Det vart arbeidd mykje på mange frontar og i mange forum for å skape vekst og utvikling på Fjørtofta i ein periode frå 1970 til litt utpå 2000-talet. Særleg var det mangelen på arbeidsplassar som fekk folk til å engasjere seg i dette. Situasjonen fekk nokre til å kalle saman til eit folkemøte hausten 1971, og det vart valt ei eiga folkemøtenemnd og ei tiltaksnemnd. Denne siste skulle ta opp saker og kome med framlegg til folkemøtet.

Folkemøtet fekk etter kvart faste underkomitéar – ein for jordbruk, ein for industri, ein for vass-spørsmålet og ein med oppgåve å ta seg av andre tiltak som kunne stimulere busetnad og trivsel. I tillegg vart det sett ned ad hoc-komitéar for å arbeide med særskilde saker.

Tiltaksnemnda fann fort ut at ei løysing på den dårlege vassforsyninga var ein føresetnad for å få til andre ting, og kalla inn til eit møte om saka i januar 1972. Berre to dagar seinare vart Fjørtoft vassverk skipa, og i 1975 vart det nye vassverket sett i drift.

Folkemøtenemnda var også med på å få i gang «Prosjekt Fjørtoft» på 1980-talet, men aktiviteten i nemnda minka etter at dette var avslutta i 1992. I staden vart Fjørtoft øyråd oppretta i 1997 og tok meir eller mindre over funksjonen til folkemøtenemnda. Øyrådet har som føremål å engasjere seg i små og store saker bygdefolket er opptekne av. Mellom anna har dei arbeidd med prosjekt som ungdomsbustader og turstiar.

«Prosjekt Fjørtoft» bidrog i stor grad til å realisere ein del prosjekt som skapte ny aktivitet og nye arbeidsplassar. Men då den 3-årige perioden med betalt prosjektleiar gjekk ut våren 1992, vart det vanskeleg å halde det gåande på frivillig basis. Også Fjørtoftas Venner, som vart skipa i 1991, skapte positivitet og optimisme, utan å vere innretta direkte på næringsutvikling.

Nemnast må òg UL Framsteg, som på 1980-talet sette i gang tiltak for å fremje vekst og utvikling. Dei gjorde mellom anna ein del kartleggingsarbeid, og starta prosjekt som handla om næringsutvikling og jobbskaping for å få fleire ungdomar til å busetje seg på øya. Arbeidet kan seiast å vere forløparen til «Prosjekt Fjørtoft».

I kor stor grad dei ovannemnde tiltaka og prosjekta påverka utviklinga, er vanskeleg å seie. Iallfall vart det skapt nye næringar og bedrifter frå midten av 1980-talet og utover som gjekk godt og skapte mange arbeidsplassar og store verdiar ein periode.

Fjørtofta

Kommentarar og opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Samfunnsutvikling — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>