Utigjennom andre halvdel av 1800-talet auka forståinga både mellom dei styrande og folket for at ein fast skulestad ville styrke opplæringa. Og tanken om å skaffe eit eige skulehus modnast litt i senn. Meiningane var likevel delte, for krinsane måtte sjølve bere storparten av kostnadene med eit slikt bygg.

Då spørsmålet om skulehus kom opp for alvor i Haram på 1880-talet, ville folket på Fjørtofta helst ha to krinsar og to skulehus. Men skulekommisjonen sende saka tilbake gong etter gong og bad dei vurdere å slå saman krinsane og bygge eitt skulehus for heile øya. Fjørtoftingane fekk likevel til slutt viljen sin, slik at det kom ein skule på sørsida og ein lenger nord på øya.

Så langt Peter Hove i Haram bygdebok, Skulesoga. Ole Barman, sokneprest i Haram 1866 – 89, har ein litt annan versjon i sine «Erindringer» frå 1889:

«Heller ikke var Skolehuset færdigt paa Nordre og Søndre Fjærtoft [i 1889]. Der var 2 partier. Et vilde have 2 Hus. Det andet et. Derom tumlet Tanke og Tale sig i flere Aar. O.B. [Ole Barman] stod udenfor Striden, erkjendte dog at 2 Huse var det Bedste, dertil kom det ogsaa. Nordre og Søndre Fjærtoft slo sig sammen, kjøbte material, valgte Tomten i Midten. (…) Nu blev Davigen og Otterlei tvungne til at optage sit for sig selv.»

Fjørtoft gamleskule

Gamleskulen – litt endra. Inngangen var på eine sida.

Same kva versjon som er rett, stod det første skulehuset på Fjørtofta ferdig i 1891. Det var skulen for Fjørtoft krins (Nordre og Søndre Fjærtoft). Med i byggenemnda var Lars E., Knut J. og Knut R. Fjørtoft. Kasserar var Peter Landmark. Huset vart oppført på Berngarden i éi høgd pluss full kjellar og inneheldt eit klasserom, kammers (lærarrom) og gang. Kjellaren vart nytta til sløyd og truleg også anna undervisning innimellom.

Etter at nyeskulen stod ferdig i 1940, flytta telefonstasjonen inn og vart der verande til automatsentralen tok over i 1972. I dag er det telefonstyrar Solveig Fjørtoft sine slektningar i Berngarden som eig og brukar skulehuset til fritidsbustad.

Heilt fram til 1930 var Fjørtoft skule to-delt. Frå då av var han tre-delt, men vart atter to-delt frå 1956. Skuleåret 1891/92 var barnetalet 31, året 1910/11 var det 26 born, og i 1930/31 39 born, som var det høgste talet før samanslåinga med Otterlei i 1958.

Med høgt barnetal og tredeling i 1930, vart det trongt om plassen i det gamle skulehuset, og det måtte leigast rom hos private. Fjørtoft krins gjorde då vedtak om å bygge nytt skulehus, og skulestyret gav 30/12-1936 planen sin beste stønad. Kostnadsoverslaget lydde på kr. 38.600, og av dette skulle fylket betale 2/3.

Til tomt for skulehuset vart det kjøpt fire mål jord av Gunnar L. Fjørtoft. Arbeidet tok til i 1937. Firmaet Tennøe & Skaar i Brattvåg laga teikningane til bygget og fekk oppdraget med både oppføring og innreiing. Ein Larsen frå Trondheim gjorde murpussen og sette opp rekkverket ved den store trappa til hovudinngangen. «Dette er eit arbeid så vakkert at ein vanskeleg finn sidestykke», skreiv Sunnmørsposten i sin omtale.

Då bygget var ferdig sommaren 1940, viste byggerekneskapen kr. 39.244,39, så kalkylen slo godt til. For pengane fekk dei ein moderne skule for si tid. Den inneheldt i første høgda ein gymnastikksal som også skulle brukast til sløyd og handarbeid, eit fullt innreidd skulekjøken, materialrom og vaskerom. I andre etasje var det to klasserom, eit grupperom, lærarrom og eit rom for læremidlar. Ein fin leikeplass på tre mål høyrde med. Ute var det også planlagt ein skulehage.

Den 5. august 1940 var det vigslefest for den nye skulen. På vegner av Fjørtoft skulekrins ønskte lærar Olav Fjørtoft folket velkomne til høgtida. Sjølv om denne vigsla kunne ha gått føre seg i ei lysare tid, var det likevel å vone at dette huset vart til velsigning for alle dei unge som skulle bruke det, sa han. Sokneprest Peter Hove heldt vigsletalen og minte om Jesu ord: «Lat dei små koma til meg og hindra dei ikkje.» Dette har vore grunnsteinen i samarbeidet mellom heim, kyrkje og skule, sa Hove.

Representanten for fylkesskulestyret, Knut Grønnevet, takka skulekrinsen for det store og oppofrande arbeidet som var gjort for å reise det vakre og forseggjorde skulebygget. Ordførar Ole Skjelten ønskte krinsen til lukke med det fine huset og uttrykte von om at det måtte bli ein samlande faktor for folket. Olav Fjørtoft takka alle som hadde bidrege til å få reist skulehuset, ikkje minst bygdefolket for alle store og små arbeid dei hadde utført, og byggenemnda og krinsformannen som hadde stått på i nesten tre år.

Frå og med skuleåret 1958/59 vart dei to krinsane på øya slått saman, og alle borna skulle heretter gå på Fjørtoft skule. På denne tida kom det òg fast framhaldsskule, så barnetalet på skulen auka sterkt. Eit tilbygg vart difor oppført i 1967/68. Etter utvidinga inneheldt skulen tre vanlege klasserom, eit rom for heimkunnskap, eit aktivitetsrom, grupperom, lærarrom og rektorkontor. Dessutan eit kroppsøvingsrom og symjebasseng på 8 x 4 m, og ein idrettsplass like ved skulen. Symjebassenget var det første i Haram, og det kom folk frå andre bygder for å symje her.

I 1980 kom ei ny påbygging og oppgradering av skulehuset. Eit stort rom som kunne delast med foldedør vart på den eine sida brukt til musikkrom, på den andre til folkebiblioteket, som då flytta hit frå samfunnshuset. Vidare vart der plass til nytt rektorkontor, grupperom, rom til vaktmeisteren og dessutan to toalett. Barnehagen flytta inn på bibliotekrommet og boksamlinga til Øyatun i 1992.

Av lærarar med særleg lang og tru teneste på Fjørtoft skule kan nemnast Olav Fjørtoft (1910–54) og Jenny Hoel Otterlei (1929–72).

Otterlei krins

I juli 1890 skipa oppsitjarane i Otterleia eit partslag for bygging av skulehus, og på møte i krinsen 6. september 1891 vart det gjort slikt vedtak:
«Forsåvidt skolestyret tilråder amtsbidrag som almindelig, skal huset bygges ferdigt til utgangen av 1892. Byggekomitéen og kassereren bemyndiges til å optage et lån på alles vegne (in solidum)».

Til byggenemnd vart vald Jonas L., Ole K. og Knut P. Otterlei og Severin K. Davik. Kasserar var Ole P. Otterlei. Skulestyret tilrådde tydelegvis amtsbidrag, for huset stod ferdig hausten 1892 som planlagt og vart teken i bruk i 1893. Tomta vart utskilt frå Didrikgarden hausten 1892. Huset er bygt i éi høgd med full kjellar. I hovudetasjen var det eit klasserom, lærarrom og gang.

Otterlei skule

Bygget kosta kr. 4.128,- og fylket gav eit tilskot på kr. 1.400,-. Resten fall på krinsen. I tillegg vart mykje dugnadsarbeid utført, fordelt på oppsitjarane etter skylda på garden. Byggmeister var same mannen som bygde ungdomshuset Varden i 1914, Karl Hatlemark frå Sykkylven. Anton Lønset frå Fannestranda sette opp steingjerdet rundt leikeplassen i 1902.

Fram til 1937 var skulen todelt, og sidan dei to klassene gjekk annakvar dag, var det nok med eitt klasserom. Men då det vart tredeling frå denne tid, vart også kjellaren brukt til klasserom. Sløyd og handarbeid vart lagt samla til nokre veker på slutten av skuleåret – sløyden i kjellaren og handarbeid i klasserommet.

Barnetalet i Otterlei krins var 20 i skuleåret 1891/92, skuleåret 1930/31 var det 35, og i 1956/57 hadde skulen 22 elevar. I dei gode åra med rundt 35 skuleborn hadde skulen tre klasser, men då barnetalet minka vart det todeling igjen i 1952. Lærarane med lengst fartstid her var Lars I. Longva (1879–1902), Anna Klepp (1900–22) og Olav Fjørtoft (1910–37).

Nemnast må òg Olav Lien, som var lærar frå 1941 til 1955. Han var ein av dei som vart sendt til Kirkenes på tvangsarbeid i april 1942 då lærarane nekta å vere med på å nazifisere skulen. Det var ikkje skule den tida han var vekke, men då han kom att same hausten, køyrde han dobbel skuledag for å ta att det tapte. Eine klassa hadde skule om føremiddagen og den andre om ettermiddagen ei veke, og omvendt neste veke. Laurdag var det skule berre for ei av klassene. På denne måten fekk borna den undervisninga dei skulle ha i løpet av skuleåret.

Otterlei krins la planar for eit nytt skulehus i 1956, men skulestyret gjekk inn for å slå saman dei to krinsane på øya, noko som vart gjennomført frå 1. juli 1958. Dermed kom det ikkje noko nytt skulebygg i grenda.

Men det gamle er teke vare på og står der like fint som i 1892. Det vert halde ved like, stelt og drifta av eit lag i Otterlei-krinsen. Lærarrommet er gjort om til kjøken, og lokala i første høgda vert leigde ut til møte og samkomer av ymse slag. Kjellaren er husrom for Petter Dyrkorn-samlinga, der stein og andre gjenstandar er utstilt. Muséet er ope for publikum i sommarhalvåret.

Otterlei skule med «leikvollen», som no er rasteplass, vart utpeika til tusenårsstaden på Fjørtofta. På plassen er det oppsett ein minnestein over Henning Abelseth (prest i Haram 1755–1774), som vert rekna som grunnleggaren av grenda Otterlei. Som grunneigar gav han på 1760-talet dei første busetjarane løyve til å slå seg ned i det som då var Søre Fjørtoft si utmark.

Omkring jonsok kvart år vert det arrangert rabarbragrautfest på plassen for samvær og hyggje for fastbuande og heimvende øyingar, noko som også skaffar pengar til vidare drift av skulehuset.

 


Kommentarer

Skulane på Fjørtofta — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>