Sjøen gav levebrød og inntekter og etter kvart også velstand på våre kantar. Men det kosta. Ikkje berre var det eit fysisk slit under svært kummerlege forhold i kulde og væte, men fiskarane var ofte også utsett for direkte livsfare. Og mange bleiv på havet, som det heitte – dei kom vekk, drukna.
Frå omkring 1930 tok fiskeflåten til å få radiomottakarar om bord og kunne då gjere seg nytte av vermeldingar som vart kringkasta. Før den tid måtte fiskarane lite på eigen dugleik til å tolke verteikna for å sjå kva vêr som var i vente. Det var bokstaveleg tala livsviktig sidan store verdiar i båt og vegn stod på spel, og somme tider også livet sjølv.
Men nokre gongar rakk ikkje vêrteikna langt nok; fiskarane kunne bli overraska av eit brått vêrskifte – «det kom som kasta på oss». Var ein då langt til havs, og det det bles opp til kuling og storm, vart det mange gongar ei reise på liv og død. Som oftast gjekk det bra, og det er mange historier om fantastiske seglasar på opprørt hav inn gjennom skjer og brott til ein kom trygt i land.
Men ikkje alltid gjekk det så vel, og mange hus og familiar på Fjørtofta opplevde at ein far, ektemann eller son ikkje kom heim frå sjøen. Ofte var det fleire i same familie på ein båt som kom vekk. Sorg og sakn over dei omkomne var ille nok. Når ein familiefar og forsørgjar ikkje kom tilbake, var det katastrofe for dei som sat att. Mannen var gjerne medeigar i båt og vegn som gjekk tapt, og såleis vart det også eit smerteleg økonomisk tap for familien. For å overleve i livets kamp for seg og sine, gifta enkja seg difor med ein ny mann nokså snart.
Ingen veit kor mange som gjennom tidene har mist livet på havet i kampen for tilværet. I verket Folk ved havet, band 3, har Bjarne Rabben lista opp namna på vel 5000 menn frå Sunnmøre og Romsdal som omkom på sjøen frå rundt 1700 til 1970. Det er nok ein god del fleire, for ikkje alle som miste livet i fiske vart ført inn i kyrkjebøkene (som er Rabben si hovudkjelde), eller dødsårsak er ikkje nemnt.
Nedanfor følgjer eit oversyn over folk frå Fjørtofta som mista livet på sjøen. Både ovannemnde bok og andre kjelder er brukt for å finne desse personane. I tillegg er det nemnt kvar dei høyrde heime (gardsnamn). I dei tilfella bustad ikkje har vore råd å finne ut, står uplassert bak namnet. Talet bak namnet er alderen på den omkomne. Dei aller fleste nemnde her sette livet til under fiske, men nokre få omkom i andre ærend.
|
|
(Spørjeteikn betyr tvil om personen finst eller høyrer til her.)
Opplysningar om fleire omkomne, gard/tun, rettingar, tillegg m.m. er velkomne.
Kommentarer
Havet gav og havet tok — Ingen kommentarer
HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>