Øyavind var eit jentekor (songgruppe) på Fjørtofta som starta i 1984 med Øyvind Driveklepp som musikalsk leiar og akkompagnatør. Etter eit års tid tok Frode Fjørtoft over, og under han gjekk det over til vaksenkor, og det reine jentekoret vart avslutta. Begge dei to leiarane var tilsette som eittåring i kyrkjeleg samanheng (eit års frivillig arbeid).

Det var Janne Larsen Fjørtoft saman med Liv Longva Nilsen (med bakgrunn i Fjørtoft sokneråd) som stod bak starten av jentekoret og vidare starten på eit vaksenkor saman med desse «eittåringane» som er nemnde ovanfor.

ØyklangVaksnekoret fekk namnet Øyklang, og etter Frode Fjørtoft overtok Elle Huse som dirigent. Dessverre døydde han brått etter ei korøving like før jul i 1990. For ei kortare periode i 1991 dirigerte no Liv Longva Nilsen koret før Lasse Larsson Fjørtoft tok over seinare same året og stod som musikalsk leiar resten av koret si levetid. Kårmund Larsen må også nemnast som ei viktig drivkraft i koret.

Alt etter kva som stod på repertoaret, hadde koret i mange høve tonefølgje av lokale musikarar. Trufaste medspelarar på mange av koret sine framføringar var Egil Otterlei på gitar, Ole Johan Otterlei, bassgitar, og Liv Longva Nilsen på piano og trekkspel.

Talet på songarar i koret varierte litt frå tid til tid; nokon kom og nokon gjekk, men for det jamne var medlemstalet omkring tjue. Dei faste øvingane gjekk føre seg på skulen. Framføringar vart gjort ulike stader på øya og ofte som innslag på tilstellingar som andre skipa til.

Men koret vitja òg andre plassar, til dømes Harøya der dei hadde «Syng med oss»-arrangement i lag med Harøy felleskor. Harøyingane kom òg til Fjørtofta i same ærend. Elles besøkte Øyklang Brattvågen, Sandøya, Haram kyrkje, Rogne, Sæbø, Gunnabuda på Longva og Vestrefjorden. Dessutan var koret på Hildre kulturhus i samband med ei større kulturmønstring i Haram og i Ålesund på Torgdagen i 1992.

Det var altså jamn drift og god aktivitet i koret både heime og ute i ei ti års periode. Men fram mot midten av 1990-talet minka talet på songarar, og Øyklang la inn årane for godt i 1996.

Øyklang-koret

Øyklang-koret på kyrkjetrappa pinsa 1992


Kommentarer

Øyavind – Øyklang — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>