Møteboka for Fjærtofts Læseselskab startar i 1869 med «Instruks for et Læseselskab, der agtes oprettet paa Fjærtoften». Instruksen, eller vedtektene, gjeld for «…et frivilligt, fælles Bidrag til at indkjøbe et omforenet Antal Bøger til regelmæssig Cirkulation blandt Selskabets Medlemmer.»

Instruksen inneheld i alt femten paragrafar som bestemmer korleis laget skal styrast og korleis innkjøp og utlån av bøker skal ordnast. Normal lånetid var fire veker, seinare utvida til åtte. Medlemsinnskotet var 2 ort 12 skilling. 22 menn teikna seg som medlemer i starten, og 30 bøker vart innkjøpt første året.

Døme på bøker som vart kjøpt inn: «Folkelæsning» av G. Rode, «Napoleon Bonaparte», Pattedyr», «Veiledning og Opmuntring for bekymrede Sjæle», «Luthers Leveregler», «Husdyrstellet», «Norske Folkeeventyr» av Asbjørnsen & Moe.

Til rekneskapsførar første året vart R. Storvik vald, og som bokhaldar R.O. Fjærtoft. For 1870 fekk H. Andresen og Knudt Nielsen Fjertoft desse verva.

Frå 1874 ser det ut til å ha vore ei laber periode i laget, for det er ikkje notert noko i protokollen før 1881. Då vart det halde årsmøte og valt «den kommende lærer L. Laangva» til formann og Knut J. Fjærtoft som mellombels formann. Bokhaldar skulle Rasmus L. Fjærtoft vere.

På møte 17/2-1882 vart det så vedteke nye statuttar for leselaget.
§ 1: «Fjærtofts læselag bærer navnet Idun.»
§ 2: «Læselaget Iduns maal er saavidt muligt at danne medlemmerne til gode og nyttige borgere af samfundet.»
§ 3: «Dette maal ønskes naaet derved at sandsen for oplysning vækkes, hvilket igjen tenkes at ske gjennem behandling af samtaleemner og læsning af gode bøker.»

I alt var det 16 paragrafar. Lars Longva vart no vald til formann, Knut J. Fjærtoft til nestformann, og Ole P. Otterlei og Jert J. Fjærtoft styremedlemer. Dåverande bokhaldar Rasmus Larsen Fjærtoft skulle halde fram.

På årsmøte 5/12-1897 vart det bestemt at Idun sine bøker skulle «indgå i den nu påtænkt opprettede nye Fjørtofts bogsamling». Men leselaget skulle halde det gåande til «det offentlige ansøgte bidrag stort kr. 75,- erholdes, saa at det nye kan blive oprættet». Idun sine eigarar forplikta seg då til å overlate alle bøkene vederlagsfritt til den nye boksamlinga.

Leselaget eigde på denne tida rundt 190 bøker. Den nemnde boksamlinga kom truleg i gang, sidan Idun sin protokoll sluttar med dette.


Kommentarer

Fjørtoft leselag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>