Fjørtofta er ei av øyane som utgjer øyrekkja Nordøyane på kysten nord for Ålesund. Øya har eit areal på 8,9 km² og eit innbyggartal på 128 pr. 1. januar 2017. I 1970 var det 479 innbyggarar. Dei siste åra har det vore mykje fråflytting, særleg av barnefamiliar.

Høgste punktet på Fjørtofta er Æafjellet som ligg 112,5 meter over havet. Næraste granneøyar er Harøya i nordaust og Flemsøy/Skuløy i sørvest.

Øya er altså relativt flat og har lege under havoverflata i lange periodar. Då Rønstadhellaren og Hamnsundhellaren vart laga av bårene, til dømes, stod havet om lag 60 m høgare enn no. Når landskapet er flatt og vatnet ikkje renn så lett på sjøen, vert det gjerne danna myr. Og på Fjørtofta er det store myrområde.

Det flate terrenget har òg gjort det enkelt å lage veg rundt heile øya, noko dei tre naboøyane i sør saknar. Fjørtoftneset er eit fint turområde som blir mykje brukt både av dei fastbuande og tilreisande. Her er det vakker natur med rikt dyre- og fugleliv. Utegangarsau (villsau) beiter området og held vegetasjonen nede. Midt på Fjørtoftneset er det registrert eit gravfelt med 5 gravrøyser. Turar til fots og på sykkel er ideelt over heile øya.

Det er mykje dyrkbar jord på store delar av øya, kanskje mest på austsida. Før statstilskot og store maskinar kom på bana, var det så å seie uråd å dyrke myra. Av den grunn og fordi det viktige kornet trong tørrlendt mark, vart det først og mest dyrka på nordvestre delen av øya. Men i seinare tid er også mykje myr lagt under plogen.

For hundre år sidan var øya nokså snau for skog, berre få tre var å sjå. Seinare har det blitt planta mykje skog, mellom anna vart det gjort ein god del leplanting. Det vart brukt mykje sitkagran, og ho veks seg så stor at ho no nærmast er blitt ei plage.

Myra var elles til velsigning i eit trefattig landskap, ettersom ho sytte for naudsynt brensel til heimane. Såleis var torvspaing om våren og heimkøyring utpå sommaren like visst og viktig som andre onner. Alle gardar hadde torvteigar, og dei som ikkje hadde eit lite bruk med torvteig, fekk gjerne spa med nokon som hadde. I nyare tid kunne også jordlause heimar få kjøpt torv.

Som ein kuriositet kan nemnast at sjølv på høgste Skuletoppen fann dei djup myr då ei turhytte skulle setjast opp der i 2016. Hytta måtte byggast på pålar, for det var 1,60 meter ned til fast grunn på det djupaste.

Klimaet er typisk vestlandsklima – skiftande mellom sol, regn og vind. Vêret byr på store og fascinerande kontrastar – frå dagar med speilblank fjord og sol frå knallblå, skyfri himmel via nesten vassrett piskande regn og sludd til «spektakulære» stormar med nyttårsorkanen i 1992 som det desiderte «høgdepunkt» i nyare tid.

Farvatnet utanfor Fjørtofta er ureint med mange skjer og holmar som gjorde det utrygt for fiskarane. Derfor «må en Fisker have 40 såkaldte Méd i Hovedet om han skal unngå alle disse blinde Skjær og Klipper», skriv Hans Strøm

I tidlegare tider var det berre to gardar på Fjørtofta – Nøre Fjørtoft og Søre Fjørtoft – med gardsnummer 3 og 4 høvesvis. Men frå 1760-talet fekk folk lov å bygsle seg plassar i Søre Fjørtoft si utmark, og med tida vart utmarka omgjord til dyrkamark. Slik oppstod garden Otterlei, som i 1838 vart matrikulert og overtok gardsnummer 4. Davik og Fuglevik høyrde frå gammalt av til Nøre Fjørtoft si utmark, men vart lagt til Otterlei under matrikkelrevisjonen i 1886.

Fram til 1950 om lag, var viktigaste næringane jordbruk og fiske. Fiskarbonden hadde rådd grunnen i fleire hundre år, men frå tidleg på 1900-talet tok bonden og fiskaren til å skilje lag. Jordbrukaren var nok enno i mange tiår avhengig av sjøen som attåtnæring, medan stadig fleire fekk fiske som einaste yrke.

Frå midten av hundreåret fann folk arbeid og levebrød på andre felt i aukande grad – særleg i industrien. I dag er det vel ingen på øya som har fiske som yrke, og det er heller ikkje mange som har landbruk som levebrød.

Fjørtofta har vore ein del av Haram kommune sidan denne vart oppretta i 1837. Vigra var då også ein del av Haram, men vart skilt ut som eigen kommune i 1890. Frå 1. januar 1965 vart Haram og Vatne kommunar slått saman.

Øya høyrde til Haram kyrkjesokn saman med dei andre øyane til 1914, då Fjørtoft vart eige sokn (med Myklebust og Uksnøya fram til 1/1-1965). På Ottarimma stod kyrkjenaustet med kyrkjebåten, som var sameige for heile øya. Herifrå fór dei til kyrkja på Austnes.

På Fjørtofta var det ei lita kyrkje (kapell) alt frå 1500-talet (kanskje før), og frå 1622 var der preike 3–4 gonger i året. For kyrkjelege handlingar som giftarmål, gravferd og meir måtte folket likevel til kyrkja på Haram i tidlege tider. Noko færre båtturar dit vart det etter at øya fekk sin eigen kyrkjegard i 1810. Ny kyrkje vart bygd i 1878 og det gamle kapellet rive.

Kommentarar, opplysningar, bilete m.m. er velkomne her og på dei fleste andre sidene.


Kommentarer

Innleiing – generell omtale av øya — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>