vart stifta 13. oktober 1936 av Hanna Havnevik og Molla Christensen. Desse to ålesundsdamene starta fleire lag på Nordøyane i 1936. Ved starten var det 32 kvinner med i laget. Men då bondekvinnelaget vart skipa, var det somme som melde seg ut av husmorlaget og inn i det nye laget. Der var det meir saker som handla direkte om gardskvinnenene sin situasjon.

I det første styret var Jenny Hoel Otterlei formann, Rebekka Otterlei nestformann, Sigrid Bakken Fjørtoft kasserar og skrivar, Eda Fjørtoft, Klara Fjørtoft og Josefina Tusvik styremedlemer. Det første styremøtet vart halde 6. november 1936.

Dei første åra fekk dei bruke bedehuset til lagsmøte «når me betaler for ljos og held oss med brensel og vask». Seinare heldt dei til i heimane med kvarandre på omgang. Det var 8–10 samlingar i året forutan nokre styremøte. Faste innslag var «Ord for dagen», allsong og matykt. I mange år var det vanleg å ha med niste, medan vertinna laga ein ting attåt og kokte kaffi. Elles vart aktuelle saker drøfta og vedtekne og tida nytta til å arbeide på ting som skulle loddast ut. Festmøte og stemne vart haldne i bedehuset, ungdomshuset/samfunnshuset Varden og på skulen. Stemnedagane tok ofte til i kyrkja.

Husmorlaget starta med spedbarnskontroll i ei privat stove. Dei første åra var det heime hos Ragna Fjørtoft (Nørve), seinare i stova til Laurine Torbergsen. Etter at samfunnshuset stod ferdig, fekk laget frå 1960 disponere to rom under scena til føremålet. Dei sette sjølve romma i stand, kjøpte inventar til bruk for barnekontrollen og sytte for reinhald av lokala. Frå april 1974 tok kommunen over drifta.

Kurs i praktiske og teoretiske emne var ein viktig aktivitet i husmorlaget. Det aller første var eit fiskematkurs med 21 deltakarar. På den teoretiske sida kan nemnast tillitskvinnekurs og kurs i organisasjonsarbeid og studiearbeid, der dei fekk lære om lønnsutbetaling, skattetrekk og bruk av statsstøtte.

Laget var medlem i Husfliden ei tid og hadde fleire kurs i brodering og montering av bunad med Oddrun L. Fjørtoft som instruktør. Både Gjertrud Larsen og Bodil Marøy stod føre oppsyingskurs, og det var fleire fulle kurs med Merete Sandøy i kunsten å sy klede til små og store. Gerda Fjørtoft heldt kurs i lefsebaking, og kompostbinge fekk dei lære å lage av Oddvar Aas.

Hausten 1938 skipa husmorlaget eit kurs for farging av ullgarn med Solveig Fjørtoft (Bern-Solveig) og eit vevkurs med same dame. Denne tida gav skulestyret pengestøtte til slike kurs. Seinare heldt laget vevkurs leia av Rannveig Fjørtoft (Bakkely). Deltakarane fekk lære alt frå grunnen av – renning av veven og å tre den, veving av golvteppe og fine løparar. Vevstolane og rennebom vart sett opp i huset på Ekra, som då stod tomt og vart leigt ut til desse kursa.

Hausten 1940 fekk dei etter søknad eit ti vekers sykurs gjennom skulestyret. Lærar var frk. Marie Sunde, og 16 elevar gjekk kurset. Like over jul var det utstilling i gymnastikksalen på den nye skulen. Veggane var kledd med ei fin-fin samling av drakter, kjolar, bluser og smågut-dressar. Fleire langbord var utstilt med linsaum, underty og babyutstyr. Snitt og fargar og særs fint utført handarbeid vitna om interesse, trott og dugleik både frå lærarinna og elevane si side. Det var såleis rimeleg at det var stor tilstrøyming av folk som ville sjå utstillinga, ikkje berre kvinner, nei karane møtte også fram. Det var gildt å sjå alt det dei unge jentene hadde fått lært, til nytte for seg og sine.
(Sunnmørsposten 29/3-1941)

Mange kunstkurs arrangerte husmorlaget òg, som landskapsmåling og rosemåling med Petter Dyrkorn på Otterlei-skulen, og steinsliping med Ola Lidarende. Ei heil rekkje med kurs stod Sylvi Otterlei føre: makramé-kurs, lampeskjermkurs, korleis sette opp blomster, tørrblomsterkurs, krydderbinding, trolldeig og japansk broderi. Eit kurs i gymping (hekle-liknande teknikk for å lage små pyntedukar) vart leia av Kristine Fjørtoft.

Av meir teoretisk-praktiske kurs kan nemnast førstehjelpskurs og kurs om brann og beredskap. Det sistnemnde var leia av brannsjefen i Haram i kombinasjon med studiering.

Mange teoretiske kurs, ofte som brevkurs/studiering, vart òg avvikla i regi av husmorlaget. Nokre av dei var: Jus i dagleglivet. Slapp av, rett muskelbruk. Mennesket i naturen. Betre møte og festar. Barn leikar. Barnehagetante. Med engelskkursa Start 1 til Start 6 var lærarar på skulen ei god hjelp. Til mopedførarkurset vart nytta lokale mopedar og lærarar frå andre skular, medan teorien til førarprøva vart gjort som studiering. Organisasjonskurset «Ny giv» vart gjennomført, og i nyare tid eit datakurs med Kenneth Verpeide.

Nemnast kan òg husstellkurs for unge i 1959 med fru Birkelund frå Harøya, nålebindingskurs med Hulda Remme i bedehus-kjellaren der dei laga vottar og raggar av ulltråd og tova dei i såpevatn, og blokkfløytekurs for unge med Leif Flem i 1962.

Hos Johan Vollen fekk laget så lin i ein åker og dessutan bruke åkeren til grønsaker. Dei sende linet til Christiania Seilduksforening for spinning og fekk tilbake 6 kg lingarn. Av dette vov Joveig Otterlei dukar som no høyrer øya til og kan lånast/leigast.

På styremøte 22/6-1941 vart det vedteke å legge ned husmorlaget. Årsaka var at eit nazistisk styre hadde blitt sett inn i leiinga av Norges Husmorforbund. Mange andre lokale husmorlag gjorde det same. Pengane i kassa vart bestemt å gi til «stedets sjuke og helserøkt». I mars 1946 vart laget oppattstarta med om lag dei same medlemene som før, nytt styre vart valt og aktiviteten heldt fram som før krigen.

Eit stort prosjekt som husmorlaget tok initiativet til i 1965, var å få sett opp veglys på heile øya. Det vart oppretta ei lysnemnd med medlemer frå fleire lag, og dei første 500 kr vart samla inn på ein «lysfest». Husmorlaget hadde ansvar for økonomien i tiltaket, og Oddrun L. Fjørtoft vart leiar i nemnda og ei drivande kraft i prosjektet. Elverket laga ein plan med 73 lyspunkt rundt heile øya, og dei første lysa kom på plass i 1973, då mesteparten av Otterlei-stranda vart opplyst. I 1983 var 55 av veglysa på plass, i tillegg til nokre som privatfolk hadde sett opp for eiga rekning. Men enno nokre år tok det før heile planen var fullført. Attåt innsamla pengar var lysa finansiert av kommunale midlar og tilskot frå grunneigarar.

Nokre av medlemene i husmorlaget sydde dåpskjolar som vart leigde ut. Nokon av medlemene oppbevarte kjolane i heimen og hadde ansvaret for å stelle og leige dei ut. Også konfirmantkapper vart skaffa av husmorlaget, i 1959. Dei skipa til ein fest til inntekt for føremålet med program, utlodding og mat.

Eitt av tiltaka husmorlaget sette i gang, var arbeidsstove for born. Oddrun Fjørtoft vart av styret oppmoda til å leie aktiviteten, og ho fekk eit to dagars opplæringskurs i Ålesund. Frå 1958 kom arbeidsstova i gang heime hos Oddrun med 15 born. Det var 50 øre i påmeldingsavgift. Seinare var det arbeidsstove på skulen med ulike leiarar. Fleire medlemer vart kursa i dette, dei søkte og fekk stats- og anna støtte, og aktiviteten gjekk meir eller mindre jamt i over tretti år.

Ein annan «aktivitet» Fjørtoft husmorlag dreiv med, var å yte støtte til ulike gode formål. Nemnast kan to store sjuarma lysestakar av smijern, ei sølv døypekanne og salmebøker til kyrkja, panelomnar til bedehuset, bidrag til samfunnshuset Varden, kr 200 til Modum Bad og mykje anna. Dei hjelpte òg lag og foreiningar å søkje statleg støtte til sine aktivitetar.

Laget ordna også med blomsterhelsingar til eldre som var på institusjon. Dei som var frå Fjørtofta og hadde flytta til ein av heimane i Haram fekk blomster til jul. Medlemmer i laget besøkte dei og hadde ei samling med ord og song.

Alt i 1936 vart det skipa ei øyagruppe av husmorlag etter initiativ av Severine Roald frå Vigra, og her vart Fjørtoft med. Dei andre medlemslaga var Myklebust, Longva, Haramsøy, Lepsøy, Brattvåg og Dryna. Seinare gjekk Vigra, Brattvåg og Dryna ut, og Sandøy og Harøy kom inn. Øyagruppa arbeidde med felles saker som å få på plass husmorvikar og jordmorstilling, røykfri salong på ferja og andre ting dei hadde sams.

Årsmøte og gruppestemne i Øyagruppa vart halde kvart år og gjekk på omgang mellom medlemslaga. I 1976 arrangerte Fjørtoft husmorlag 40-års dobbel jubileumsfest for seg sjølv og Øyagruppa samstundes. Dagen vart innleia med ei minnestund ved grava til ei av føregangskvinnene og tidlegare leiar i Øyagruppa, Klara Fjørtoft. På festen vart sju æresmedlemer presentert: Thea Fjørtoft, Inger Otterlei, Anna Larsen, Solveig Fjørtoft, Gyda Otterlei, Jenny Larsen og Hanna Sandøy.

Medlemstalet låg i mange år på rundt 25, men frå slutten av 1970-talet tok det til å gå nedover, og fram mot tusenårsskiftet var det få medlemer att. Yngre kvinner fekk ansvar i andre lag som vedkom borna – i skulen, idrett og korps, og mange tok utdanning og fekk seg arbeid utanfor heimen. I tillegg vart vel husmor ei mindre populær nemning som stadig færre identifiserte seg med.

Med få medlemer og lite utsikt til nyrekruttering, vart det på to møte vedteke å legge ned laget. Ymse ting som lysestake, fat og dåpskjolane gav dei til Fjørtoft kyrkjelyd, og pengane etter lysnemnda til Fjørtoft tiltaksnemnd. Pengane i lagskassa vart fordelt på husmorlaget sentralt og tre lag på Fjørtofta.

Berre to medlemer, Aud M. Davik og Astrid Jonsås, var att då laget vart avslutta 28. oktober 2013. Eit jamt og trottig arbeid for utvikling, vekst og velferd på Fjørtofta gjennom 82 år var dermed til endes.

Kommentarar, opplysningar, bilete er velkomne.


Kommentarer

Fjørtoft Husmorlag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>