Heilt fram til midten av førre hundreåret var fiske og jordbruk viktigaste næringsvegane på Fjørtofta. Etter kvart vaks industri og andre næringar fram, og i dag er det berre ein liten del av dei yrkesaktive som er sysselsett i primærnæringane.

Første spiren til industriverksemd her på øya som på kysten elles var foredling av produkt frå havet. Frå dei tidlegaste tider vart det på alle gardar laga klippfisk av torsk og annan fisk og tran av levra.

Etter at apotekar Peter Møller frå Røros fann på å smelte ut tran av levra med vassbad, og seinare med dampbad, vart det etter kvart slutt med «heimebrenning» av tran. Den nye metoden laga tran av betre kvalitet som snart vart etterspurd innan medisinen. Dermed gjekk prisen opp, og det vaks fram ein ny industri langs heile kysten.

Dei høgare tranprisane kom i nokon mon også fiskarane til gode. Men etter som samvirketanken vann fram i første del av 1900-talet, tok fiskarane til å skipe tranlag, bygge damperi og lage tran av levra frå fisken som dei sjølve henta opp av havet. På den måten kunne dei få meir ut av fisket.

Den første tranfabrikken på Fjørtofta var det ålesundsfirmaet Rønneberg & Sønner som bygde sist i 1860-åra. Det var den kjende Raudebuda i Geilen i Fjørtoftsvikane. Landhandlar Peter A. Landmark tok over tranproduksjonen der på 1880-talet, og i 1890-åra sette han opp si eiga sjøbud med trandamperi, og hit leverte alle båtane på Fjørtofta, Uksnøya og søre Harøya levra.

Etter at ei stormflo tok sjøhuset og brenneriet til Landmark i 1901, skipa fiskarane på Nøre og Søre Fjørtoft eit tranlag og starta damperi i Fjørtoftsvikane. Dit leverte alle båtane på Fjørtofta levra inntil fiskarane på Otterleia bygde sitt eige trandamperi i Kleiva-fjøra i 1913.

Tilverking av tran heime på garden vart det altså tidleg slutt med, medan heimeproduksjon av klippfisk varde ved langt utover 1900-talet. Men fiskarane fann det etter kvart meir effektivt og lønsamt å levere fisken fersk, noko som gav grunnlag for industriproduksjon av klippfisk, til dømes. Men her på Fjørtofta var det slik verksemd berre ein kort periode sist på 1960-talet då Alf Turøy dreiv. Han produserte også tørrfisk seinare.

Elles har mottak og tilverking av fisk i ymse former vore drive på øya i periodar. Siste åra før 1920 omsette Fjørtoft og Myklebust Salslag fisk og sild på Vågholmbuda, og etterpå salta Fjørtoft saltelag sild både der og andre stader. Om lag på same tida var det tønnefabrikk i Davika. Vidare kan nemnast Fjørtoftfisk, som produserte saltfisk og seinare dreiv lakseslakteri, Hanord Sjømat – seinare Gjendemsjø Seafood, med både fiskeprodukt, skaldyr og røykamakrell, og dessutan fiskesalting i Broegg- og Vågholmbuda. Nemnast må òg lakseoppdrett (Gladlaks) og forsøk med østers, kveite og torsk.

Sjøen og fiskeri var òg grunnlaget for mekanisk industri på øya. Stongnes Mek. Verkstad er eitt døme. Forutan vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar laga dei der ein liten båtmotor på 3–5 hk. Andre fiskeriprodukt som vart laga der, var spel for innhaling av vegn og ein mykje omtykt sjølkveilar for snurrevad.

Eit par andre døme i nyare tid er nemnde Alf Turøy, Peder R. Fjørtoft og Edgar Davik (Fjørtoft Trål), som laga trålnøter og andre produkt for fiskeria, og dessutan reparerte slike ting. O.H. Otterlei Mek. Verksted laga mellom anna tråldører (skovlar) til den store trålarflåten på Fjørtofta. Dei laga etter kvart også mindre båtar for taretråling og fiske.

Ein del anna industriverksemd vaks også etter kvart fram – noko av det relatert til sjø og fiskeri, som Vaker, men òg noko på andre felt.

Opplysningar om noverande og tidlegare verksemder er velkomne!


Kommentarer

Industri — 2 kommentarer

  1. O.H.Otterlei hadde i mange år verkstad på Vågholmane. Kanskje kan Kjartan H. Fjørtoft gi opplysningar her. Dessutan veit eg at det finst gode bilete . Spør Tore Fjørtoft.

    Vaker industrier , v/ Knut Otterlei,laga plastbåtar og lysbøyer. Kanskje kan Geir Olav Otterlei eller Knut Alf Otterlei gi opplysningar her.

    Fjørtoft trål v/Edgar Davik bygde trålverkstad på Vågholmen då moloen vart forlengd (1980?)
    Tidlegare dreiv Peder Fjørtoft verkstad i lagerhuset på ferjekaia.

    • Takk for gode tips og opplysningar. Har alt snakka med Tore Fjørtoft som vil hjelpe med informasjon om O.H. Otterlei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>