Frå korn til mjølk
Før førre hundreårsskifte vart det dyrka mykje korn på gardane, men frå 1880-talet om lag vart drifta lagt om til meir mjølkeproduksjon. Åkrane vart isådd med timotei og og gjort til slåttemark. Mjølka som no vart til overs på garden, vart send til Ålesund for å seljast. Etter kvart som stadig fleire frå heile Sunnmøre leverte mjølk til byen, fløymde det over, og prisen vart deretter. Difor starta dei i mange bygder smørmeieri for å få meir pengar ut av kvar mjølkeliter – her på Fjørtofta i 1894.

Då første verdskrigen kom (1914–18), vart bøndene pålagde å utvide kornåkrane. For sjølv om Noreg var nøytralt, kunne det fort bli vanskar med importen av korn. Etter at krigen var over og normal handel kom i gang igjen, minka korndyrkinga mykje.

Under krigen og okkupasjonen 1940–45 var det uråd å hente korn frå andre land, og med 350.000 ekstra munnar å mette, tok korndyrkinga seg oppatt. Ikkje berre dei gamle kornslaga havre og bygg vart dyrka, men også kveite, med godt resultat. Då krigen var slutt minka kornåkrane fort, og etter 1950 har det ikkje vore nemneverdig kornproduksjon på Fjørtofta.

Fjøsstellet
I tidlegare tider, før det var innlagt vatn og straum i fjøsen, var fjøsarbeidet eit slit. Varmevatn til vasking måtte berast frå stovehuset og drikkevatn til dyra frå ein bekk eller brunn. Så måtte kyrne handmjølkast og mjølka berast heim til bruk og for kjøling. Dette var kvinnearbeid, og det var som regel kona på garden som trakka denne vegen to gonger for dag, eventuelt ei vaksen taus.

Å mjølke 7–8 kyr for hand var hardt arbeid, så det var ei stor lette for kona på garden då mjølkemaskina kom inn i fjøsen omkring 1950. Frå denne tida tok også mennene så smått til å ta del i fjøsstellet. Det er fortalt at dei første karane som hjelpte til med fjøsarbeidet, sneik seg usett bort i fjøsen, for det var nærast ei skam for mannen å gjere slikt kvinnfolkarbeid.

Innlagt vatn og straum, varmevatn og mjølkemaskin gjorde arbeidet i fjøsen meir effektivt og sparde bonden for fysisk strev og tid som kunne brukast til andre ting. Som på andre område i gardsdrifta, gjekk også utviklinga sin gang i fjøsen. Etter den berbare mjølkemaskina kom røyrmjølkeanlegg som sende mjølka frå juret rett til ein kjøletank. For kvar bås er det uttak for tilkopling av spenekoppane.

Neste steg i utviklinga var mjølkestall, der fleire kyr vert stilt opp i lag rundt ei grop der «budeia» står og kan setje på mjølkekoppane med rett rygg. Når ei pulje kyr er ferdig mjølka går dei ut, og nye kjem inn. Dette fungerer berre med lausdrift. Det aller siste er mjølkeautomat som kyrne går til og får seg mjølka når dei føler for det. Så langt er det enno ikkje kome på Fjørtofta; det næraste heilautomatiske mjølkeanlegget finst på Rogne i nyfjøsen til Erling Rogne i Gunnagarden.

Mjølketransport
Etter at Sunnmøre Meieri starta i 1918, vart mjølka sendt dit på rutebåten. Før tankbilen kom til Fjørtofta, vart mjølka levert i spann på 30 eller 40 liter. Somme leverte så lite som 15–20 liter. Spanna var merka med eit nummer, slik at meieriet visste kvar mjølka kom frå og tomspanna kunne finne vegen tilbake til eigaren for vasking og nytt påfyll.

Mjølkespanna vart trilla til kaia anten i Fjørtoftsvika eller Davika. Dei som hadde fleire spann å levere, utstyrte seg gjerne med ei tohjuls trille. Eit enkelt spann kunne køyrast på ei trillebåre, eller trillast på sykkelen. Nokon laga seg ei lita vogn som dei drog etter sykkelen, og dei første som kjøpte traktor festa ein trelem bakpå og sette spanna oppå der. På snøføre vart det brukt slede.

Litt enklare vart det for bøndene då Olav O. Fjørtoft (Markabø) skaffa seg ein Bedford lastebil i 1952 og tok til med mjølketransport. Dette var før bilferja si tid, og det var fiskebåten «Broegg» som frakta bilen til Fjørtofta. Gardbrukarane sette opp meterhøge mjølkebukkar attmed vegen som spanna vart plasserte på. Derifrå vart dei plukka opp av sjåføren, som var Oddvar Otterlei dei tre første åra, og køyrt til Davik-kaia, seinare Vågholmane. Inge Otterlei kjøpte Bedforden i 1955 og tok over mjølketransporten.

Lastebilen vart sidan bytt ut med varebuss, utan at det betydde noko for gardbrukarane. Monaleg enklare vart det då tankbilen til Sunnmøre Meieri kom og henta frå 1973. For dei som hadde røyrmjølkeanlegg og kjøletank vart det ei ny tid. Lettare vart det også for dei som framleis brukte spann, sidan tankbilen tømde dei òg.

Mekanisering og utvikling
Frå rundt 1950 tok bøndene på Fjørtofta til å byte ut hesten med traktor, noko som var eit stort framsteg i jordbruket. Traktoren var sterkare enn hesten, han måtte ikkje salast på og av for kvar arbeidsøkt, han trong ikkje kvile, og han åt ikkje mat som heller kunne brukast til kjøt- eller mjølkeproduksjon.

Først ute med traktor på Fjørtofta var Jon J. Otterlei, i 1948. Den var utstyrt med slåmaskin og plog, og andre gardbrukarar leigde han både til å slå gras og pløgje. Dei såg fort at traktoren var framtida, og det gjekk ikkje mange åra før hestestallen stod tom på dei fleste gardane. Etter kvart som det kom reiskap til traktoren, vart gardsarbeidet no både lettare og meir effektivt.

Fiskeria la mykje av grunnlaget for utviklinga i landbruket på Fjørtofta – som så mange andre stader på kysten. Både 1940- og 50-åra var gode tider på sjøen, og mange betalte ned lån og somme la seg opp pengar. Såleis vart det rom for investeringar også på land med bruk av fiskepengar. Nokon selde seg også ut av båten og brukte pengane på å bygge opp garden, som Jon Davik og Leiv O. Fjørtoft på slutten av 1960-talet.

Litt seinare gjorde Bjørn O. Fjørtoft det same. Han selde fiskebåten, Guttorm II, og gjekk heilt inn for landbruket saman med kona Gudrun. Dei bygde ny fjøs og løe og dyrka opp så mykje ny slåttemark at dei kunne fôre 16 kyr. Mjølkemengda kom opp i 100 000 liter på det meste, og i tillegg heldt dei oksar og dreiv med kjøtproduksjon.

Nye driftsmåtar
Ein stor omsnunad i gardsdrifta på våre kantar var innføringa av fôrhaustaren saman med bygging av store siloar på slutten av 1960-talet. Fôrhaustaren både slo og kutta graset, tilsette maursyre og bles det opp i tilhengarkassa i éin operasjon, og det fulle lasset vart tippa eller tømt på annan måte opp i siloen. Såleis kunne heile slåtten i prinsippet utførast av éin person, men i dei fleste tilfelle var der ein hjelpar eller to.

Huslandsgarden var den første på Fjørtofta som skaffa seg fôrhaustar og fekk bygt storsilo. Fleire følgde snart etter, og det vart investert i nye tilhengarar og avlessarvogner. Større traktorar kom òg etter kvart, for «gråtassen» vart i veikaste laget for fôrhaustaren.

På kort tid var det så godt som heilt slutt med den arbeidsintensive hesjinga, som kravde mykje folk og som varte heile sommaren. Med silo tok slåtten kortare tid, fôret vart betre og mindre mannskap trongst. Ei minusside var det likevel: arbeidsfellesskapen som hadde vore, vart broten opp, og bonden vart meir isolert i arbeidet på markene. No fekk han selskap av støyande maskiner i staden.

Ny jord
Utover 1960- og 70-talet var det bra statstilskot å få til å lage gode avløpsanlegg for dyrking av ny jord. Den første gravemaskina kom på Fjørtofta i 1959, og med slik reiskap var det mogleg å ta skikkelege grøfter. Dermed kom no ein periode der mykje kanaliseringsarbeid vart utført med hjelp av maskiner og mannskap frå Jostein Otterlei Maskinstasjon. Dette la grunnlaget for storstilt nydyrking på Fjørtofta. Heradsagronom Emil Nerland var ein god hjelpar i planlegginga av kanalar og dyrking.

Såleis vart det i løpet av eit par tiår dyrka minst tusen mål ny jord over heile øya. Særleg mykje utmark la dei under gravemaskin og plog i Davika, på Ekregarden og i Steinholen. Men også alle dei med middels store bruk som fornya seg frå 1970-talet og utover, utførte ein god del nydyrking. Større fjøsar med fleire kyr kravde meir grovfôr og dermed større areal slåttemark. I tillegg vart mykje av den gamle dyrkamarka grøfta oppatt og forbetra, og Malvin Otterlei dyrka 50 mål på fjellet.

Med eit jordskifte fekk Lars Kyrre Fjørtoft i Ekregarden samla all si jord i eitt stykke på 373 mål på austsida av øya og flytta tunet hit. Ny driftsbygning var på plass i 1974 og bustadhuset året etter. Heile stykket var utmark, og Lars Kyrre dyrka opp 190 mål ny jord her.

Optimisme
Inntekta per årsverk i landbruket hadde lenge lege godt under ei årsinntekt i industrien. For å redusere dette gapet og såleis styrke jordbruket, gjorde Stortinget i 1975 eit vedtak som innebar at inntektene til norske bønder skulle opp på lønnsnivået til industriarbeidaren innan 1981. Dette skapte ny optimisme i landbruket.

Denne tida vart det såleis renovert mange fjøsar, eller bygt nye, og det vart etablert mange «familiebruk» med standard 16 båsplassar pluss ungdyr utigjennom 1970- og 80-talet. Desse produserte om lag 80.000 liter mjølk jamt over. Tre bruk med større kapasitet bygde fjøsar med 30–32 båsplassar. Det var Davik, Ekregarden og Steinholen med mjølkekvote på høvesvis 140.000, 146.000 og 150.000 liter.

Betre gjødsling
I eldre tider vart dyregjødsla lagt i dynge utanfor fjøsen. Mykje av næringsstoffa regna då bort, og landet (urinen) rann vekk. Det var eit stort framsteg i jordbruket då gjødsla vart oppbevart i ein stengd kjellar – landkjellar. Med den omlegginga vart næringsstoffa i dyreavføringa bevart og landet teke vare på. Såleis vart gjødsla meir effektiv og avlingane dermed større.

Eit nytt framsteg var det å lage tette landkjellarar for blautgjødsel. Gjødsla vert tilsett vatn for å kunne rørast saman før utkøyring med tankvogn, og ei elektrisk eller traktordriven pumpe vert brukt både til røringa og pumpinga frå gjødselkjellaren. Anlegg med kilometervis med slangar som hentar gjødsla direkte frå kjellaren og spreier henne utover markene, vert også brukt.

Nye innhaustingsmetodar
Store endringar har også kome til i innhaustinga av gras sidan fôrhaustaren si tid. Rundballane kom som ein liten revolusjon på 1980-talet. Med denne hausteteknologien blir slåtten meir fleksibel enn med silo, fordi ein kan ta pause til dømes ved dårleg vêr, medan silolegginga helst bør gå jamt til den er ferdig. Ein annan fordel er at «traktoregga» kan lagrast nær slåtteplassen så det blir kortare transport, og for det tredje sparer ein investering i silobygg.

Silo er likevel framleis i bruk, men med ein annan teknologi enn før. Som ved rundballar vert graset først slege med slåmaskin, så tørka nokre timar på marka og deretter plukka opp med lessevogn eller finsnittar. Sistnemnde kuttar graset slik at det pakkar seg betre. Davik brukar lessevogn og har graskuttar i vifta som blæs graset inn i siloen. Dei brukar rundballar i tillegg.

Steinholen lagrar det meste av fôret i rundballar. For å effektivisere slåinga, har dei skaffa seg ei Butterfly slåmaskin som slår i ni meters breidde. Med den er slåtida på eit stykke eng redusert med over 70% i høve til gamlemaskina. Namnet Butterfly kjem av at ho har to «vingar» som kan slåast ut og leggast saman.

Færre bruk
Mange av gardsbruka på Fjørtofta fornya driftsbygningane i dei gode tidene og bygde store, runde siloar, slik dei står i dag. Dei små bruka som ikkje kunne henge med i denne utviklinga, slutta etter kvart av drifta, eller dei la om frå mjølk til sauehald. Også «familiebruka» som vart bygde opp frå omkring 1970 vart seinare for små; inntekta vart for lita og vanskane med utviding og utvikling for store. Dei fleste la ned drifta, og til slutt var det berre «dei tre store» att.

Fram til 1997 var mjølkekvotane fastlåst, men frå den tid vart det opna for kjøp og sal. Ekregarden selde kvoten sin i 2000 og avslutta drifta, medan dei to attverande produsentane etter kvart kjøpte større kvote. Både Davik og Steinholen har no mjølkekvoter på 300.000 liter kvar, så år om anna kjem det 600.000 liter mjølk frå Fjørtofta. Dette er truleg meir enn då det var omkring 45 mjølkeprodusentar på øya på 1960-talet, for det var mange små bruk, og kvar ku mjølka ein god del mindre enn i dag.

Dei to aktive gardsbruka slår no all innmark og haustar så godt som alt graset på Fjørtofta. Men det er mykje areal å halde ved like og vanskeleg å oppretthalde kvaliteten på beita og anna mark. Å handtere alt arbeidet med gjerder, tilsyn av dyr på beite, flytting av dyr, beitepussing og mykje meir i tillegg det daglege fjøsstellet, er ei stor utfordring med så lite folk. Med berre to brukarar på øya er det også ein sårbar situasjon i tilfelle ein av dei skulle falle frå eller legge ned drifta.

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Jordbruk på Fjørtofta — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>