Det hadde vore handelsverksemd i lang tid på Fjørtofta før handelslaget vart skipa. På 1600-talet skal Skipper-Lauris ha drive handel, og på 1700-talet Brynhild-Ola frå Gyridgarden like eins. I andre halvdel av 1800-talet dreiv Peter Landmark og Hans Andresen Ouse handel i Nordgardsvika. Sistnemnde, som berre vart kalla Ose-Hans, skal ha vore den som tok opp tanken om å skipe ei handelsforeining på øya.

På slutten av 1890-åra vart det arbeidd med å skaffe startkapital og med planlegging elles for ei ny handelsverksemd. Interessa var stor, og det var mange som teikna seg som luteigarar. Det vart kalla inn til skipingsmøte 15. september 1899, og på denne dagen vart Fjørtoft Handelslag stifta.

Det vart bestemt å bygge eit handelshus attmed meieriet. Då kunne ein samordne transport, innkjøp, forretningsdrift m.m., og bøndene kunne kombinere levering av mjølk med litt handel på butikken.

Fjørtoft smørmeieri var skipa i 1894 og låg der det i dag heiter Meierisletta, på ein teig som høyrde til Øvste Kleiva. Jonas H. Otterlei hadde stilt grunn til rådvelde for meieriet og gjorde no det same for handelshuset. Litt diskusjon om plasseringa var det likevel fordi meieriet låg i lengste laget frå sjøen, som var transportvegen.

Men ei brakke vart innkjøpt frå Ålesund og oppsett i nærleiken av meieriet, like inntil vegen om lag der Vik står i dag. Denne «handelsbarakka», som ho vart kalla, stod klar til bruk i august 1899 og inneheldt både handelslokale og lager.

Første «bestyrelsen» for handelslaget var Hans A. Ouse, formann, Martinus R. Davik, Bernt O. Fjørtoft, Laurits M. Fjørtoft og Peder H. Otterlei. Mange møte vart det utover hausten når store og små ting skulle bestemmast, kontaktar knytast med leverandørar, varer kalkulerast m.v. Med si røynsle frå handelsverksemd var Ose-Hans god å ha dei første åra.

For å drive butikk måtte dei ha handelsløyve. Martinus Davik hadde noko «papir» som amtmannen godtok, og Martinus vart dermed den første styraren i Fjørtoft Handelslag. Lønna skulle vere 2,5% av brutto omsetnad.

Varer vart skaffa frå Molde, Ålesund og Bergen. Det aller meste vart selt over disken i «laus vekt»; lite eller inkje kom ferdig innpakka. Mange varer kom i store kolli, som mjøl i 100 kilos sekkar og sirupstønner på 150 kg. I kaldt vêr tok det si tid å få fylt sirupsspanna. Mjølsekkane var av solid stoff og vart ofte sydd om til laken i heimane. Ein stor del av omsetnaden var elles varer til fiskedrifta og gardsbruka.

Som med all ny verksemd var det ikkje berre enkelt å halde hjula i gang dei første åra, men etter kvart gjekk drifta bra. I første verdskrigen (1914–18) var det gode tider, særleg i fisket, og dette kom også handelslaget til gode. I 1917 tok dei til å emne på nytt handelshus, både fordi det noverande var blitt for lite og plasseringa eit stykke frå sjøen var tungvint.

Rundt 1925 vart det bygt kai ved Nørve i Fjørtoftsvikane. Bustadhuset til meieriet flytta dei dit og gjorde det til lokale for handelslaget. Eit pakkhus vart også sett opp på kaia, og med rutebåtanløp tre gonger i veka vart varetransporten no mykje enklare.

Etter dei gode åra under verdskrigen svinga økonomien nedover frå 1920. Særleg i fiskeria vart det dårlege tider, noko som verka inn på heile øysamfunnet og dermed sjølvsagt på handelen. Det kom konkursar, båtar vart selde på tvangsauksjon og mange sat i stor gjeld. I tillegg bad ein del av luteigarane seg løyst ut av handelslaget. Forretninga klarde seg likevel gjennom desse krisetidene, men tapte mykje pengar. Somme betalte på «budagjeld» i årevis.

Nede i Nordgardsvika heldt Fjørtoft Handelslag hus i mange år, sjølv om rutebåtane etter kvart flytta til Davika og Vågholmane. Vareslaga skifta år om anna, og stadig meir kom ferdig innpakka. Ei ny kundegruppe kom til i 1950-åra: bilen gjorde sitt inntog og trong drivstoff. Ei pumpe som henta bensinen direkte frå fat vart installert.

Nye tider set nye krav, og både bygningar og åstad for butikken vart stadig meir ulagleg. Etter lengre tids «betenkning» og planlegging av styret og luteigarane, kom eit nybygg på plass i 1962. Ein heilt ny og moderne butikk vart sett opp tett attmed vegen like bortanfor kyrkja. I andre etasje på bygget var det husvære for styraren, som då var Peder Malo.

No vart det andre tider for handelslaget. Tidsmessig inventar og opplegg i butikkhyllene, fryse- og kjølediskar, moderne bensinpumper med nedgravne tankar og dessutan meir betening auka handelen monaleg. Omsetninga vaks til fleire millionar kroner i året, så sjølv om det hadde vore store investeringar, kom det nokre gode år for handelslaget.

Etter nokre års drift i det nye bygget vart det trong for meir plass. Såleis bygde dei alt i 1972 på huset og fekk med det mellom anna kontor og større lagerrom. Eit stort framsteg var det å få kjølerom i 1994; før var det berre kjøle- og frysediskar inne i butikklokalet.

For handelen og økonomien i laget var det positivt å få «Post i butikk» i 1997. Posten leiger også kontorlokale til postbodet her. Det hjelpte også bra på omsetninga å få Norsk Tipping innom dørene i 2000. Det gjorde det vel kanskje også å få ølutsal i 2000 og øl i butikk 2004.

Med dugnadsinnsats og god hjelp frå Merkur-programmet, som er ei statleg støtteordning for utkantbutikkar, vart det bygt nytt inngangsparti i 2014. Kortautomat til bensin- og dieselpumpene vart installert i 2015, til glede for både bilistar og betening. Midlar frå Merkur og Haram næringsfond dekte storparten av kostnaden.

Dugnad kan seiast å ha vore eit varemerke for drifta av handelslaget, iallfall dei siste tiåra. All bygging, reparasjonar og vedlikehald har vore utført av frivillig, gratis arbeidskraft; berre når det trongst fagleg ekspertise vart det leigt inn folk.

Som på dei andre Haramsøyane har folketalet på Fjørtofta gått jamt og trutt tilbake dei tre-fire siste tiåra – frå 358 menneske i 1990 til 128 i 2017. Med så få fastbuande er det ei utfordring å få endane til å møtast, men butikken er framleis i 2018 i god drift.

Som nemnt var Martinus R. Fjørtoft den første styraren i handelslaget (1899–1906). Fram til i dag har det vore 14 styrarar i alt, og av dei med lengre fartstid kan nemnast Lars Larsson Fjørtoft (1909–18), Knut Westavik (1930–45), Peder Malo (1959–94) og Unni Flem Fjørtoft (1994–2014). Styrar i skrivande stund (2018) er Inger Karin R. Otterlei.


Kommentarer

Fjørtoft Handelslag — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>