Starten på det som skulle bli landhandelen L.L. Fjørtoft A/S kan tidfestast til 9. februar 1947. Den dagen vart det halde eit møte mellom Lars Larsson Fjørtoft d.e., Sevy Larsson Fjørtoft og Ole Larsson Fjørtoft for drøftingar om å etablere ein landhandel. Det vart semje om å starte ei slik verksemd på Vågholmane, eit område som hadde vekst i folketalet og dermed eit visst kundegrunnlag, og kvar av dei tre gjekk inn med ein aksjekapital på kr 2 000,-.

I vedtektene § 2 går det greitt fram kva som stod føre: «Fyremålet er landhandel og det som står i samband med dette.» I tillegg til å lage vedtekter, var det mange andre formalitetar som skulle ordnast før firmaet stod klart til å starte forretning.

Men i januar 1948 var det meste ordna for å kome i gang. På eit møte mellom luteigarane vedtok dei å bruke kjellaren i bustaden til Lars Larsson Fjørtoft d.e., Kongsvika, til butikk. Det vart bestemt å kjøpe inn diskar og engasjere snikkar til å innreie kjellaren til butikklokale. På same møtet vart Lars Larsson Fjørtoft d.y. valt til revisor.

Opningsdagen for den nye forretninga var 14. mai 1948. Butikken hadde eit vareutval som var vanleg for ein landhandel i dei dagar: kolonialvarer og ein del andre gjengse ting for hus og heim. Til dømes kunne ein få kjøpt knappar, glidelås, og andre sysaker, kjøkenutstyr som vispar, auser og kaffikverner og olje og fargepulver til å blande måling. Der var vekeblad å få, og onglar, slukar og sen til fisketuren.

Som butikkstyrar vart Oddvar Otterlei tilsett – med ei månadslønn på kr 150.-. Etter nokre kortare engasjement/tilsetjingar, vart Elen Kongsnes tilsett som butikkstyrar tidleg på 1950-talet og stod i stillinga fram til butikken vart avvikla.

Etter som åra gjekk vart det andre tider; både folketalet og omsetninga minka og dermed grunnlaget for lønsam drift. Med betre kommunikasjonar vart det òg meir handelslekkasje. Etter å ha pensjonert seg dreiv Lars d.y. butikken nokre år meir som ein hobby, for å gi dagen innhald og rutine, men også for å halde på den sosiale møteplassen L.L. hadde vore frå starten av.

Men i august 1993 vart det halde allmøte i L.L. Fjørtoft. Til stades var Sevy Larsson Fjørtoft, Ole Larsson Fjørtoft og Elen Kongsnes. Den einaste saka på agendaen var avvikling/oppløysing av selskapet. Eit samrøystes vedtak gav styret fullmakt til å sende melding om avvikling til Foretaksregisteret.

På generalforsamling året etter, den 25. mai 1994, vart det vedteke «å begjære selskapet endelig slettet i Foretaksregisteret», som det står i møteprotokollen. Og dermed var landhandelen i Kongsvika avslutta, etter knapt femti års drift.


Kommentarer

L.L. Fjørtoft — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>