Skipingsmøtet for helselaget vart halde på ungdomshuset Varden 28. mai 1928. I paragraf 1 i lovene vart det slått fast at «Fjørtoft helselag er eit krinslag for krinsane Fjørtoft og Otterlei og høyrer inn under Haram helselag.»

Føremålet til laget var todelt:
1. Ved minst éi tilsett fastlønt sjukesyster for Haram, og ved medlemane si eigi verksemd (og elles på annan måte) å fremja sjukerøkti og motarbeida sjukdom i bygdi.
2. Ved upplysning og arbeid for større reinsemd å trygde heimane og grendi mot tæring og andre smittsame farsottar og sjukdom i det heile.

I paragraf 6 går det fram ymse måtar å samle inn pengar på, og paragraf 7 fastset at pengane skal brukast på laget sin del av løn til sjukesystera (-systrene), naudsynt sjukeutstyr for krinsen, forbindingssaker og – dersom laget har midlar til det – yte tilskot til kuropphald, sjukehusopphald o.l. for «slike som sit trongt i det».

Om dei første 20 åra finst det sparsamt med opplysningar, sidan møtebok og andre skrifter er komne bort. Laget var organisert med eit styre og ei arbeidsforeining. I den sistnemnde var det berre kvinner, som hadde møte heime hos kvarandre etter tur. Dei første åra hadde dei med seg niste og fekk kaffi med verten. Seinare hadde to og to ansvaret for maten og laga ei kake kvar.

Forutan å diskutere aktuelle lagssaker, var ein jamn aktivitet på møta å lage ting til å lodde ut. Dei laga handarbeid av alle slag – strikka, hekla, sydde og broderte. Ein gong i året, som oftast utpå vårparten, vart det halde fest med basar. Årsmøtet vart vanlegvis avvikla samstundes, gjerne midt inni «festbasaren». Til underhaldning var det opplesing av dikt eller andre ting, ofte foredrag om tema som hadde med helse å gjere, og song og musikk.

Men basardelen og loddsalet var det som skaffa pengar i kassa. Og sjølv om våren var ei hektisk tid, «møtte folk mannjamt fram og var flink å ta lodd» går det fram av møtebøkene. Det hadde dei god grunn til òg, for det var ikkje få fine ting dei flittige kvinnene hadde laga gjennom året sidan siste festbasar.

På styremøte i juni 1951 vart det bestemt å kjøpe inn ymse sanitærartiklar til førstehjelp. Sigrid Fjørtoft og Anna Otterlei, som var utdanna sjukesøstrer, kom på møtet for å gi råd. Dei sa seg villige til å ha litt utstyr kvar, sidan det likevel var dei folk først oppsøkte når dei trong hjelp. Agnes Fjørtoft, dotter til Anna, fortel at det var heilt vanleg at mora rykte ut når nokon var sjuk eller hadde skada seg. Alt var gratisarbeid, men ein gong fekk Anna eit flott kaffiservise av helselaget.

Styret vedtok på møte i juli 1955 at dei midlane laget hadde til disposisjon skulle gå til utstyr og innreiing av dokterkontor og venterom på det nye samfunnshuset som var under planlegging. I november 1956 søkte dei styret i Varden om løyve til å nytte rommet over kjøkenet til dette, og opplyste at dei hadde 7.000 kroner å bruke til formålet.

Samfunnshuset trong hjelp og stønad til mange ting, og helselaget vart ein trufast støttespelar. I 1958 vart det løyvt kr 3.000 til veggar og murpuss på dokterkontoret. Året etter vedtok dei å koste i stand klosetta, og i 1960 å kjøpe ein utslagsvask, varmtvasstank og støvsugar, dessutan å arbeide for å få til eit badstubad på huset og dusj for turnarane.

Av årsmeldinga 1960/61 går det fram at laget gav 400 kr i gåve til to sjukesøstrer til jul og kr 500,- til ein person som trong hjelp. På dokterkontoret mangla det vekt, som helselaget skaffa, og likeins vart det kjøpt ny sjukekorg til erstatning for den gamle utslitne. Året etter fekk bedehuset kr 3.000 for å legge inn vatn og installere sanitæranlegg, og dei gav 500 kr til ventestove ved Ålesund sjukehus. Innkjøpt vart ei sjukeseng, ny sjukekorg til transport av sjuke og fleire andre helseartiklar.

Men det var ikkje berre pengar det handla om i helselaget; dei prøvde òg å skaffe seg praktisk kunnskap som kunne kome til nytte i ein prekær situasjon. Til dømes var fleire medlemer på førstehjelpskurs og formidla kunnskapen vidare heime. Nokon var på hjarte-/livredningskurs, og det vart innkjøpt dokke til å trene på, saman med instruksjonsmateriell.

Velferd og trivsel var eit anna felt som laget engasjerte seg i. Mellom anna arrangerte dei turar både for seg sjølve og andre – til dømes pensjonisttur til Vaksvika i 1969 og seinare både til Valldal og Tafjord, Sæbø og Stranda. Til og med eit båtcruise til Bjørke og Øye i Hjørundfjorden med Harald Grytten som guide fekk dei på plass.

Den 21. februar 1974 skipa helselaget til eldretreff med underhaldning, kaffi og kaker på fløysalen på samfunnshuset. Høvet vart også nytta til å lufte tanken om ein aldersheim på Fjørtofta, som helselaget sysla med. To år seinare var det eit nytt eldretreff på Fløysalen og ein ny fest utpå hausten det året. Sidan arrangerte dei førjulstreff som utvikla seg til årvisse julebord. Besøk på aldersheimen på Longva for å muntre opp fjørtoftingane der må også nemnast.

I det heile gjekk helselaget no inn i ei tid der eldreomsorg på mange måtar stod i fokus. På styremøte 23/5-1971 vart spørsmålet om å få bygt ein aldersheim på øya diskutert for første gong. Agnes Fjørtoft hadde alt fått lovnad på gratis tomt med Ole H. Fjørtoft, og Elen Kongsnes, som var medlem av sosialstyret i Haram, lova å snakke med sosialsjefen.

Det viste seg at den utpeika tomta var avsett til leikeplass, og at ei kommunal nemnd for slike saker gjekk inn for eldrebustader i staden for aldersheim. Nemnda meinte også at seks plassar var høveleg, noko helselaget tykte var for lite. Dei prøvde å endre på desse tinga, men fånyttes. Til gjengjeld vart det gjort plass i bygget både til legekontor og lokale for Haram Sparebank.

Helselaget var ei drivkraft for å få på plass aldersbustaden Øyatun og jobba jamt og trutt for prosjektet i mange år. Nemnast særskilt må sjølve krumtappen i arbeidet – Agnes Fjørtoft. Då ho gjekk av som styreformann i helselaget i 1975, vart ho i staden «assosiert styremedlem» for å ta seg spesielt av saker som hadde med aldersheimen å gjere.

Elles gjekk den daglege drifta sin vante gang, og «festbasaren» vart avvikla like årvisst som før. Å få ein aldersheim på Fjørtofta var bygdefolket svært positive til, og dette arbeidet skaffa nok helselaget litt ekstra sympati og kanskje noko meir loddsal enn normalt i denne perioden.

Såleis hadde dei pengar både til å skyte inn i Stiftelsen Øyatun (kr 20.000) og til innkjøp av møblar og utstyr. Nemnda som stod føre innkjøpa fekk 50.000 kroner til rådvelde. Sidan vart det kjøpt plenklippar, oppvaskmaskin, bord og stolar, møblar til ei ledig leiligheit og mange andre ting. Alt på helselaget si rekning. Likevel hadde dei arbeidskraft og pengar å setje inn på mange andre område. Nærmast tallause er dei tiltak og gode formål som laget støtta og hjelpte fram.

Nokre ting er nemnt tidlegare, og nokre fleire døme kan nemnast frå 1980-talet og utover: 10.000 kroner til bedehuset og 15.000 til samfunnshuset, to tryggleiksalarmar til kr 12.600, handicaptoalett og rullestolrampe på Varden kr 14.000, kreftavdelinga på Ålesund sjukehus fekk kr 10.000. Pengar til luftambulansen, teleslynge i kyrkja, til barnehagen og Muritunet, oppvaskmaskin til bedehuset og samfunnshuset, apparat til å måle lungefunksjonen, kvilestolar til legekontoret og mange, mange andre ting.

Alt takka vere det trufaste og tolmodige arbeidet til kvinnene i helselaget, basarane deira og andre aktivitetar. På den årlege basarfesten 8. mars 1997 var det ei spesiell hending. Leiar Sylvi Otterlei skriv i møteboka:

«På den basaren vart Agnes Fjørtoft æresmedlem i Fjørtoft helselag. Ho har utmerka seg på mange område som aktiv og engasjert person i helselaget, der ho har vore medlem i alle år. Ho vart valt inn i styret 25/4-1950, som formann 1954–61. Så vart ho formann igjen perioden 1965–75. Dermed har ho vore formann i 17 år i Fjørtoft helselag.
På styremøte 23/5-1971 tok Agnes opp tanken om å bygge aldersheim på Fjørtoft. Ho vart leiar i komitéen som vart oppnemnt. Dette var hjartesaka til Agnes som ho la all energi og sjela si i. Øyatun stod ferdig med stor vigslefest 6/5-1984.
Agnes fekk Nasjonalforeninga si fortenestenål og diplom. Eit æresmedlemsskap er den største heider eit helselag kan gi. Frå Fjørtoft helselag fekk Agnes ein krystallvase med namnet sitt og helselaget inngravert.»

Møtebøkene til helselaget er fulle av fakta om løyvingar til gode formål og kjøp av utstyr og «ting» som på ein eller annan måte fremja helse og velferd, og som kom folket på Fjørtofta til gode. Bøkene fortel òg om alle basarfestane og andre tilstellingar av ymse slag, festar, turar og andre tiltak for eldre, vertskap for tilreisande grupper og endå meir. Det vitnar om eit stort, trufast og tolmodig arbeid til beste for fellesskapet og ei fast tru på nytta av arbeidet som dei gjorde.

Den offentlege velferda er rett nok godt utbygd i Noreg, men det offentlege vil aldri kunne kome i nærleiken av å erstatte innsatsen til Fjørtoft helselag. Såleis var det synd at laget måtte legge inn årane og overlate lokalsamfunnet til seg sjølv, så å seie.

Men dei siste åra minka det på rekrutteringa av nye medlemer. Dei gamle vart eldre, og få ville ta på seg leiaransvar. Frå 2001 er det notert berre fire møte, det siste datert 21/11-2007. Då vart det bestemt å legge ned laget, og den aller siste setninga i møteboka lyder: «Helselaget skal no avviklast.»

Formelt eksisterte det enno eit par års tid. For i kassa var der framleis ein god del pengar, som vart fordelt slik: I 2008: Øyatun kr 35.000, Fjørtoft sokneråd 5.000, samfunnshuset Varden 20.000 og Otterlei gamleskule 10.000. I 2009: Fjørtoft Handelslag kr 3.000, Fjørtoft sokneråd 3.000. Siste slumpen på kr 59,50 vart sendt til Nasjonalforeninga for folkehelsa sentralt.


Kommentarer

Fjørtoft helselag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>