kom i gang omkring 1950 på Ottarimma, heimegarden til Oddvar Otterlei. Forretninga var nærmast eit framhald av butikken på Skreddarrimma som Knut Sandøy dreiv der. Oddvar var først butikkstyrar på L.L. Fjørtoft A/S eit års tid. Så var han medhjelpar hjå Knut Sandøy, og då han avslutta butikken, tok Oddvar over varelageret og starta si eiga forretning. Butikklokale bygde han på murane til ein torvskjå på heimegarden. Lidvar Larsen hjelpte med bygget, og Albrekt Nedrelid med innreiinga. Butikkarealet medrekna eit lite kontor var på 25–30 kvadratmeter. I tillegg var der eit lite lager.

Forretninga var i hovudsak ein kolonialbutikk, men som vanleg på landhandlar, var det meste å få som trongst i heimen, på gard og sjø. Der var eit assortert utval av reiskap og verkty, støvlar og sjøutstyr, strikketråd og sytråd og mykje meir. Glasruter vart skorne til på butikken. Og spurde folk etter noko som ikkje var på lager, kunne det alltid skaffast.

I sin spede forretningsstart skulle Oddvar bestille puffa ris og slo like godt til og tinga hundre kilo. For å hente heim varene, tok han hest og høyvogn og køyrde til Fjørtoftsvika der rutebåten la til. Puffa ris er eit lett stoff, så volumet blei stort, og heile høyvogna vart fylt til randa. Då han på tilbakevegen kom opp Soltun-bakken, stod Ingvald i vegkanten og såg på hestefølgjet. Han syntest at Oddvar hadde lest altfor mykje på vogna og meinte han for dårleg åt med hesten. Den skrapa gløymde Oddvar aldri, sjølv om han var uskuldig.

Det var mange store barnefamiliar denne tida, og dei fleste som budde på Otterlei-sida handla hos Oddvar etter at butikken i Davika var nedlagt. Men sjølv med lange dagar på butikken, vart innkoma for lita til å brødfø familien som vaks seg større og fleire på femti- og sekstitalet. Oddvar måtte difor spe på inntekta med sjødrift, lastebilkøyring og andre ting. Men utpå 1950-talet vart han kommisjonær for Norsk Tipping og Pengelotteriet, noko som skaffa han fleire kundar frå resten av øya og dermed meir inntekt. Etter kvart som det kom fleire traktorar og bilar til gards, tok han til å selje bensin frå fat med ei handpumpe montert på stabbursveggen.

Alle dei faste kundane handla på bok. Varene som dei kjøpte, vart sirleg notert ned med prisen i eiga kolonne. Etter ein måned fekk han betaling med dei fleste. Men når det trongst, var det utsetjing å få; ikkje alle hadde fast lønn denne tida. På slutten av 1970-åra hadde Oddvar planar om å bygge ny butikk. Han var godt i gang med tomta då han datt ned frå løtaket og skada seg ein god del og måtte gi opp den planen.

Kona Odny var ein viktig medspelar i drifta av forretninga, sjølv om etablering av familie og etter kvart fire born kravde sitt i heimen. Dei første tiåra vart det såleis hyrt inn butikkhjelp. Men etter kvart som borna vaks til, tok Odny stadig meir del i arbeidet i butikken, og dei siste 20–30 åra var det ho som i stor grad drog lasset.

Trongt var det i starten, men forretninga greidde seg over dei kneikane som kom, og Oddvar og Odny heldt handelen gåande i femti år. Sjølv om dei begge hadde passert sytti, var det vemodig å avslutte i 2000. Butikken hadde vore ein stor del av livet, og det vart stille i tunet då det var slutt.


Kommentarer

Oddvar Otterlei landhandel — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>