Ingebrigt Davik er først og fremst kjend for sine barneseriar for radio og fjernsyn – framfor alle «Det hende i Taremareby». Det var denne han debuterte med i 1959 i NRK radio sin «Barnetimen for dei minste». Taremareby er ein serie med forteljingar og viser frå eventyrverda nede i sjøen, som Ingebrigt sjølv opplevde under oppveksten i Davika.

Og det var Taremareby som gjorde den varme radiostemma hans kjend over heile landet. I denne forteljinga lét han dei ulike fiskane og sjødyra få attkjennelege menneskelege eigenskapar. Han kjende dei så godt fordi han sett og opplevt dei sjølv når han leika i fjøra. Alle eventyra og visene var skrivne, komponert og framført av Ingebrigt sjølv.

Året etter Taremareby kom oppfølgjaren Rokke-Gina, også med songar og eventyr frå sjøverda. Både denne og den neste, Gunda Sjømus, vart seriar i barnetimen i NRK. Han laga òg barnetimeseriar frå andre miljø som han kjende frå sin eigen oppvekst, til dømes Muffe og Lissomskogen. Tydeleg inspirert av barndomen på Fjørtofta er også fjernsynsfilmen Guten og måseungen.

Ingebrigt Davik var svært allsidig og har ein stor produksjon bak seg. Han skreiv fleire barnebøker, og nokre av dei vart omsett til andre nordiske språk. Både Taremareby og andre av barnetimeseriane er utgitt i bokform. I tillegg er det blitt ti plateinnspelingar, først og fremst av hans eigne viser, men også med andre ting.

Fleire av barneseriane vart dramatiserte både for teater og fjernsyn, og ein god del vart brukt av NRK TV. Særleg Taremareby er brukt på tallause amatørscener langs heile kysten og vart umåteleg populær. Her lokalt er historia om denne «byen» blitt framført som teater både på Fjørtoft skule og av UL Fram på Flemsøy/Skuløy. Og både songane og historiene var ei tid allemannseige over heile landet.

Men Davik vart ikkje berre kjend som songar og forteljar i radioen. Han turnerte mykje rundt om i landet med eigne sceneframføringar i regi av Folkeakademiet, Norsk Forfattarsentrum, Riksteateret og folkebibliotek. Ei tid var han hospitant ved Rogaland teater og Statens teaterskule og hadde tankar om å bli skodespelar. Såleis treivst han godt i rampelyset.

Under studietida i Oslo var han med i Studentteateret og teaterlaget i Sunnmøringen. Men det var lærar han vart. Han tok utdanning ved Hamar lærarskule og Musikkonservatoriet i Oslo og arbeidde sidan i alle år som lærar i grunnskulen i Oslo.

Ingebrigt Davik var ein allsidig kulturformidlar som virka på mange felt – frå skulestova via radio og fjernsyn til hundrevis av scener rundt om i landet. Han brukte målføret han vaks opp med både i skrift og tale, og i 1981 blei han tildelt Ingvald Skjelderups kulturpris for sin innsats for nynorsk språk.

Som teikn på takk for innsatsen Ingebrigt gjorde for å formidle den kulturen og det miljøet han vaks opp med på vår lokale kyst, vart han i 2006 heidra av Haram kommune med å få gi namn til det nye kulturhuset i Brattvåg – Ingebrigt Davik-huset. Utanfor kulturhuset står også ein bauta av mannen, laga av Ola Stavseng.

Det var i Davika på Fjørtofta Ingebrigt levde sine første åtte år, og denne barndomen sette så djupe spor at det vart grunnlag for Taremareby og mange fleire fantastiske forteljingar – og viser. I 1933 flytta familien til Brattvågen, men då krigen kom i 1940 reiste heile familien ut av landet med Koralen – først til Færøyane, sidan til Island der dei var til krigen tok slutt. Møtet med den gamle nordiske kulturen der fekk mykje å seie for diktinga hans.

Ingebrigt var frå den Davik-garden som har bnr. 1, som Eivind Davik sit på i dag. Foreldra til Ingebrigt var Nils S. Davik og Johanne Olsdotter frå Låna.

Til sist må nemnast ein av dei finaste songane vår store eventyrforteljar og visemakar har laga: Hit eit steg, og dit eit steg (dansar eg fram på skuleveg).

(Korrigeringar, nye opplysningar, bilete tek vi gjerne imot.)


Kommentarer

Ingebrigt Davik — 1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>