Ungdomshuset Varden, som vart bygt i 1914, brann ned til grunnen natt til 6. mars 1952. Det vart ikkje nett somla med å kome i gang med atterreisinga, viser eit brev i samfunnshuset Varden sitt arkiv. I brevet, som er datert 20. mars 1952, skriv byggeløyvekontoret i Det kongelige kommunal- og arbeidsdepartement: «Med henvisning til Deres brev av 6. ds. om gjenoppførelse av det brente bygg, …»

Opp av oska
Det høyrest smått utruleg, men då det lysna av dag 6. mars, sette Mindor Lind Fet seg ned og starta arbeidet med det nye huset ved å skrive brev til Oslo. Så vart han då også formann i byggenemnda og ei drivande kraft i oppføringa av samfunnshuset. Sidan det var rasjonering på alle slags byggevarer denne tida, ville han sondere sjansane for å få byggeløyve.

Åtte dagar seinare, den 14. mars, sende Lind Fet også ein førespurnad til Statens ungdoms- og idrettskontor (STUI) etter informasjon om statsstøtte og tippemidlar til samfunnshus.

Han var ikkje åleine lenge, for nokså snart vart ei byggenemnd nedsett. På eit allmøte 27/4-1952 vart følgjande personar valde: Mindor Lind Fet (formann), Laurits R. Fjørtoft, Leiv M. Fjørtoft, Leiv O. Fjørtoft, Solveig Fjørtoft, Per Otnes, Halldis Otterlei og Magne Otterlei.

Arkitekt Karstein Oddmund Vik frå Sykkylven leverte sitt første utkast til teikningar 5. juli 1952. Så følgjer ein lengre periode med diskusjonar, korrespondanse, fleire utkast og søknader, men i mars 1955 sender arkitekten nye teikningar i samsvar med krav frå STUI. Ei viktig endring var større breidde og høgare møne på inngangsbygget, noko som gav plass til ein stor møtesal i loftshøgda. Grunnflata på huset var 369 kvadratmeter.

Førebuingar
Den 25. oktober 1954 fekk «Ungdomshuset Varden» byggeløyve av fylkesforsyningsnemnda i Møre og Romsdal. Sjølv om det nærma seg ti år sidan krigen var slutt, var det framleis rasjonering på byggevarer. Såleis var eit vilkår for byggeløyvet at det skulle vere eit «vinterbygg». Det innebar at dei måtte kome i gang seinast 1. desember dette året og arbeide kontinuerleg gjennom vinteren og vere ferdig med bygget innan 15. juni året etter.

Dette var sjølvsagt ei så godt som umogleg oppgåve for eit så stort prosjekt med så knappe fristar, og det vart då heller ikkje noko av. Men utpå våren 1955 var dei komne så langt at det 9. mars, nesten på dagen tre år etter brannen, vart lyst ut anbod i Sunnmørsposten på byggearbeidet.

Det var bestemt at råbygget skulle vere i betong. Sand og singel vart henta på Veblungsnes. Ein stor lekter dei kalla «Langelina» vart slept frå Veblungsnes til Fjørtoftsvika av fiskebåtane Stratos og Brustind hausten 1955. Stratos låg attmed kaia og vinsja sanden på land med ein hektoliter (ei tynne på hundre liter). Heile lasten på 2.500 hl vart lest opp i tynna for hand.

Lastebilen til Olav O. Fjørtoft (Markabø) var i sving med Oddvar Otterlei bak rattet, men elles var køyrebunaden traktor og ombygd hestevogn. Det høljregna, og grusvegane vart meir eller mindre øydelagt, men sand og singel kom på plass. Det var mest gamlekarane som køyrde traktor, og det var eit under at dei ikkje for utfor kaia, så lite trena som dei var med den nye «hesten», vart det sagt.

På 1950-talet var det ikkje store lastebilar og vogntog som kom med byggevarene. Det var båt som var transportmiddelet, og når det var snakk om større parti av eitt eller anna, var det som regel å få ein av fiskebåtane til å gå og hente eller ta med når det høvde slik. Kva båtar som frakta kva varer er gått i gløymeboka for det meste, men det var Stratos som tok med takskiferen frå Alta på veg heim frå fiske. Det var nok også fiskebåtar som frakta grovdimensjonert treverk frå Åndalsnes, stein og røyr frå Innfjorden, dører og vindauge frå Brattvågen og endå meir.

Dåverande kommuneingeniør Johan Mork hjelpte med dimensjonering av takbjelkar, masseberekning av takbord og skifer på taket, og utarbeidde ei materialliste for taket. Likeins laga han liste over røyrleidningar i grunnen, plan for slukar og avløp på toaletta, og ventilasjon.

Byggestart og dugnad
Den 9. januar 1956 vart det skrive kontrakt med Brødr. Remmereit i Brattvåg om oppføring av råbygget. Arbeidet skulle vere påbegynt innan 25. april same året. Tilbodsprisen var kr 90.765,- ekskl. omsetningsavgift, som Varden etter gjeldande reglar ville få refundert.

Store delar av arbeidet vart sjølvsagt utført på dugnad. Det starta med rydding av branntomta og opparbeiding av ny byggegrunn. Dette er ikkje nemnt nokon stad i papira til Varden, men der finst ei liste datert 20/10-1957 over større arbeid som var utført til då:

Fjellsprenging 1.000 timar
Arbeid med brunn, nedlegging av vassrøyr, kloakk, septiktank 2.000 timar
Frakting og tilkøyring av sand og singel til byggeplassen 2.360 timar
Takarbeid 1.712 timar
Transport og legging av skiferstein 1.240 timar
Til saman 8.312 timar.

Av dugnadsarbeid etter dette er oppført innsetting av vindauge, legging av golv i storsal, småsal og scene, innreiing av kjøken, arbeid med sanitæranlegg og fleire andre ting. I tillegg kjem ein god del «småting» som det ikkje vart ført dugnadstimar på. For ikkje å nemne alt papirarbeidet med teikningar, kalkyler, søknader, rekneskap og rapportar som ikkje kom i noko dugnadsliste. Dette siste var det særleg Mindor Lind Fet som stod for.

Dører og vindauge og anna trevyrke vart kjøpt av Tennøe & Skaar i Brattvåg. Ein god del material av grovare dimensjonar vart henta frå A/S Romsdalsbruket på Åndalsnes, medan J. Johansen og Jarn & Fargar i Brattvåg leverte rør og jarnvarer av ymse slag. Betongstein og røyr kom frå Ulvestad Cementfabrikk i Innfjorden. Haram kommunale kraftverk v/Laurits L. Otterlei gjorde den elektriske installasjonen.

Kostnad og finansiering
Fram til 1960 om lag var det lagt ut omkring 250.000 kroner i kontante pengar. Av inntekter fekk dei kr 65.000 i statstilskot og tippemidlar og kr 35.000 i trygdesum for det nedbrente ungdomshuset. Kommunen løyvde 5.000 kroner og gav dessutan garanti for eit lån på kr 40.000 i Haram Sparebank. Pengar kom elles frå lag og foreiningar, gåver og innsamlingar på øya.

Når var huset ferdig?
I brev til Skatteinspektøren 16/2-1957 skriv byggenemnda: «Vi har von om å få huset så pass ferdig i slutten av 1957 at vi kan taka det i bruk. Men ferdig vert det ikkje.»

Fløysalen «vart gjort i brukbar stand» og teken i bruk 2. juledag 1957, ifølgje møteprotokoll av 5/1-1958. Men mykje arbeid stod framleis att. Det vart inngått avtale med eit firma om pussing av murane, som skulle vere utført til 17. mai 1958. Av anna arbeid som vart utført i 1958 kan nemnast legging av golv i møtesal, scene, galleri, vestibyle og kjøken, måling av huset utvendig og vestibylen innvendig og fylling og planering rundt huset. Framleis stod det att å legge kledning i taka, innreiing av kjøkenet, få scena i brukbar stand og ymse anna.

Dokterkontor og venterom vart gjort ferdig til bruk i 1959, og kinorommet skulle innreiast det året. I 1960 fekk husmorlaget løyve til å setje i stand to rom under scena til bruk for barnekontroll, og same året tilbaud bondekvinnelaget hjelp til å sette i stand kjøkenet.

I alle høve var samfunnshuset Varden klart til bruk hausten 1960, for då gifta Inge Otterlei seg med Aase Flem og heldt stort to dagars bryllaup på huset. Husleiga skulle vere kr 75,- pr. dag for bryllaup inntil kjøkenet vart sett i betre stand, vedtok styret i samfunnshuset på møte 10/8-1960.

Kva tid eit slikt hus er ferdig, kan som regel diskuterast; heilt ferdig vert det vel aldri. Så seint som i 1969 mangla det tetting og kassekledning rundt tak og rafter på heile huset. Vinterhalvåret kunne det vere utriveleg å bruke huset på grunn av kulde og sno når det bles ute. Kassekledning vart montert i 1970/71.

Renovering
I samband med at NGU skulle ha landsmøte på Fjørtofta sommaren 1973, vart det gjort eit krafttak på Varden for å få sett huset i presentabel stand til storhendinga. I årsmeldinga for 1973 er opplista alt arbeidet som vart gjort:

Ute vart det støypt ein murkant på vestsida og fylt på store mengder stein og pukk slik at det kunne planerast og grusast rundt huset. Det vart også lagt nye kloakkrøyr og nytt avløp frå kjøkenet. På taket vart det skifta ut ein del heller, og på mønekammen over fløysalen vart det lagt papp.

Inne vart fløysalen sett i stand. Med grunnlag i forslag frå interiørarkitekt Kirsten Haugerud i Brattvåg, vart det lagt bjelkar og plater under taket, panel og tapet på veggane, golvet slipt, beisa og lakka, det vart innkjøpt møblar, hengt opp gardiner og lagt opp ny installasjon for belysning.

På kjøkenet vart det kjøpt inn og montert ny innreiing, nye kablar for komfyren vart lagt, og den store varmtvasstanken reparert. I storsalen vart golvet slipt og lakka, og lysarmatur og nye lampettar montert. Vestibyla fekk garderobe, møblar, nye gardiner og varmevifte. På toaletta vart det nedvaska, måla og oppsett nye lampar, i billettluka vart det lagt flis på golvet, og på dokterromma vart det lagt plater under taket og på veggane.

Framfor scena vart det oppunder taket montert fire faste prosjektørar og ein motorisert fargeskiftar, og på sjølve scena vart det også montert ei rekkje prosjektørar. Lysanlegget vart kopla til eit kontrollpanel saman med hovudlyset for salen og galleriet.

Kinorommet vart utvida til det doble på bekostning av galleriet, og det vart innkjøpt to framvisarar for 35 mm film og cinemascope frå den nedlagde kinoen i Straumgjerde. Innkjøpt vart også 190 brukte kinostolar frå Friheim kino i Langevåg. No vart det då også kino kvar søndag på Fjørtofta.

For å få alt dette til, var det fullt køyr vinteren og våren fram til landsmøtet starta, og mange brukte ein stor del av fritida si på den store renoveringa. Om lag 6.000 dugnadstimar gjekk med. Likevel vart det kontante utgifter på kr. 119.000. Finansieringa var slik: Eigenkapital kr 14.000, GU-laget Øykameraten kr 31.000 (overskot på landsmøtet), lån i Haram Sparebank kr 25.000, underskot 49.000 kroner.

Økonomi
I 1978 fekk samfunnshuset kr 15.000 i statleg bumiljøtilskot, men samstundes vart det klart at alle vindauga var roteskada og måtte skiftast ut. Tilbodspris på vindauga var kr 51.000 ekskl. moms. Den pressa økonomiske stoda vart yttarlegare svekka av at Haram Sparebank og dokterkontoret flytta til andre lokale, og biblioteket skulle flytte når påbygget til skulen var ferdig.

Aprilfilm leigde heile samfunnshuset i oktober 1978 for å filme «Kjærleikens ferjereiser». Det gav ei kjærkoma inntekt på 25.000 kroner for ein knapp månads okkupasjon.

I ein søknad om kommunal stønad i 1979 viste styret til den skeive fordelinga av kommunale midlar til samlingshus mellom private hus og kombinerte skule/samfunnshus, der kommunen dekkjer mykje av driftsutgiftene. Men søknaden gav dårleg utteljing, og huset måtte klare seg sjølv som før med leige frå brukarane og støtte frå lag og foreiningar og øyafolket elles.

I skrivande stund er det rundt førti år sidan den ovannemnde søknaden vart send, og mykje vatn har runne i havet sidan den tid. Men noko fast kommunal støtte til drift av dei frittståande samlingshusa er framleis ikkje i sikte. Samfunnshuset Varden har likevel halde det gåande i rundt rekna seksti år i desse tider, til nytte og glede for fjørtoftsfolket og andre.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Samfunnshuset Varden — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>