Fram til midten av 1900-talet var fiskarbonden ei av dei vanlegaste «yrkesgruppene» på øyane og kysten i det heile. Nemninga «fiskarbonde» gjeld ikkje berre mannen i huset, men femner om heile huslyden. Mannen var fiskaren, medan kvinna ofte hadde både ansvaret og arbeidet med gardsdrifta. Borna måtte også delta i arbeidet så langt dei rakk. I tillegg hadde garden gjerne både dreng og tenestejente.

Heilt fram mot førre hundreårsskiftet var det vanleg å dyrke korn her på øya. Fleire faktorar gjorde det etter kvart gunstigare å trappe ned med korn og legge meir vekt på fedrift: korndyrking var arbeidsintensivt, og det vart knappare og dermed dyrare med arbeidshjelp fordi mykje ungdom reiste til Amerika. Betra kommunikasjonar auka tilgangen på billeg korn frå Europa og Amerika, samstundes som folk fekk meir pengar mellom hendene p.g.a. gode tider i fiskeria.

Mykje av kornåkrane vart såleis lagt om til grasmarker, og det vart større mjølkeproduksjon på gardane. Mjølka vart sendt til Ålesund med rutebåten, frå 1920 med MRF/Fjord1 sine ulike rutebåtar og ferjer. I 1970 tok Sunnmøre Meieri til å hente mjølka på gardane på øyane med eigne tankbilar.

På Fjørtofta vart det starta meieri i 1894 for å få meir pengar ut av kvar mjølkeliter. Der vart mjølka omsett til smør som for største delen vart sendt til Ålesund og Bergen og eksportert derifrå til England via Newcastle. Fjørtoftmeieriet vart lagt ned i 1918, då Sunnmøre meieri vart starta.

I tillegg til kyr var det vanleg å ha sauer og høner på garden, ofte også nokre geiter og ein gris eller to. Det var så vanleg å ha hund til å gjete dyra i utmarka at ein kommunal hundeskatt vart innkravd. Den var på kr. 12,- per år i 1925.

Alle gards- og småbruk her på øya måtte ha inntekter attåt det garden kasta av seg. Dei fleste bønder deltok på vinterfiske etter sild og torsk, eller det kunne vere sesongarbeid av ymse slag. På 1960-talet fekk landbruket i Noreg eit løft; gardane fekk økonomi til å bygge nye driftsbygningar og ta i bruk nytt teknisk utstyr, som fôrhaustaren i samband med nye, store grassiloar. Ei tid framover gav no dei største gardsbruka livsgrunnlag for ein familie.

Seinare, etter at øya fekk fleire arbeidsplassar både i industri og på andre område, var det ikkje uvanleg at kvinna tok seg arbeid «utanfor heimen» medan mannen var hovuddrivaren av garden. I dag er det vanskeleg sjølv for dei største gardsbruka å greie seg åleine, og i skrivande stund (2018) er det berre to bruk som er i full drift på Fjørtofta. No er det stordrift som gjeld for å overleve som bonde.

Utfyllande opplysningar og kommentarar er velkomne. Og bilete.


Kommentarer

Innleiing landbruk — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>