Knudt O. Otterlei spela ei sentral rolle for utviklinga av fiskeria dei første tiåra av 1900-talet, både lokalt og nasjonalt. Han var ein føregangsmann for å fremje kvaliteten på fisken og ein talsmann og pådrivar for organisering. Såleis var han første formann i «Klippfiskkomitéen», som skulle arbeide for betre kvalitet på denne fisken, og første formann i Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag, som vart skipa i 1915.

Otterlei var fødd i 1868 og vaks opp på Ottarimma på Fjørtofta. Han gjekk eit år på Romsdals Amtsskole, men elles dreiv han fiske som dei fleste andre unggutar denne tida. Såleis var han med på dei store endringane i fiskeria frå 1880-talet og utover. Åttringen vart no etter kvart «avlegs» og møringsbåten, som var større og hadde anna seglføring, tok over. Snart kom det dekk på fiskebåtane, og etter hundreårsskiftet tok motoren over for segl og årar. Store politiske hendingar var det òg denne tida, som kulminerte med unionsoppløysinga i 1905.

Politikar
Alt dette vekte interessa til Knudt Otterlei for politkk generelt og utvikling av fiskeria spesielt. Han var aktiv venstremann og kom med i kommunestyret i 1896, der han var med dei fleste åra fram til 1925. Han var ordførar i åra 1911–12 og 1922–25 og hadde elles ei rekkje andre kommunale ombod. Som ordførar møtte han på fylkestinget, og han var den første folkevalde formannen i Møre fylkesting. Før den tid var det amtmannen (fylkesmannen) som hadde denne funksjonen. Frå 1913 til 1921 var han stortingsmann for Venstre frå Nordre Sunnmøre valkrins (det var einmannskrinsar den gongen).

Fiskeriinspektør
Etter stortingsperioden vart Knudt Otterlei fiskeriinspektør for Møre og Trøndelag. Denne stillinga hadde han frå 1921 til han gjekk av som 70-åring i 1938. Ein så lang periode med så store vanskar i fiskerinæringa har det vel ikkje vore korkje før eller sidan. Såleis var Otterlei rett mann på rett plass, for han arbeidde utrøytteleg for fiskeria og fiskarane og fekk gjennomført viktige saker trass dei vanskeleg tidene.

Kontor hadde inspektøren på Ottarimma, og derifrå reiste han ut til fiskarane i Møre og Romsdal og begge Trøndelagsfylka, «…frå lengst sud på Sunnmøre til nørdst i Namdal» skreiv Sunnmørsposten i omtalen av Otterlei då han gjekk bort. Til kontorhjelp hadde han Lars Larsson Fjørtoft, seinare banksjef og ordførar i Haram.

Det var heller lite det offentlege engasjerte seg i fiskeria før hundreårsskiftet. I 1900 vart det oppretta eit Fiskeristyre, som i 1906 vart til Fiskeridirektoratet, med base i Bergen. Ikkje ein einaste fiskar var med i starten, og dei få lokale fiskarsamskipnadene som fanst arbeidde som best dei kunne med agnspørsmål, fyrlys og andre viktige fiskarsaker.

Klippfiskkomitéen
Knudt O. Otterlei såg at fiskarane sjølve måtte ta meir aktivt del i fiskerisaker, og alt i 1909 sende han skriv til alle kystkommunane i Sunnmøre og Romsdal og bad dei velje utsendingar til eit fiskarmøte i Ålesund 10. juli same år. Viktigaste saka på agendaen var å betre kvaliteten på klippfisken. Dette måtte til for å behalde dei utanlandske marknadene i konkurranse med andre fiskerinasjonar. Det var god oppslutnad om møtet, og det vart valt eit eige arbeidsutval for denne saka med Otterlei som formann.

Det vart sendt ut informasjonsskriv om tilverking og stell av klippfisk og tilsett vandrelærarar til å reise rundt eit par månader i fisketida. Det synte seg snart frukter av arbeidet, og klippfisken som kom på marknaden i åra frametter, hevda seg som den aller beste. Dette utvalet vart etter kvart til «Klippfiskkomitéen» som vart skipa som ein organisasjon som heldt møte og årsmøte.

Då Knudt Otterlei vart stortingsmann i 1913, tok han straks opp arbeidet med å få ei lov om vraking av klippfisken – offentleg kontroll og sortering av fisken etter kvalitet. Stortinget sette same året ned ein komité som skulle greie ut saka. Der var det full semje om tvungen vraking frå fiskar til kjøpar, men Otterlei vart åleine om å tilrå det same ved eksport. Motstanden frå eksportørane var for sterk. Så kom verdskrigen i 1914 og saka vart utsett. Men i 1921, siste året Otterlei var på Stortinget, vart Lov om tvungen vraking av klippfisk og saltfisk vedteken. Med dette var offentleg kvalitetskontroll av all klippfisk innført.

Organisering av fiskarar
Tanken om ein organisasjon for fiskarar vart mykje diskutert tidleg på 1900-talet, også i Klippfiskkomitéen. På årsmøtet 8. september 1915 var skiping av eit «fiskeriselskap» på dagsorden, og den dagen vart Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag starta. Klippfiskkomitéen vart oppløyst, og Knudt Otterlei vart valt til formann i det nye fiskarlaget. Fjørtoft fiskarlag var det einaste lokallaget frå Haram som var med frå skipinga.

No hadde fiskarane sin eigen samskipnad som kunne tale deira sak overfor styresmaktene og styrke stillinga i høve til fiskekjøparane og såleis få meir att for strevet på havet.

For det var «kjøpars marknad» i fiskeria, og utover i 1920-åra var det vanskeleg å få lønsemd i sildefisket. I gode sildeår vart prisane pressa ned av oppkjøparane, og det vart lite netto att på fiskarane sjølv om dei leverte store mengder. Då tanken kom opp om organisering av storsildfiskarane for å oppnå betre og meir stabil pris på silda, støtta Knudt Otterlei forslaget heilt og fullt. På sine reiser rundt i distriktet peika han på kor viktig denne saka var og bad fiskarane bli med i det planlagde Storsildlaget.

Otterlei var ein tillitsmann og autoritet som fiskarane leit på, og dei slutta mannjamt opp om laget etter at det var skipa i 1927. Eldprøva stod 13. januar 1928. Hamna i Ålesund var full av båtar som låg søkklasta med sild. Kjøparane ville ikkje betale dei prisane som Storsildlaget hadde sett og prøvde å tilby fiskarane levering til lavare prisar. Men fiskarane stod samla, og kjøparane måtte bøye av.

Rutebåtselskap
Knudt O. Otterlei var òg med på å skipe rutebåtselskapet M.F.R. (Møre Fylkes Ruteselskap), seinare MRF og endå seinare Fjord1. Det var ikkje noko samordning eller heilskap over båtrutene på Sunnmøre, og slett ikkje i heile Romsdals amt, fram til 1920. Otterlei var ein av tre stortingsmenn frå Romsdals amt som i eit brev til amtsmannen i desember 1916 argumenterte for at det måtte opprettast eit rutebåtselskap for amtet. Amtstinget valde i 1917 ein komité til å greie ut spørsmålet, og Otterlei vart ein av medlemene. Komitéen konkluderte med at det burde skipast eit fylkesselskap. Såleis kom M.F.R. i drift frå 1. juni 1920.

Relevante nye opplysningar og kommentarar er velkomne.


Kommentarer

Knudt O. Otterlei — 2 kommentarer

  1. Du har skrive ein god og informativ artikkel om Knudt Otterlei! Berre ein detalj: Du skriv at Lars Larsson Fjørtoft, seinare baksjef og orførar var kontorhjelp hos fiskeriinspektør Otterlei på Ottarimma. Det er truleg rett. Men eg meinar at ogsåfar min, som hadde same namn som sin far, fortalde at han var kontorhjelp der då han var heilt ung.Han fortalde at han gjekk dei 5 kilometrane til fots kvar dag frå nordsida til Ottarimma, og at han kom i form med så mykje gåing. Far min, Lars Larsson Fjørtoft var fødd i 1917,han begynte på realskule i Volda, etter folkeskulen, men fekk knuteros, førstadium til tuberkulose. Han slutta skulen etter eitt år, budde heime hos mor si eitt for å komme seg. Han las norsk litteratur då, m.a. Arne Garbogs samla verk, og vart frisk. Han fullførte ikkje realskulen, men tok eitt-årig handelsskule i Ålesund. Då kunne han også rekke å jobbe hos Knudt dei siste par åra han hadde kontoret på Ottarimma. Seinare vart han styrar på Myklebust Handelslag.

    • Takk for skryt! Der var fleire òg, som Borge nemner. Berre din farfar er nemnd i mine kjelder, truleg fordi han var der lenge, men kanskje også fordi han seinare vart ein kjend og akta mann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>