Palmar Fjørtoft vil bli hugsa i Haram først og fremst for sin innsats som lokalhistorikar. Utan hans trottige arbeid over fleire tiår med å finne tak i og gjere tilgjengeleg historisk dokumentasjon om våre bygder, ville dei fleste av oss ha ein god del mindre kunnskap om vår eiga fortid, og bygdebøker som denne ville ha blitt mykje tynnare.

Palmar var med og skipa Haram kulturhistoriske lag (HKL) i 1972 og var med i styret heilt til 2009, ein periode på 37 år! Han var i sitt åttiande år då han gav seg. Frå skipinga og fram til 2004 var han formann i laget med unntak av to år. Men sjølv om han sa frå seg attval som styremedlem, tok han på seg arkiveringsarbeidet i laget og har gjort eit svært arbeid med å samle og ordne store mengder dokument.

Palmar Fjørtoft hadde ei sterk interesse for historie og såg verdien av å dokumentere ikkje minst den lokale historia og gjere den tilgjengeleg og kjend for folk flest. Forutan å finne fram historiske opplysningar, har han difor også levert mange bidrag til HKL sine årbøker og andre skrift. I årboka for 2010 – det året han gjekk bort – hadde han ikkje mindre enn to artiklar, ein om livet som fiskar i 16-årsalderen og ein frå tida som utanriksseglar.

Frå 1975 var han vaktmeister ved Fjørtoft skule og vart brukt til anna enn vedlikehald og reparasjonar av bygget. Når skulen hadde tema og prosjektarbeid som kravde lokalhistorisk kunnskap, var det lett å be Palmar steppe inn som lærar. I tillegg kom fotokunnskapane hans til nytte på skulen.

Største innsatsen har nok likevel vore å leite fram og skrive av gamle dokument som folketeljingar, kyrkjebøker, skiftedokument, tingsaker, auksjonar og mange andre kjeldeskrifter frå eldre tid i Haram. For ikkje å nemne slekter og slektshistorie. Dei eldste av desse dokumenta er nærmare 350 år gamle og handskrivne på gammalt, snirklete dansk språk, så dei er slett ikkje lette å tyde. I tillegg måtte Palmar lære seg gotisk skrift, som vart brukt fram til midten av 1800-talet. Han har også halde kurs i lokalhistorie og i kunsten å lese og forstå gotisk skrift.

Den som har kika litt i protokollar og dokument frå før skrivemaskina si tid, veit at det er eit tidkrevjande tolmodsarbeid å hente ut informasjonen som ligg der. Ikkje alle skrivarane tenkte vel på at Palmar Fjørtoft eit par hundreår seinare skulle prøve å lese det dei sette ned på papiret, så i mange høve kan det vere strevsamt nok å tolke handskrifta i dei gamle tekstane.

Likevel har Palmar gått gjennom tusenvis av handskrivne sider og konvertert dei til maskinskrift og såleis gjort dei lett lesbare for andre. Somme typar dokument, som til dømes folke- og jordbruksteljingar, har han skrive av og bunde inn i hefte.

Som nemnt vart Palmar HKL sin arkivar då han gjekk ut av styret. I denne funksjonen gjorde han òg eit stort og viktig arbeid for ettertida. Han samla og ordna i boksar og permar ei stor mengde historisk materiale som no er bevart i Haram kommune sitt arkiv på IKA – interkommunalt arkiv lokalisert til fylkesbiblioteket i Ålesund. Forutan det ovanfor nemnde, er her alt frå rekneskapsbok for Fjørtoft smørmeieri via møtebok for losjen «Vanadis» og forliksprotokoll for Haram 1887–1907 til notat om skipsvrak i Nogvafjorden.

Palmar var samfunnsengasjert og deltok aktivt på mange felt. Til 100-årsjubiléet for Fjørtoft kyrkje la han ned eit solid arbeid med eit jubileumshefte som fortel om arbeidet med kyrkja og drifta av henne i hundre år. Slike historiske attersyn har han òg laga ved fleire andre høve. Han var med i kommunestyret i tre periodar og fleire kommunale nemnder – sjølvsagt også i nemnda som arbeidde for å få laga ei ny bygdebok (denne).

Haram kommune sin kulturpris fekk Palmar i 1993 for sin innsats med lokalhistoria. I grunngjevinga for tildelinga er det ført opp ei lang liste med historisk arbeid Palmar har gjort, og den store verdien av dette er summert opp i éi setning:

«Han har synt ein makelaus trott for å samle inn og ta vare på kulturhistorisk stoff og gjere det tilgjengeleg for notida.»

Palmar Fjørtoft døydde i 2010. Trass i det veldige arbeidet han har lagt ned med lokalhistoria, tykte han nok at han hadde mykje ugjort. For historie er eit nesten grenselaust stort felt som ein aldri blir ferdig med.