I 1985 sette UL Framsteg i gang eit prosjekt om næringsutvikling og jobbskaping på Fjørtofta for å få fleire ungdomar til å busette seg på øya. Det vart mellom anna gjort mange undersøkingar for å kartlegge situasjonen, registrere fysiske og menneskelege ressursar og å finne ut kva folk meinte som skulle til. Det vart også arrangert ekskursjonar til andre bygder for å sjå på utviklingsprosjekt der.

Vidare vart det arrangert fleire «optimistmøte» for å diskutere kva som kunne gjerast og få fram idéar om tiltak. Av konkrete aktivitetar som var påtenkt eller sett ut i livet kan nemnast plasbåtfabrikk, produksjon av smykkestein, nye fiskeprodukt, oppdrett av nye marine artar, bil-/landbruksverkstad og reiselivsprosjektet Taremareby.

Eit hinder for å få unge familiar til å slå seg ned på Fjørtofta, var vanskar med å skaffe seg bustad. For å bøte på dette kom det framlegg om at kommunen eller ein stiftelse på øya skulle bygge ein gjennomgangsbustad for ungdom. Ordføraren i Haram stilte seg òg positiv til at unge familiar som ville flytte tilbake skulle kunne få gratis tomt i byggefeltet.

Eit anna minus for barnefamiliar var at det var berre korttidsbarnehage på øya, som ikkje var bra nok for foreldre i arbeid. Såleis vart det arbeidd med å få til eit kombinert klubbhus og barnehage som kunne gi meir plass og lengre opningstider. Etter kvart vart det endra til å prøve å få kommunal barnehage i lokale på skulen.

I 1986 vart det halde eit stort «optimistmøte» med ein del fagfolk og ordføraren til stades, der det kom fram fleire idéar om ny næringsverksemd. Nemnt vart å legge ut eit område for pelsdyroppdrett, som på denne tida var svært lønsamt. Der kunne det byggast fleire farmar for å skape eit miljø. Ein annan idé var å anlegge ein båtstasjon for feriefolket, som kunne vere eit treffpunkt med kafé, dusj, toalett, vaskemaskin og sykkelutleige. Fiskerirettleiaren lanserte tanken om skjeloppdrett.

Etter to års innsats i UL Framsteg var det klart at det måtte nye krefter til for å kome vidare og skape konkrete resultat, og ungdomslaget sitt arbeid gjekk over i Prosjekt Fjørtoft. På det nemnde optimistmøtet vart det skissert eit opplegg der ulike grupper hadde ansvar for bustad, næring, kultur osv. med ei leiargruppe på toppen og ein lønna person i spissen.

I ein tiltaksplan for jordbruket på Fjørtofta av 23.01.1987, skriv heradsagronom Nils Sanden at jordbruket dei seinare åra har hatt ei negativ utvikling, og at øya er i ein sårbar situasjon generelt. På hans initiativ oppnemnde så fylkeslandbrukssjefen ei arbeidsgruppe (nemnt styringsgruppe nedanfor) med følgjande medlemar:

Fylkesagronom Asmund Fredly, formann
Ordførar Svein Ottar Sandal, nestformann
Fylkesagronom Kåre Stubø
Bonde Borghild Reenskaug
Heradsagronom Nils Sanden, sekretær

Arbeidsgruppa hadde sitt første møte i Brattvåg 26/3-1987 for å utarbeide ein tiltaksplan for Fjørtoft. Borghild Reenskaug orienterte om arbeidet i ungdomslaget, kva tankar og idéar som hadde kome fram i arbeidet og kva vanskar dei hadde støytt på. Heradsagronomen fortalde at landbruksforvaltninga engasjerte seg på grunn av den negative utviklinga på Fjørtofta, og at landbruksnemnda hadde vedteke å prioritere Fjørtofta i tildeling av investeringsmidlar m.m.

Det var semje om at eit lokalt organ på Fjørtofta burde arbeide med tiltaksarbeid, og at det ville vere ein fordel å engasjere ein person som arbeidde særskilt med tiltaksarbeid på øya ein periode. Arbeidgruppa arrangerte same året ein studietur med fjørtoftingar for å sjå på reiselivstiltak, fellesområde for pelsdyr og tiltaksarbeid i Eikesdal.

Også Fjørtoft folkemøtenemnd sluttar seg til forslaget om eit lokalt organ for å drive tiltaksarbeid på Fjørtofta, og oppmodar Haram kommune om å ta initiativet til å få sett i gang dette arbeidet snarast. Dei strekar under at det er naudsynt med ei stilling for ein person som kan arbeide med prosjektet.

Styringsgruppa meinte at det ville vere mest effektivt å sette ned lokale arbeidsgrupper for ulike fagområde og foreslo grupper for industri/handverk, fiske/havbruk, landbruk, reiseliv og kultur/samfunn. Fjørtoft folkemøtenemnd fekk i oppdrag å oppnemne dei fem gruppene. Det vart skissert eit budsjett for heile prosjektet på kr 400.000.

Det tok si tid å få prosjektet godkjent i ulike instansar, skrive søknader til departement og andre institusjonar og å få formalitetar og finansiering på plass. Men tidleg i 1989 var det endeleg klart for å lyse ut ei delstilling som leiar for Prosjekt Fjørtoft, og på møte i Haram formannskap 18/4-1989 vart Kjell Einar Fjørtoft formelt engasjert som lokal koordinator. Kommunen hadde også vedteke å yte kr 175.000 til prosjektet.

Prosjektleiaren sin jobb var å samordne arbeidet i gruppene, hjelpe til med å lage prosjektplanar og skrive søknader, innhente informasjon, utarbeide bakgrunnsmateriell og skaffe kontaktar for personar som ville etablere ny verksemd. Han fekk kontorplass i Sparebanken Møre sitt bygg, seinare i lokala til Fjørtoft Systove.

Etter at prosjektleiar var tilsett, fekk aktiviteten i Prosjekt Fjørtoft ein oppsving. Kjell Einar hjelpte arbeidsgruppene med å kome i gang, mellom anna ved å gi dei konkrete oppgåver, og støtta elles med råd og dåd. Det var ikkje alle gruppene som fungerte like bra, men samla gav aktiviteten likevel eit brukbart resultat og førte til ein auke i aktivitetsnivået generelt på øya.

Frå ymse referat i 1989 og prosjektlearen si årsmelding for 1990 er det nemnt påtenkte eller igangsette tiltak som Prosjekt Fjørtoft var meir eller mindre involvert i:

Fjørtoft Systove – Etablert 1985 av Borgny Fjørtoft, Kjellfrid Fjørtoft og Nina O. Nordang. Dei starta i Nedrelid-kjellaren og kom seinare inn i kommunalt utleigebygg, der også prosjektleiar Kjell Einar Fjørtoft fekk kontor etter kvart.

Pyntegrønt – Margit Otterlei og Marit Øren. Dei har utdanning innan gartnerifaget og arbeider på blomsterforretning i Ålesund. Har fått kr 65.000 i stønad frå LUF (Landbrukets utviklingsfond) og vore på studietur og kome i gang med produksjon på to ulike stader på øya.

Bergverksdrift – eit selskap som driv med bergverksdrift, Stokke A/S, kontakta kommunen fordi dei meinte å ha funne svært lovande førekomstar av granathaldig eklogitt på Fjørtofta.

Fjørtoft Fisk A/S driv med slakting og pakking av laks. I tillegg leverer dei is i samband med dette, og også til fiskebåtar. Bedrifta arbeider med planar om å starte vidareforedling av laks, eller nye produkt med laks som råvare. Bedrifta vil bygge eit 300 kvm stort bygg som skal romme sosialrom, kontor og evt. eit produksjonsrom.

Fjørtoft Fiskeoppdrett ved Yngve Fjørtoft – oppdrettsanlegg for torsk. Har fått kr 55.000 i tilskot frå LUF. Skal drivast i kombinasjon med kjøtproduksjon på heimegarden.

Davik Fiskeoppdrett A/S driv med produksjon av kveiteyngel og har fått fram ein del, sjølv om dette på langt nær kom opp i den mengda som trengst for å drive lønsamt. Selskapet har likevel møtt velvilje frå m.a. DU (Distriktenes utbyggingsfond) og satsar friskt framover mot gytesesongen 1991.

M/S Broegg – ein heilt ny trålar som tok til å fiske i januar 1990, gir arbeid til fleire personar på øya. I tillegg til dette leverer båten mange fangstar direkte til trailer på kaia på Fjørtoft. I slike tilfelle er det Fjørtoft Fisk A/S som leverer is.

Scancool A/S arbeider med ein ny metode for kjøling og preservering av fersk fisk. Selskapet, som er registrert på Fjørtofta, har verdspatent på denne metoden. NFFR (Norges fiskeriforskningsråd) har løyvd kr 265.000 til eit samarbeidsprosjekt med Sintef.

HATARI driv med produksjon av Lamina-stiftar, eit produkt basert på tørka stokktare som råstoff. Produktet er til medisinsk bruk. Dei to kvinnene som står bak dette prosjektet, Aud Larsen Davik og Hilde Økland, fekk kr 90.000 i etableringsstipend frå DU og er no i gang med produksjon i ei eldre sjøbu på Fjørtoft.

Fjøskrakken – husflidsverksemd; Sonja Fjørtoft og mora Solveig fekk kr 55.000 i LUF-tilskot til etablering av denne verksemda. Dei er i gang med produksjon av ymse produkt i veving, sying, strikking og lappeteknikk.

Barnehage/fritidsheim – eit opplegg utanom det vanlege som m.a. barnehagekonsulenten var svært interessert i og meinte det kunne bli eit forsøksprosjekt av.

Vaker Industri – undersøke om det går an å skaffe seg produksjon av manuell lodding av kretskort.

I 1990 fekk verksemder som Prosjekt Fjørtoft «var borti» til saman over 600.000 kroner i tilskot frå ulike instansar som DU, NFFR, LUF o.fl.

I 1991 er også desse nemnt:

Fjørtoft Plast
Fjørtoft Fiskeoppdrett
Hummarprosjekt ved Fjørtoft fiskarlag

Engasjementet til prosjektleiaren var slutt våren 1992, og prosjektet vart formelt avslutta. Det vart overteke og vidareført av   Utan ein betalt leiar minka aktiviteten, og Prosjekt Fjørtoft sovna etter kvart inn.

Det er vanskeleg å seie kva som kom ut av prosjektet på litt lengre sikt. Samfunnsutviklinga gjekk i feil retning, og mange av dei som kunne ha utvikla næringslivet på øya hadde reist. Men truleg hadde prosjektet betydning for innføring av utegangarsauen og for reiselivsprosjekta som kom i gang i ettertid.

Kommentarar og nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Prosjekt Fjørtoft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>