Søndag 4. november 1945 fekk Fjørtofta besøk av GU-laget Symra frå Ålesund, som kom med revy og «agitasjonsprogram». Ungdomshuset var stappfullt og stemninga framifrå, står det i eit referat frå hendinga. Etter tilstellinga vart det stifta eit godtemplarungdomslag på øya med 36 medlemar, og det vart vedteke å melde laget inn i NGU. Namnet skulle bestemmast på første lagsmøte.

Kolbjørn Otnes hadde budd ei tid i Ålesund og hadde då vore medlem i Symra, så det var kanskje derfor dei vitja nettopp Fjørtofta. Nemnde Kolbjørn vart vald til formann i det nye laget, Hermund Fjørtoft skrivar, Ruth Osnes kasserar, Per Otnes kommisjonær og Peder R. Fjørtoft styremedlem. NGU stod for Norges Godtemplar Ungdomsforbund, og var «ungdomsversjonen» av IOGT, og storparten av ungdomen på øya vart etter kvart med i det nye laget.

Frå starten til 1950 var Kolbjørn Otnes primus motor i Øykameraten, men dette året døydde han berre 25 år gammal av poliomyelitt. Det var sorg og sakn etter han, men NGU-laget greidde ungdomane å drive vidare.

Dei første åra gjekk lagsaktiviteten føre seg på ungdomshuset Varden, men etter at det brann ned i 1952, vart aktiviteten flytta til skulen. Forutan dei vanlege lagsmøta, vart det arrangert dansefestar og haustfestar med program i gymnastikksalen. Her vart spelstykke og revyar med eigenproduserte sketsjar og viser framført. I romjula vart det alltid arrangert kameratkveld – ein fest som var berre for medlemar av NGU, men dei kunne ha med vennar frå andre stader.

Då planar for nytt samlingshus var i gang, reiste ungdomane rundt med festprogram og dans og samla inn pengar til det nye huset. Alle ungdomane på øya var med på dette. Kulissar og utstyr vart lasta om bord på fiskebåtar som stilte med gratis transport. Haramsøya, Lepsøya, Longva og Tennfjorden fekk besøk med underhaldning og dans.

I tillegg til arbeidet med å øve inn og turnere med festprogram, gjekk lagsarbeidet sin vanlege gang. Det var ein god skule i demokrati og øving i møteverksemd og lagsdrift. Faste postar på møta var sakliste, informasjon, diskusjon og protokollskriving. Protokollen skulle godkjennast på neste møte.

Frå 1960 om lag, etter at samfunnshuset Varden stod ferdig, vart medlemsmøta haldne der. Styremøta gjekk som regel på omgang heime hjå styremedlemane, men seinare fekk laget kontor i kjellaren på samfunnshuset og endå seinare i andre høgda. Dei skaffa seg tidleg eit musikkanlegg, og etter lagsmøta var det som regel diskotek på Fløysalen. Ei eiga spelegruppe hadde ansvar for innkjøp av plater og drift av musikkanlegget.

Øykameraten deltok på krinsmøte ein gong i året, vekselvis i Ålesund, Molde og Kristiansund. Dei første åra reiste medlemane til desse møta med fiskebåtar og unge skipperspirar til rors. Etter kvart vart laget aktivt med i krinsstyret og deltok i kursverksemd både regionalt og nasjonalt. Laget hadde også utsendingar på landsmøta, og medlemar sat i verv på ulike nivå i NGU. Eit uhjelpsprosjekt på Ceylon (Sri Lanka) som NGU starta på 1960-talet, hadde to deltakarar frå Øykameraten – Eldar Fjørtoft og Borge Otterlei.

At aktiviteten i laget var stor og ambisjonane høge, viser til dømes forslaget til arbeidsplan for hausten 1972:
Studiekurs/skulering
Dansekurs
Revy/teaterarbeid
Filmkveld – diskusjon
Orientering – diskusjon
Viseklubb

Endå meir aktivitet vart det våren 1973, ettersom Øykameraten arrangerte landsmøte den sommaren med fleire hundre tilreisande ungdomar frå heile landet. Mellom anna vart ei storstilt oppussing av samfunnhuset sett i verk. Til dette gjekk det med 6.000 dugnadstimar og kr 119.000 i utlagde pengar. Heile øya var med på dette, som på landsmøtet elles.

Fotballbana skulle brukast som teltleir, men på grunn av eit overhendig regnvêr, vart dei stakkars teltbuarane etter ein dag eller to innlosjerte hos bygdefolk som opna dørene sine og reidde opp senger. Sjølve landsmøteforhandlingane gjekk i starten føre seg i sveisehallen til O.H. Otterlei Mek. Verkstad. Men då regnvêret sette inn, vart det mykje lyd av bølgeblekktaket, det lak, og der var kaldt, så møta vart flytta til samfunnshuset Varden.

Flyttinga skapte litt forviklingar, ettersom samfunnshuset var disponert til annan bruk. For her var det underhaldning om kveldane som skulle førebuast og ymse andre aktivitetar som gjekk føre seg. På Ekrebuda var det nattklubb, og elles var det liv og røre så å seie døgnet rundt.

Dette landsmøtet går det framleis gjetord om i organisasjonen, og for fire-fem år sidan var eit førtitals deltakarar samla til eit «gjensynstreff» på Fjørtofta. På eit lagsmøte i etterkant av landsmøtet var det evaluering av arrangementet, og konklusjonen var ganske enkelt «kjempesuksess». Stor innsats av mange må til for å få ei tilskiping som dette i hamn, men som leiar for landsmøtekomitéen var nok Lasse Larsson Fjørtoft den som drog største lasset, ikkje minst på underhaldningssida.

I tillegg til rus- og fråhaldspolitikk, engasjerte Øykameraten seg i andre saker. Nemnt er deltaking i uhjelpsprosjektet på Sri Lanka. I åra etterpå hadde dei kontakt med GU-laget Vaddukoddai på øya, som dei hjelpte med fiskegarn og andre ting. Laget var i 1972 med i ungdomsaksjonen mot EEC (no EU), og i 1974 støtta dei innsamlinga til «Folkets fredspris» til den brasilianske erkebiskopen Helder Camara. Øykameraten var òg pådrivar for å prøve å få starta ein folkehøgskule på Fjørtofta, og tok mellom anna saka opp på NGU-landsmøtet i 1973, der ho fekk full tilslutning.

Skulering i møteverksemd og lagsdrift var viktig for laget, og det vart lagt vekt på at flest mogleg deltok i ulike aktivitetar i lagsverksemda. Eit «grep» dei gjorde var å la møteleiinga gå på omgang. Andre stader hadde det vist seg at aktiviteten kunne få ein nedtur etter eit skippertak som landsmøtet var, og for å kome ein slik reaksjon i forkjøpet, vart heile laget nyorganisert i grupper hausten 1973. Det vart oppretta ei programgruppe, studiegruppe, aksjonsgruppe og grupper for dans/drama/mime og film. Medlemane fordelte seg på dei ulike gruppene, men fleire var med i meir enn éi gruppe.

Innsatsen med landsmøtet tok ikkje all energien ut av laget, for det vart bestemt å arrangere sommarskule på Fjørtofta alt året etter. Denne gjekk av stabelen i august 1974. Og i februar 1975 skipa Øykameraten til årsmøte i Møre og Romsdal krins av NGU. Det røynte no kanskje på, for i referatet frå eit lagsmøte 29. mars står det: «På grunn av den dårlege oppslutninga på møtet, kunne ingen referere frå gruppene. Det har vore svært dårleg aktivitet i Øykameraten etter jul.»

Som i dei fleste lag gjekk aktiviteten litt opp og ned, og etter ein laber periode tok det seg opp att. Såleis var det på 1980- og 90-talet lagsmøte på Fløysalen kvar torsdag. Det var først møte, med sakliste, diskusjon, vedtak og protokollskriving. Så var det diskotek etterpå. Og laget arrangerte framleis kameratkveld den 29. desember kvart år. Men det minka etter kvart med ungdomar på øya, så Øykameraten har ikkje vore aktiv sidan midt på 1990-talet.

Mange dugande ungdomar var med og gjorde Øykameraten til eit livskraftig og kreativt lag som engasjerte store delar av ungdomen på Fjørtofta og gjorde laget kjent langt utanfor øya. Fleire fjørtoftingar hadde tillitsverv både sentralt og i Møre og Romsdal krins – til dømes Arild Sandøy, som seinare arbeidde i mange år på NGU sitt kontor i Oslo. Elisabeth Fjørtoft har halde fram i organisasjonen og er i skrivande stund styremedlem i IOGT.

Øykameraten junior
var for aldersgruppa 5. – 8. klasse. Dei heldt både styremøte, årsmøte og regelmessige lagsmøte der dei diskuterte og gjorde vedtak i aktuelle saker, og dei førte protokoll over møta. Ein programkomité skulle syte for aktivitetar og program på slutten av lagsmøta.

Av saker som var oppe til diskusjon og handsaming kan nemnast verknad av alkohol og andre rusmiddel, forbod mot røyking på lagsmøta, fjernadopsjon av eit barn i Bangladesh, støtte til hjelpeprosjektet på Ceylon, veggavis om rusmiddel og meir.

Aktivitetane i laget var mangslungne, til dømes folkeviseleik, dans og diskotek, teatergruppe, song, karneval, spelkveldar, bålkveldar med pølser og brus ute på Neset, tur til Uksnøya. Dei laga også til barnetime for 0.– 4. klasse med songar, leikar, eventyr og gratis brus.

Juniorlaget hadde si eiga avis – Kontakten – som mellom anna skulle gi informasjon til foreldra om aktiviteten i laget. Det gjekk på omgang å lage stoff til avisa. Dei skaffa elles fløyter til eit blokkfløyteorkester og arrangerte danseskule med Turid Langeland Otterlei som instruktør.


Kommentarer

NGU-laget Øykameraten — 2 kommentarer

  1. Veldig bra!! Fann ingen feil.
    Om du vil kan du ha med at denne «spelegruppa» som kjøpte plater og sånn, heitte «Mazurka»

    Og at NGU, som no heiter Juvente, framleis driv bistandsarbeid på Sri Lanka gjennom bistandsorganisasjonen FORUT, som dei er ein av fire eigarar av. Eg er usikker om Eldar og Borge reiste ned for Forut, eller om dette var i tida før/då organisasjonen vart etablert.

    • Takk for tilbakemelding og innspel! Skal vurdere kva som evt. bør med; dette er først og fremst ei historie om Øykameraten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>