Første posthuset i Haram vart oppretta 1. januar 1861 med namnet Harham Postaabneri. Postkontoret var i prestegarden på Lepsøya med soknepresten som postopnar. Det fungerte slik at presten tok med seg posten til kyrkja og delte den ut der. Så mange breva var det nok ikkje. Den første tida vart posten sendt «ved leilighet», men seinare fekk dei Aalesunds Dampskibsselskab til å gå innom Kjerstad ein gong i veka. Frå 1869 vart det bestemt at Austnes skulle vere stoppestad for rutebåten, og posthuset vart då flytta dit.

I løpet av dei neste 30 åra etter det første posthuset kom det postopneri på alle øyane. I åra 1877–79 fekk Det nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab statstilskot for å frakte post mellom anna på ruta «Aalesund–Fjærtoft–Harø 1 Gang ugentlig». Såleis kom Fjærtoft Postaabneri i gang på damskipsstoppestaden Davig 1. juli 1878. Poststyrar var Hans Didriksson Otterlei (frå Gjerdet), og postlokalet var i huset hans. Men då rutebåtselskapet gjekk konkurs og sambandet forsvann, vart postkontoret nedlagt 1. oktober 1879.

Nytt postopneri med namn Fjertoft vart etablert ved kongeleg resolusjon av 22/12-1884 og vart verksamt frå 1. juli 1885 med «ugentlig» bipostrute til/frå Haram postopneri. No var det neste generasjon i Gjerdet, Peder H. Otterlei, som vart poststyrar, og kontoret var framleis i huset.  Stillinga hadde han heilt til 1933. Sonen Johan var mellombels styrar i tida 16/6–30/9-1933.

Frå 1891 vart det oftare postgang med rutebåten til Søndmøre Dampskibsselskab, og frå 1894 fekk poststaden namnet Fjørtoft.

Den 1/10-1933 tok dampskipsekspeditør Einar O. Fjørtoft på Nes til som postopnar. Dottera Oddlaug dreiv i praksis postopneriet ein del år. Kontoret var på Davika, i huset til Martinus R. Davik, der det også var landhandel.

Albrekt Nedrelid, svigerson til Einar O. Fjørtoft, tok over som poststyrar frå 1/7-1950, og i 1953 vart postkontoret flytta til huset hans. Albrekt var også landpostbod frå 1/1-1953.

Haramsnytt skriv 30/6-1972:
«Fjørtoft postopneri tok måndag i bruk dei nyinnreidde postlokala i postopnar Albrekt Nedrelid sitt bustadhus. Postverket har skaffa skranke, bokseanlegg og det postale inventar. Elles har postopnaren sjølv kosta og stått føre ominnreiinga av postlokala. Veggane er kledd med eikepanel og det er lagt varmekablar i golvet, som også har teppefilt i publikums- og ekspedisjonslokalet. Postfullmektig Lindvik frå postkontoret i Ålesund var til stades ved opninga og overrekte blomar frå Postsparebanken til postopnaren, til dagens første ordinære postkunde, fru Jorun Davik, og til første postsparebankkunde, fru Kjellaug Fjørtoft.»

Postopneriet fekk nemninga underpostkontor i 1973 og fekk status som postkontor C i 1976.

Då Albrekt Nedrelid vart sjuk i 1981, tok sonen Einar over mellombels fram til Synnøve Fjørtoft vart tilsett som styrar og landpostbod frå 1/2-1982. Same året flytta posten inn i nye lokale i Sparebanken Møre sitt bygg. Seinare, i november 1997, vart det post i butikk på Fjørtoft Handelslag. Synnøve følgde med dit og er framleis styrar og ombringar av posten.


Kommentarer

Posten Fjørtoft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>