Det var Fjørtoft helselag som tok initiativet til å prøve å få bygt ein aldersheim på øya. Idéen vart diskutert første gongen på styremøte 23/5-1971. Formann Agnes Fjørtoft hadde alt då fått lovnad på gratis tomt med Ole H. Fjørtoft. Styret var i august same året på synfaring på den lova tomta, og det var semje om å ta fast på den. Eit stykke på 3,2 mål vart frådelt i 1973 og helselaget fekk skøyte, men tomta vart ikkje nytta og gjekk seinare tilbake til hovudbruket.

Fordi det var kome krav frå helsestyret om større plass for dokterkontoret, som heldt til på samfunnshuset, ville helselaget snakke med dr. Franck om å flytte kontoret til aldersbustaden. Likeins for Haram Sparebank, som òg hadde ønskje om betre kontorlokale.

I 1974 fekk helselaget laga teikningar av eit bygg som Agnes Fjørtoft la fram for sosialsjefen og kommuneingeniøren. Seinare kom det melding om at ei kommunal nemnd for eldreomsorg ville over på aldersbustader i staden for aldersheim – utan fast bemanning. Eit folkemøte om saka i 1975 gjekk imot dette og meinte det var aldersheim det var behov for, ein heim der folk fekk stell og mat. Men den kommunale nemnda fekk siste ordet.

Sosialstyret gjekk inn for at aldersbustaden skulle ha berre seks husvære. Dette meinte helselaget var i minste laget og ville prøve å få fleire plassar inn i prosjektet. Det vart også arbeidd for å få godkjent eit romsleg fellesrom og eit godt kjøken, slik at lokala kunne nyttast til samkomer av ymse slag.

Helselaget valde i 1975 ei eiga førebuingsnemnd for aldersbustaden med Agnes Fjørtoft som leiar. Ho gjekk då ut av styret, men heldt fram som «assosiert styremedlem» såleis at planlegginga av huset føregjekk i nært samarbeid med helselaget.

Kommunen meinte at ein stiftelse skulle bygge, eige og drifte aldersbustaden, og førebuingsnemnda fekk hausten 1980 utarbeidd vedtekter for eit slikt føretak. På årsmøtet i helselaget i 1981 vart vedtektene opplesne og godkjende, og det vart bestemt å byte ut førebuingsnemnda med styret for stiftelsen Øyatun.

Ifølgje vedtektene skulle grunnkapitalen i stiftelsen vere på 120.000 kroner, og den vart innbetalt av Fjørtoft helselag med kr 20.000, bygdefolket elles (innsamling) kr 50.000 og Haram kommune kr 50.000. Styret skulle bestå av tre personar oppnemnt av Fjørtoft helselag og to oppnemnt av Haram kommune. Styret for 1981 var slik:

Agnes Fjørtoft – leiar
Inger Johanne Otterlei – nestleiar
Kårmund Larsen – kasserar
Aase Flem Otterlei – sekretær (kommune)
Palmar Fjørtoft – styremedlem (kommune)

Denne ordninga stod ved lag heilt til helselaget vart lagt ned i 2009; frå då av vart desse tre medlemene (pluss varafolk) valde av og mellom bygdefolket. I 2015 vart vart vedtektene endra igjen slik at heile styret vart valt av bygdefolket.

I åra frå 1975 til 1981 var det ikkje så lite arbeid som skulle gjerast av førebuingsnemnda med å planlegge aldersbustaden og ta avgjerder om mangt og mykje som måtte på plass: Mengder av møte med arkitekt og entreprenørar, forhandlingar med kommune, vegvesen og andre instansar, få på plass finansiering, gå gjennom anbod, skrive avtalar og kontraktar og endå mykje meir. Alt dette kravde tolmod, trott og slitestyrke av dei som stod føre – ikkje minst leiaren Agnes Fjørtoft. Men ho stod støtt i stormen, for «dette var hjartesaka til Agnes som ho la all energi og sjela si i», sa leiaren i helselaget då Agnes vart utnemnd til æresmedlem i 1997.

Så endeleg i 1981 var det klart for å «materialisere» alt førebuingsarbeidet. Jostein Otterlei grov ut tomta. Etter noko diskusjon vart det også grave ut for kjellar under bygget. Det viste seg i ettertid å ikkje vere så lurt, fordi kjellaren fordyra prosjektet og vart ikkje brukt. Eit byggelag med Leif K. Fjørtoft, Kjartan K. Fjørtoft og Finn-Åge Fjørtoft gjekk så i gang med oppføringa av aldersbustaden, som stod ferdig hausten 1983.

Den 6. mai 1984 var det stor opningshøgtid for Øyatun aldersbustader. Til festen var det invitert prominente personar frå kommunen, sosialstyret, arkitekt, frå arbeidslaget og elles folk frå bygda. Helselaget stod føre tilstellinga med mat og servering, og skulekorpset spela. Agnes Fjørtoft fekk overrekt blomster frå helselaget, sosialstyret og sparebanken. Frå styret i Øyatun fekk ho eit steinsmykke laga av Peder Otterlei (Gjerde-Peder).

Som nemnt fekk bygget plass til seks husvære – fire enkle og to doble. Ettertida har vist at det var mange nok, og til tider har nokon av dei stått tomme, særleg i dei seinare åra. Ei bygdastove fekk dei på plass – eit romsleg fellesrom med godt utstyrt kjøken – som har blitt brukt av øyafolket til samkomer av ymse slag. I tillegg var der to andre rom. Det eine vart alt hausten 1984 utstyrt og sett i stand og utleigt som frisørsalong. Det andre vart mellom anna nytta til fotpleie. I 2018 flytta dokterkontoret inn i desse lokala.

Folket på Fjørtofta har lagt ned ein formidabel innsats for eldresenteret sitt. Helselaget med Agnes Fjørtoft fremst gjekk føre og arbeidde fram prosjektet og heldt fram med monaleg økonomisk støtte også lenge etter at bygget stod ferdig. Mange fleire har bidratt med arbeid og pengar; nemnast kan til dømes Jostein Otterlei, som grov ut tomta gratis, og Odd J. Fjørtoft og Odd Otterlei som laga sju boder på loftet av aldersbygget.

Om målingsarbeidet står det i eit notat: «Når det gjeld dugnadsarbeid har vi mange å takke, men utan hjelpa vi fekk hjå Dyrkorn, som stod for bestilling og tilrettelegging av alt målararbeid, hadde det ikkje gått.»

Kårmund Larsen og Elias Sørenvik brukte sommaren og hausten 1985 til å legge fasadeplater på murane, bygge veranda for kvar leilegheit, lage treplatt med rekkverk langs leilegheitene ute og solterrasse ved inngangspartiet, sette opp innetrapp frå kjellar til loft og utetrapp på nordsida, støype markeringskant rundt framsida og utvide vegen.

Torbjørn Torbergsen er nemnt som «fast hjelpesmann» denne tida og leidde mellom anna arbeidet med å beise heile bygget ved hjelp av nokre ungdomar. Men dette er berre «toppen av isfjellet», og så mykje meir kunne ha vore nemnt – ikkje minst alt arbeidet med stell, tilplanting og vedlikehald av uteområdet.

I 1984 var ein komen til vegs ende og strevet var over, kunne ein kanskje tru. Men mykje dugnad har vore utført og mange kroner innsamla også etter den tid både for å oppgradere og halde eigedomen ved like og for å klare den økonomiske sida av drifta. For ikkje å nemne alle møta og alt papirarbeidet. For Øyatun er framleis ein stiftelse, og det er styret som har ansvaret for drifta og at alt fungerer.

At «kampen» ikkje var slutt idet bygget var på plass, viser den økonomiske stoda nokre år etter. Sommaren 1991 skriv Sunnmørsposten at Øyatun aldersbustader var trua av konkurs. Stiftelsen hadde då 2,4 millionar kroner i lån som dei ikkje var i stand til å svare for. Dei årlege utgiftene låg om lag 100.000 kroner høgare enn inntektene, så det bar feil veg. Året før kom dei likevel ut med eit underskot på berre kr 40.000, takka vere innsats og givarglede frå folket på øya. Men det var ikkje råd å basere drifta på gåver i det lange løp, så vona var at Haram kommune ville hjelpe dei ut av uføret.

Styret i Øyatun såg no tre moglege løysingar: 1) Sanering av ein del av gjelda, 2) kommunen aukar driftstilskotet eller tek over drifta heilt, eller 3) konkurs. Ingen av delane skjedde då, og Øyatun greidde å halde det gåande enno ei tid.

Men i mars 1993 melde styret i Øyatun i brev til kreditorane (Husbanken, Sparebanken Møre, Gjensidige og Haram kommune) at dei hadde gjort vedtak om å søkje skifteretten om å få gjennomføre offentlege gjeldstingingar etter reglane i konkurslova. Dei såg no ikkje noko anna løysing på dei økonomiske problema.

Svaret dei fekk frå Husbanken, som var jokeren i «pengespelet», var ikkje særleg oppløftande. Difor reiste ein delegasjon med Agnes og Gudmund Fjørtoft og rådmann Jan Petter Eide til Bergen hausten 1993 og forhandla med Husbanken om gjelda til Øyatun. Mot alle vindar gjekk Husbanken med på nesten ei halvering av skulda – frå 1,4 millionar til 794.000 kroner. Vilkåret var at dei andre kreditorane sletta gjelda heilt for sin del.

Ifølgje Gudmund Fjørtoft, var det Agnes si utgreiing om den store innsatsen lokalsamfunnet på Fjørtofta hadde lagt ned i Øyatun, som gjorde utslaget for at Husbanken innvilga så stor reduksjon på gjelda. Konkurs vart såleis unngått, og med eit årleg driftstilskot på kr 120.000 som kommunen ytte frå no av, gjekk drifta tolleg bra i åra framover.

Likevel var økonomien anstrengt år om anna, avhengig av kor mykje utleige det var. Til dømes fortel møteprotokollen frå 2002 om strev for å greie dei fast utgiftene som steig jamt og trutt – særleg straum, forsikring og rekneskap, medan innkoma ikkje heldt tritt.

I 2009 var Øyatun gjeldfri, men økonomien var framleis stram fordi utleiga og dermed inntektene minka. Dei siste tiåra har folketalet på Fjørtofta gått mykje ned, og det er såleis mindre trong for ein eldrebustad. Sjølv om legekontoret kom «heim» i 2018 og hjelper på økonomien, krevst det framleis ein god del innsats for å drifte Øyatun, og det er vanskar med å få folk til styret og på dugnader. Det er difor gjort vedtak om å selje eigedomen, anten som eitt stykke eller i seksjonar.

Styret i 2018, som kanskje blir det siste, er
Nina Otterlei Nordang – leiar og kasserar
Kari Fjørtoft – skrivar
Endre Otterlei
Therese Brandsøy
Norunn Wuttudal

Øyatun

Foto: Eldar Fjørtoft

Kommentarar, korrigeringar, nye opplysningar, bilete m.m. er velkomne.


Kommentarer

Øyatun aldersbustader — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>