Torsdag 17. april 1958 hende det ei tragisk ulykke på Fjørtofta. Lærar Gunnar Mydske, saman med 13 år gamle Sverre Olav Davik og 16-åringen Rolf Fjørtoft, var på båttur ute ved Uksnøya. Føremålet var både å fiske litt, finne rakgods og å sjå seg rundt. På nordsida av øya gjekk dei på land og fann mellom anna ein sylinderforma boks, litt større enn ein fiskeballboks på den tida.

Gjenstanden låg i fjøra, halvt nedgraven i sanden og så vidt synleg i flomålet. Frå sentrum av eine enden på boksen stakk det opp eit røyr på ca. 10 cm, og på toppen av denne var det ein liten knast. Dei tenkte først det kunne vere ei lensepumpe og tok tingen om bord i båten. Men den var svært tung i høve til storleiken, kanskje 4–5 kg.

Då dei kom tilbake til Vågholmane om kvelden, la dei til ved moloen som går ut til skjeret Klubben ved noverande småbåthamn og sette boksen opp på ende der. Ein tredje gut, 11-åringen Leiv Kjell Kongsnes, var komen ned på hamna og slutta seg til dei andre. Kort tid etter eksploderte boksen, med fatale følgjer.

Leiv Kongsnes vart drept momentant, og Gunnar Mydske døydde ein halvtime seinare av stort blodtap. Sverre Davik vart henta av eit sjøfly, men døydde på veg til sjukehuset i Ålesund. Det var ikkje plass til fleire i flyet, så fiskebåten Siglaos gjekk for full maskin til Ålesund med Rolf Fjørtoft. Han vart lagt inn på sjukehuset hardt medfaren. Rolf var den einaste som overlevde ulykka og som kunne fortelje kva som hadde hendt før eksplosjonen.

Det vart sjølvsagt spekulert i kva denne boksen kunne ha vore, og teorien gjekk i retning av tennsatsen til ei større bombe eller mine. Men ingen har funne ut kva det var. Heller ikkje finst det svar på kva som utløyste eksplosjonen. Éin teori går ut på at det var armeringsjarn som påverka eksplosivet, ein annan at nokon steig på eller kom borti boksen, der dette røyret stod opp. Iallfall var sprengkrafta stor, noko mellom anna krateret i betongdekket på moloen vitna om.

Iver Uksnøy, som budde på Uksnøya, fortalde seinare at folk der i fleire år hadde sett ein sylinderforma gjenstand nede i fjøra. Men ingen hadde røyvt den og heller ikkje tenkt at det kunne vere noko farleg og hadde dermed heller ikkje varsla lensmannen. Tingen var no borte frå fjøra, vart det sagt. Iver Uksnøy hadde vore nede ved båten i 19-tida om kvelden og snakka med dei tre. Han hadde lagt merke til at dei hadde ei blåse, ei bøtte og andre ting om bord, men ikkje noko som likna på gjenstanden som folk på Uksnøya hadde observert. Denne tingen låg over flomålet og var om lag ein halv meter lang, så det var nok ikkje den same.

Heilt opp til våre dagar har sprenglekamar frå siste verdskrig kome for dagen, og berre 13 år etter krigens slutt var det ikkje sjeldan slike ting vart funne. I nokre tilfelle førte det til tragisk utfall som på Vågholm-hamna i 1958.


Kommentarer

Mine-ulykka på Vågholmane — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>