Frå slutten av 1880-åra og utetter vart gardsdrifta lagt om frå korndyrking til mjølkeproduksjon over heile Sunnmøre, og overgangen frå natural – til pengehushald gjekk føre seg i same perioden. Bøndene tok til å sende overskotet av mjølk til Ålesund, men den store flaumen av mjølk til byen pressa prisane så det vart lite lønsemd.

For å få meir pengar ut av kvar mjølkeliter, vart det difor etablert meieri i dei fleste bygdene på Sunnmøre, om lag 100 i alt. På Nordøyane var det berre Haramsøya som ikkje hadde eige meieri. Mange av desse småmeieria vart lagde ned då Sunnmøre Meieri starta i 1918.

Mjølkeprodusentane på Fjørtofta slo seg saman og skipa meieri i 1894. I starten heldt produksjonen til i Nilsgarden før meieriet kom i eige hus. Det vart oppført på ein teig som høyrde til Øvste Kleiva, og som Jonas H. Otterlei hadde stilt til rådvelde for meieriet. Staden der bygget låg heiter i dag Meierisletta. Det inneheldt produksjonslokale og lager. Dessutan vart det sett opp eit bustadhus for styraren med husrom for meierska.

Det vart også bygt eit ishus, som om vinteren vart fylt med is for å ha kjøling på smør og mjølk om våren og sommaren. Ovanfor vegen laga dei ei demme der vatnet fraus til is som vart saga opp i blokker og frakta ned til ishuset. Isen vart lagd langs dei isolerte veggane, som var kledd med fjøler og fylt med sagflis. Det er fortalt at i kjølige somrar varde isen heilt fram til slutten av juli.

Det vert òg sagt at meieriet fekk fleire medaljar for produkta sine, og at det kan finnast slike medaljar ein stad på gardane på øya. Som på dei fleste småmeieria, var produktet som vart laga her for det meste smør, som også namnet Fjørtoft Smørmeieri fortel om. Storparten av smøret vart eksportert til England og sendt med båt via Ålesund og Bergen til Newcastle.

separatorDen første tida vart mjølka separert (fløyten skilt ut) med handemakt, seinare sette dei inn dampkraft til å drage separatoren. Skummamjølka vart kjøpt tilbake av gardbrukarane. Det same gjaldt saupet, som er biprodukt når ein kinnar smør. Både skummamjølk og saup vart brukt til matlaging såvel som grisefor på gardane.

I 1905 omsette meieriet 208.000 liter mjølk og var med det eitt av dei større bygdemeieria på Sunnmøre. Til samanlikning var mjølkevolumet på Rogne-meieriet 110.000 liter same året. Til gjengjeld heldt dei på til 1937 på Rogne, medan Fjørtofta la ned i 1917.

Den sveitsiske agronomen Johan Tander, som budde i Molde, dreiv eit omfattande opplysningsarbeid på Fjørtofta omkring 1890. Dette var ein av grunnane til at det vart sett opp 24 nye løer på øya i perioden 1890 til 1910. Det var også Tander som alt i 1891 kom opp med tanken om å starte eit meieri.

Bustadhuset til meieriet vart kjøpt av Fjørtoft Handelslag og sett opp som butikklokale i Fjørtoftsvika då dei flytta forretninga dit omkring 1925. Sjølve meieribygget og ishuset vart truleg òg flytta og nytta til hus andre stader.

Edvin M. Otterlei (1901–1981) frå Rimma fortel:
Det vart bygt eit meieri innfor Hagaren. I det fyrste meieriet drog dei separatoren med handemakt. To mann byttest åt. So bygde dei større hus og sette inn ein ståande stimkjel. Seinare vart det fyrhus med stimkjel med liggande fyrgang. Meierska stod opp kl. 6 om morgonen for å få opp stimen til mjølkekøyrarane kom med mjølka i nitida.
Der var eit køyrelag for Sørgard og Nordgard og eitt for Otterlei og Davik. Mjølkevogna hadde fire hjul og stod på Mastaneset, og me køyrde derifrå. Køyreruta var oppsett etter mjølkemengda og etter almanakka.
Aagot Legland var meierske her og vart gift med Elias J.J. Fjørtoft i Åmundgarden. Ragna Børve var her i mange år; ho òg var frå Hardanger. Ho dreiv søndagsskule med borna.
Smøret sende dei til England i femti kilos dunkar. Dei fekk fleire medaljar ved utstillingar i Bergen og England, både i sølv og bronse.

Nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Fjørtoft meieri — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>