vart starta i 1914. Det finst ikkje noko skriftleg dokumentasjon frå denne tida, men i møteboka frå 1954 går det fram at foreininga feira 40-årsjubileum i desember dette året.

Den eldste bevarte møteboka, som kanskje er den første, er frå 1924. Iallfall er det innskrive vedtekter i denne boka, og føremålsparagrafen lyder slik:
«Foreningens formål er, samtidig som den søker å fremme Gudslivets vekst inden sin midte og sin egen menighed, at virke for Guds rikes utbredelse blant Hedningerne i tilslutning til Hedningemisjonen, dog ikke bundet til noget bestemt formål hvad indtekter angår, men kan fordele disse efter foreningens overenskomst eller stemmegivning.»

Alle som var samde i føremålet og melde seg inn i foreininga, kunne ta del i møta. Vinterhalvåret kunne det vere møte så ofte som kvar fjortande dag, men elles fortel møtebøkene at det har vore frå sju til femten møte i året, i tillegg til basar eller festleg tilstelling.

Årsmøtet valde eit styre på fem som heldt lagsdrifta i gang gjennom året. Men at det då som no var lett å halle seg på formannen, kan følgjande melding i møteboka tyde på: «Det var bra um fleire vilde hjelpa til å lesa eller anna og ikkje lita berre på formannen. (…) Det er lettast å sleppa, men dess tyngre er det å vera formann. Hjelp til so ikkje også ho gjeng trøytt.»

Foreiningsmøta vart haldne i heimane til medlemane etter tur og starta oftast med ein salme, gudsord og bøn. Deretter var det gjerne opplesing av høvelege stykke frå lagsblad eller andre kjelder. Fast på programmet var også mat og kaffi, og deretter utlodding. Avslutninga var om lag som byrjinga. Attåt innsamling av pengar til misjonen og religiøs oppbygging, var møta også ei sosial hugnadsstund.

Foreininga kunne stundom ta opp viktige saker som var aktuelle i tida. Eit døme er brennevinssaka i 1920-åra. Då brennevinsforbodet hadde blitt oppheva etter ei folkerøysting i 1926, var det mange som var vonbrotne, og på eit møte sa mellom anna ei engasjert Elise Fjørtoft (Johangarden): «Skularne og upplysing skal minka, og i staden skal me få brennevin. Kor skal det gå med det norske folket?»

Sjølv om Fjørtoft kvinneforeining ifølgje vedtektene skulle støtte hedningemisjonen, har dei på eit tidspunkt gått over til sjømannsmisjonen, utan at dette er nemnt i møtebøkene som finst. Pengane som laget samla inn vart delt mellom indre og ytre sjømannsmisjon. Såleis vart dei som segla i utanriksfart nådd, og dei mange fiskarheimane langs kysten, som også fiskarar frå Fjørtofta nytta, fekk økonomisk støtte.

Frå møtereferata er det ikkje mange opplysningar å finne frå dagleglivet på øya. Men i 1926 står det at det ikkje vart basar «…då det var knappe tider». Utover 1920-talet vart det svært trongt om inntekter, særleg i fiskeria, og mange fekk økonomiske vanskar. Elles vert det nemnt at vêret – då som no – kunne hindre frammøtet, og det er fortalt om eit spesielt møte: «24de Juli var det utflukt til fjells. Møtet vart halde på Vardetippen. Det var stille og varmt og sundagsfred yver dagen, og dei gamle var tapper som gjekk so høgt i varmen.»

Foreininga gav av og til støtte til ulike føremål etter søknader som kom inn. Til dømes fekk fylkeskretsen støtte til eit filmframsyningsapparat i 1940, og dei gav eit stikkort på 25 kroner til Elieser 5 i 1949. Dette var truleg eit slags gåvebrev, og eit slikt på kr 10 vart gitt til det nye Betelskipet for Nord-Noreg i 1942. Medlemar i foreininga sende også julepakkar til sjøfolk gjennom Ytre sjømannsmisjon.

Gjennom krigen 1940–45 heldt kvinneforeininga aktiviteten gåande. Frå styret i kretsen kom det oppmoding om å halde foreininga oppe i desse tidene. I 1943 står det i møteboka at mesteparten av basarinntektene skulle gå til Ytre sjømannsmisjon «…um ein då kunde nå dei som sit langt burte frå sin heim i desse vanskelege tider, og kanskje lid vondt på mange måtar. Um me kunde koma ein slik trengande til hjelp, var det vårt ynskje og vår bøn.»

17. mai 1944 var det møte på Marsteinneset. «Og det vart stor undring då døra til den andre stova vart upplata, og augo vart festa på eit veldekt bord, som lyste av små Norske flagg, som alle kjende var vårt. Augo doggast og tåra måtte fram. I slike stunder vert Gud og fedrelandet så stort. Frå Stranda og utover til Rimma hadde konene gått saman og laga kake…»

Etter frigjeringa var første møtet på Fredheim 10. juni 1945, og møteboka fortel: «Det var so godt å merka at det rådde ei hjarteleg takksemd over alle for freden, ei takk til Gud vår far, som var so god at han gav oss både fridom og fred.»

Som nemnt høgtida Fjørtoft sjømannsforening, som namnet no hadde blitt, sine førti år i 1954. Enno heldt dei på i vel tjue år, og siste møtereferatet er nedteikna 25. oktober 1977. «Då me ikkje hadde basar i år, tok me ut pengane foreininga hadde i banken og sende til Sjømannsmisjonen, det vart 804 kroner.» Til avslutning song dei «Å, ver hjå meg, for no er kvelden nær». Dermed var det sett punktum for denne misjonsforeininga på Fjørtofta.

Kvinneforening

Fjørtoft Kvindeforening fotografert på Rimma i 1956. Fotograf var Palmar Fjørtoft.


Kommentarer

Fjørtoft Kvindeforening — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>