Før dei store jordskifta på 1860- og 70-talet budde storparten av folket på Fjørtofta i små landsbyar, eller klyngetun, og hadde tett hopehav i det daglege. Før utskiftinga var det teigblanding; gardsbruka var delt i små stykke som låg spreidd utover og blanda med kvarandre. Kvart bruk hadde mange teigar på ulike stader, slik at det skulle vere nokolunde lik fordeling av jord med ulik kvalitet. Og alle måtte ha torvteigar, som var viktig for å skaffe brensel til heimen.

Denne teigblandinga gjorde jordbruksdrifta tungvint og lite effektiv. Teigane kunne vere så små at det var vanskeleg å drive dei godt. Det vart lang veg til dei teigane som låg lengst vekke, og ofte måtte ein gå eller køyre over andre si mark. Arbeidet på jordstykka måtte samordnast slik at brukarane gjorde dei ymse arbeida på same tid. Det var ikkje uvanleg at bruk var oppdelt i 20–30 teigar, og somme av dei kunne vere smale strimlar på 2–3 meters breidde.

For å gjere gardsdrifta lettare og meir effektiv, la styresmaktene til rette for utskifting av jorda. Det innebar at ein teikna «gardskartet» på nytt og samla all jord som høyrde til eit bruk på éin plass. Kvart bruk fekk etter utskiftinga eit heilt og udelt stykke jord tilsvarande det samla arealet på alle teigane som høyrde til bruket.

Jordskifte av ymse slag og i ulike former har gått føre seg i fleire hundre år og er også behandla i fleire lover gjennom åra. Men ikkje før ei ny lov om «Udskiftning af Jord og Skov» kom i 1857, vart det fart på utskiftinga på våre kantar. Etter denne lova var det nok at éin gardeigar kravde jordskifte for å starte prosessen.

Jordskifte på Fjørtofta
Om kanskje ikkje det første, så iallfall eit tidleg jordskifte her på øya hende i 1709. Det var eit makebyte, som vel i prinsippet alle jordskifte er, mellom Nøre og Søre Fjørtoft. Etter pålegg frå futen var lagretten samla i Nordgard for å byte nokre slåtteteigar som denne garden hadde i Sørgard.

Retten fann at det var upraktisk at Nordgard hadde slåtteteigar i Sørgard og rådde til at dei vart makebytte såleis at desse teigane vart lagde til bruka i Sørgard, og at Nordgard til vederlag fekk eit jordstykke frå kapellet og ned til fjøra, som høyrde til Sørgard. Alle gardbrukarane sa seg nøgde med makebytet, som dermed vart vedteke. Retten sette så ned bytesteinar mellom N. og S. Fjørtoft.

Bytet mellom Sør- og Nordgard gjekk langs ei grov (vassfar) som i dag ligg i røyr under kyrkjegarden.

Ei utskifting av heile utmarka på Fjørtofta skal ha blitt utført ca. 1860, men nærare opplysningar manglar. Ei overutskifting av utmarka på heile øya gjekk iallfall føre seg i 1863. Utskiftingsforretninga vart avslutta og kunngjort «i Johannes Olsen Fjertofts Huus, Nordre Fjertoft» den 26. august 1863. Tinglyst 12/1-1864.

Både Nordre og Søre Fjørtoft har no nummer 3 i matrikkelen (gnr. 3). Før 1886 hadde S. Fjørtoft nr. 4, men då overtok Otterlei dette nummeret.

Utskifting av Nordre Fjørtoft
Landsbyen eller klyngetunet på Nøre Fjørtoft låg om lag der tunet til Åmundgarden ligg no.
Kravet om utskifting av innmarka var datert 16. januar 1864 og underteikna av alle oppsitjarane på Nordre Fjørtoft.

Sjølve utskiftinga vart gjort i 1864 og tinglyst 16/10-1866. Der var då 8 bruk i klyngetunet. Dei oppsitjarane som kunne la husa bli ståande i tunet på sine gamle tomter, nemleg Hans Olsson (Låna) og Johannes Olsson (Åmundgarden), forplikta seg til å betale 15 spesidalar kvar i utflyttingskostnader til dei som måtte flytte husa sine til nye tomter.

For å justere den første utskiftinga vart det gjort ei overutskifting i 1866-67. Denne vart tinglyst 28/4-1868.

Utskifting av utmarka i N. Fjørtoft vart starta i 1897, avslutta 23/10-1901 og tinglyst 11/8-1902.

Søre Fjørtoft
Klyngetunet på Søre Fjørtoft stod i området der tunet til Berngarden ligg i dag. Det som vart kalla «Storstauå» etter eit stort hus (staue) som stod der, utgjorde halve Søre Fjørtoft. Det var truleg ei lang lån med to separate husvære. Bygninga vart riven i slutten av 1790-åra og seld til Vestrefjorden. Dette bruket vart tidleg på 1800-talet delt til det som vart Ivagarden og Berngarden. Gamlehuset på Ivagarden er framleis i bruk som bustadhus.

Oppstart av utskiftinga av innmarka var 27/10-1863. Den vart avslutta pr. 15/1-1864 og tinglyst 23/2-1864. Ei overutskifting vart utført litt seinare og tinglyst 22/11-1864.

Ei utskifting av utmarka starta i 1878, var ferdig i 1881 og vart tinglyst 17/4-1882.

Å flytte husa frå klyngetunet ut til den nye garden og bygge dei oppatt der, var litt av eit skippertak. Somme nytta høvet til å setje seg opp større og betre hus. Dei som slapp å flytte tunet, hadde plikt til å hjelpe dei som flytta både økonomisk og med transport og arbeid.

Kart Søre Fjørtoft 1865

Søre Fjørtoft etter overutskifting (raude strekar) 1865

Otterlei – Davik
Også i Otterleia laga det seg eit klyngtun etter kvart. Det stod der Olagarden ligg i dag. Ikkje alle bruka hadde tun i «landsbyen»; innover (mot søraust) var Rimma siste bruket i klynga (før husa vart flytta dit dei ligg no). Andre vegen var Kleiva siste tunet i klynga. Utskifting av både inn- og utmarka vart gjort omkring 1875 og tinglyst 26/6-1876.

Om tuna til Pe-Rimma og Ottarimma låg i lag er uklart, men der var iallfall ei utskifting av innmarka tinglyst 26/7-1875. Utskifting av utmarka deira er tinglyst 26/6-1876.

Sørenvik og Fuglevik låg ikkje i klynge, men dei to Davik-bruka gjorde det truleg. Over utmarka for alle desse fire bruka vart det halde utskiftingsforretning i 1869. Ei minneleg utskifting av innmarka i Davika er tinglyst 14/7-1885.

I Haram bygdebok frå 1947 er desse tuna lista opp i gnr. 4 Otterlei: Inste-Davik, Ytste-Davik, Fuglevik, Sørenvika, Rimma, Didrikgarden, Gjerdet, Nygjerdet, Johansgarden, Olagarden, Kleiva (2 tun), Pe-Rimma, Ottarimma, Nyrimma.

Nye opplysningar er velkomne!


Kommentarer

Klyngetun, teigblanding og utskifting — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>