøya. På øyane i Haram er det i dag ungdomsskule berre på Haramsøya. Skulestrukturen er i desse tider under vurdering, og mykje tyder på at det blir berre éin ungdomsskule i framtida på øyane (medrekna noverande Sandøy kommune) etter at Nordøyvegen er fullført.


Kommentarer

Skulesoge — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>