Det gamle Fjørtoft kapell stod på om lag same staden som dagens kyrkje står. Det var ei lita låg, torvtekt trekyrkje, bygd av tømmer. Stokkane var runde, men sletta innvendig. Tradisjonen seier at tømmeret hadde vakse på Fjørtofta. Frå først av var det berre skip og eit lite våpenhus. Huset var då om lag 6 x 6 meter. Koret og eit skriftehus var bygt attåt i 1765.

Kyrkja var så lav at når ein stod ute på marka, nådde ein oppå torvvolen med handa. Dørene var så låge at vaksne folk laut bøye hovudet når dei gjekk ut og inn. Endå lågare hadde kyrkja vore før, for i 1765 løfta dei taket opp og bygde på eit omfar. Same året sette dei inn småruta vindauge.

Utvendig var kyrkja bordkledd og i eldre tid tjørebredd. Golvet var av pløgde bord. Inne i kyrkja var det ein liten lem, ein preikestol og eit lite alter i koret. Over kordøra hang ei måla tavle, oppsett og kosta av sokneprest Henning Abelseth i 1765. Denne presten var ein halden mann, og han fekk gjennomført store vølingar og betringar på kapellet som han betalte ein god del av sjølv.

Oppe under taket hang eit lite skip og ei lita kyrkje. Annan prydnad var der ikkje. Ei lita kyrkjeklokke høyrde til kapellet. Ho finst framleis og vert stundom brukt saman med den nyare klokka i Fjørtoft kyrkje. Denne innskrifta står rundt klokka: «Sankte Olave ora pro nobis» og årstalet 1520. På norsk: «Sankt Olav ber for oss». Ein altarkalk (eit beger) av sølv som framleis finst, vart truleg gitt av to sjøfolk som forliste og vart berga av folk frå Fjørtofta. Innskrifta på kalken nemner to namn og årstalet 1638.

Det er truleg at erkebispen sin verdslege ombodsmann på Sunnmøre, Bjørn Vikværske på Søre Fjørtoft, bygde kapellet for seg og huslyden sin. Til Fjørtofta kom presten i katolsk tid to til fire gonger i året og heldt messe og skrifte for Vikværske, huslyden hans og andre som budde på øya. Skipper Laurits Sæbjørnsen Fjørtoft, som levde litt før og litt etter 1600 og var den siste på øya som åtte noko særleg rikdom, var kan hende av denne ætta.

Sokneprest Abelseth fortel i 1765 at gamle folk fortalde etter sine foreldre og besteforeldre at ein «fornem mann» skal ha budd på Søre Fjørtoft i gammal tid. Husa etter denne mannen stod enno i Abelseth si tid. Men ingen veit kva tid kapellet vart bygt. Kanskje på 1500-talet eller endå tidlegare. På ein tømmerstokk over koret stod talet 1306 innrita. Dette kan vere byggeåret.

Også i 1659 var det ei større vøling på kapellet, då det var så forfalle at det heldt på å rotne ned. Kostnaden kom på vel 57 riksdalar ifølgje rekneskapen som finst att. Truleg var det oppsitjarane på Fjørtofta, Uksnøya og Myklebust, som sokna til kyrkja, som betalte gildet. Etter at Bjørn Vikværske gjekk ut av historia, overtok folket kapellet. Frå tidleg på 1600-talet var det gudstenester der nokre få gonger i året. Men for kyrkjelege handlingar som nattverd, vigsle, gravferd og kanskje også dåp måtte dei til Haram. Kyrkjegard var det på Fjørtofta først i 1810.

I sine «Erindringer» skriv Ole Barman, som heldt gudstenester i kapellet før nyekyrkja kom på plass, om gamlekyrkja:
«Huset var nu paa ingen Maade tilfredsstillende. Vintertiden kunde vel alle paa sin Maade trænge sig ind. (…) Sommertiden kunde Folk komme fra andre Øer ogsaa, og største Delen maatte da staa udenfor med aabne Vinduer. De som var indenfor Væggene, fik sig da alltid et godt passende Dampbad.»

I 1878 vart ny kyrkje bygd, like ved den gamle. Siste gudstenesta i gamlekyrkja var 17. søndag etter treeining (13. oktober) i 1878. Det var stor tilstøyming av folk til denne avslutninga av eit gudshus som mange hadde kjær, men berre eit fåtal fekk plass inne. Det var ikkje mindre enn 103 personar som gjekk til nattverd, og to barn vart døypte. Prest var Ole Barman.

Etter dette vart kapellet rive og selt for kr. 240,-. Tømmeret vart frakta til Sørdalen ved Syvde og sett opp som bustadhus der.


Kommentarer

Fjørtoft kapell — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>