Siste tiåret fram mot 1900 var ein bra periode for fiskeria som genererte gode inntekter. Ikkje minst nokre rike sildeår var med på å legge grunnlag for utviklinga av fiskeria utetter første del av 1900-talet. Gode overskot av fisket gjorde det mogleg både å fornye båten, skaffe betre vegn og reiskap, og ikkje minst få sett inn motor i båten.

Etter hundreårsskiftet tok det til å kome brukbare danske Rapp-motorar til fiskebåtar. Den første av slaget på Fjørtofta vart installert i dekksbåten «Siv», eigd av Olaus O. Fjørtoft, i februar 1903. Motoren var på 6 hestekrefter.

Seinare same året kom det liknande motor i heile fem fleire fjørtoftsbåtar. Det var «Ottar», eigd av brørne Knut, Ragnvald og Ole Otterlei, «Snøgg» med Gjert J., Johan og Rasmus G. Fjørtoft som eigarar, «Sverre», eigd av Lars E. og Johan M. Fjørtoft, «Sivle», eigarar Laurits M. og Ole Johan J. Fjørtoft, og «Glup» med Ludvik Fjørtoft og Martinus Davik som eigarar.

Desse første motorane var ikkje av dei mest driftssikre mellom anna fordi dei hadde forgassar som sota ventilane. Snart kom dei danske motorane Dan, Alpha og Gideon, som vart mest brukt på våre kantar. Det var såkalla råoljemotorar, eller semidiesel, med glødehovud. Med oljepumpe, regulator og omstyring (vridbar propell) vart dette etter kvart pålitelege framdriftsmiddel. Frå 1905 var Martinus E.K. Fjørtoft i Stonga-smia agent for Alpha-motoren, som i mange år var den fremste båtmotoren i Haram.

Etter kvart som motorane vart driftssikre, såg dei fleste at tida for segl og årar snart var omme. Motoriseringa av fiskeflåten skaut for alvor fart frå 1905, og alt i 1910 hadde så godt som alle fiskebåtar ein motor innabords. Ordet «motorfeber» var mykje brukt i Haram denne tida. Fjørtoftingane var tidleg ute, og i torskefisket i 1904 høyrde heile 11 av 24 registrerte motorbåtar (av totalt 139 farty) heime på Fjørtofta, fortel protokollen for Ulla oppsynsdistrikt.

Utviklinga gjekk sin gang, nye og større båtar kom til, og båtane vart moderniserte. Dei første motorane var på omkring 5 hestekrefter og vart helst sett på som hjelpemotor i tillegg til segl og årar. For å spare drivstoff, vart motoren gjerne stoppa når det var høveleg bør. Etter kvart vart motoren både større og sterkare og tok gradvis over som hovuddrivkraft i båten. Med motoren følgde behovet for nye, større og betre båtar, så det vart store investeringar i fiskeria i åra framover.

Ikkje berre erstatta motoren segl og årar som framdriftsmiddel. Den gav også kraft til tekniske hjelpemiddel om bord i fiskebåten – først og fremst spelet, men også garn- og linerullar og andre mekaniske innretningar. Det har alltid vore eit slit å vere fiskar, men med innføringa av motoren kom det likevel ei ny tid. Å kunne flytte seg lettare og friare på havet var éin ting; å kunne byte ut ein del av muskelkrafta med motorkraft som utførte ein stor del av tungarbeidet, gjorde fiskarlivet svært mykje lettare.

Garna drog dei frå gammalt av inn over suta eller garnhesten, ein runda stokk av hard ved som var festa på ripa. Mest for å spare ripa for slitasje, men stokken gjorde det òg litt lettare å drage garna. Dei første rullane til å hale garna over inn i båten, kom i bruk omkring 1880. No stod ikkje stokken fast lenger, han gjekk rundt, og det vart mindre tungt å hale garna om bord. Per Sunde («Maskin-Pe») på Fjørtofta har fått æra av å ha funne opp garnrullen, men det er uvisst om æra er rettkoma. Sikkert er det imidlertid at han og broren Jens på Myklebust laga og leverte ei mengd rullar til fiskebåtane i Haram.

Men det var garnspelet som for alvor letta arbeidet for fiskarane. Handsveiva spel med utveksling tok til å kome i bruk tidleg på 1890-talet, og eit par mann kunne no gjere fem manns jobb med mindre muskelkraft. Knut R. Fjørtoft (Husland) var den første som tok det i bruk på våre kantar. Han reiste til Bergen og kjøpte eit spel for 100 kroner, og då det viste seg å fungere bra, kom det fort garnspel på alle båtar.

Noko seinare kom linespelet i bruk. Det var sjølvsagt både tungvint og dyrt med separate spel for garn og line, og fleire «smedar» arbeidde med å konstruere eit kombinert spel. Martinus E.K. Fjørtoft på Stongnes-smia laga slike frå rundt 1905, og dei kom om bord i mange Harams-båtar.

Etter at motoren var blitt vanleg i fiskebåtane, vart spela drivne med motorkraft via tannhjul og reim- eller kjedeoverføringar. Men drivverket var ikkje heilt ufarleg, og mange fiskarar vart skada når dei kom borti overføringane. Arne Alvestad Longva omkom i 1938 då han vart fast i reima som dreiv spelet om bord på M/k «Fensfjord».

Såleis var det eit stort framsteg for fiskeflåten og fiskarane då det hydrauliske spelet vart introdusert i 1937. Det aller første spelet av dette slaget var konstruert og bygd av harøyingen Einar Røsok i samarbeid med Håkon Sønderland og installert i fiskebåten «Borg» av Myklebust. Her var det ingen mekaniske overføringar, men olje i røyr som var drivkrafta. Einar Røsok hadde då verkstad og slipp i Årsundet i Brattvåg, der han saman med Ingebrigt P. Huse i 1941 etablerte A/S Hydraulik.

På slutten av 1930-åra fekk dei fleste snurrevadbåtane sjølvkveilarar om bord. Dei var kopla til spelet og gjorde to manns arbeid ved å kveile drottane (taua som drog nota inn). Dei aller fleste kveileapparata på haramsbåtane var konstruert av Martinus, Konrad og Ole Fjørtoft (far og søner) og laga på Stongnes mek. verkstad.

For dei som dreiv med garn etter silda, var sildetininga hardaste arbeidet. Å tine sild vil seie å riste ho laus or garnet. Å stå og riste garn som var tunge av sild i time etter time, var ei fysisk kraftprøve. Ikkje før rundt 1960 kom det mekaniske sildetinarar som fungerte bra. Men då var det slutt på dei gode sildeåra, og sidan har det ikkje vore nemnande drivgarnfiske etter sild.

Det har vore fleire «revolusjonar» i fiskeria gjennom tidene, men overgangen frå segl og årar til motor som framdriftskraft var nok den største. Etter at motoren var blitt påliteleg og sterk nok, skyssa han båt og mannskap dit dei ville utan å vere avhengig av høveleg vêr og bør eller muskelkraft. Den kanskje hardaste delen av fisket – transporten til og frå fiskeplassane – vart no ei kvilestund, eller kunne nyttast til å verke fisk eller stelle vegn. Dessutan auka det effektiviteten i fisket monaleg og gav betre lønn for strevet. I tillegg gjorde motoren saman med dekka båtar sjølivet mykje tryggare.

Med motoren vart fiskeflåten meir mobil og kunne i større grad flytte seg dit det var størst utsikter til fangst. Fiskarane var ikkje lenger stadbundne til dei heimlege fiskeplassane, men kunne bruke heile fiskehavet. Det tok heller ikkje så mange åra før Haramsbåtane fór til Lofoten og Finnmark etter torsken og til Haltenhavet etter storsilda.

Etter kvart vart motoren brukt til så mykje meir enn å flytte båten i sjøen. Nemnt er spelet til å hale inn line og garn. Sidan har det kome eit utal av mekaniske, hydrauliske og elektriske reiskap, apparat og verkty av alle slag på alle område. Det gjeld til dømes navigasjon, kommunikasjon, fiskeleiting, handtering av vegna, tilverking av fisken og meir. Alt dette har redusert det fysiske slitet monaleg, samstundes som tryggleiken på havet er blitt bortimot jamgod med den på land.


Kommentarer

Motor og mekanisering — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>