Petter A. Davik (Solheim), fødd 9. april 1907. Han var 2. maskinist på d/s Balder og omkom under eit flyåtak mot skipet utanfor Dover 14. juli 1940. Gravlagt i London.

Alfred A. Sandøy (Norheim), fødd 23. januar 1923. Han var dekksmann på minesveiparen Harstad og omkom 27. februar 1943 da fartyet vart torpedert i Den engelske kanal.

Olav I. Gamlem, fødd 12.august 1907, er oppført på minnesteinen på Fjørtoft kyrkjegard over omkomne i krigen. Han var frå Rogne og kom vekk då m/t Ranja vart senka i mars 1942. Han var gift med Kristine E. Rogne som gifta seg oppatt med Harald Otterlei på Øvste Kleiva.

Martinus J.K. Fjørtoft (Huslandsgarden), fødd 26. august 1880, miste livet under flyåtaket på rutebåten Eira 24. oktober 1944.

Hans I. Otterlei (Nedste Kleiva), fødd 1. november 1894, miste livet under flyåtaket på rutebåten Eira 24. oktober 1944.

Klara I. Grimstad (f. Otterlei, Nedste Kleiva), fødd 24. juni 1893, omkom under flyåtaket på rutebåten Eira 24. oktober 1944.

Lars Grimstad (gift med Klara), fødd 28. april 1874, omkom under flyåtaket på rutebåten Eira 24. oktober 1944.


Kommentarer

Omkomne i 2. verdskrig — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>