Alle personar som lever og har levd har sjølvsagt ei historie. Somme av dei utmerkar seg på ein eller annan måte eller står fram litt tydelegare enn dei fleste av oss. På Fjørtofta som alle andre stader er det eller har det vore personar som har gjort ein ekstra innsats på eit felt eller utmerka seg på anna vis.

Nokre av desse vert omtalt på desse sidene, og omtalen skal etter planen inn i bygdeboka. Alle vil kanskje ikkje vere enige i utvalet som er gjort – slik vil det vel alltid vere. Men eit utval må gjerast, og eg har plukka ut dei som etter mitt skjøn høver til å bli omtalt.

Elles vil mange andre fjørtoftingar bli omtalt i større eller mindra grad i samband med historier innanfor dei ulike kategoriane som går fram av hovudmenyen i høgre kolonne (under Startside).

Som vanleg set vi pris på kommentarar, synspunkt, nye opplysningar, bilete osv.


Kommentarer

Framståande personar — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *