Handel har det vore til alle tider, til nytte for både kjøpar og seljar. Alle slags varer kunne handlast med – fisk og fe, smør og ost, sirup og tobakk. På våre kantar har fisk alltid vore ei handelsvare, og folk herifrå reiste til Bergen med fisk og kjøpte heim andre varer. Til Romsdalsmarknaden var det mange som drog, og somme heilt til Trondheim.

Ein tidleg handelsmann på Fjørtofta var Brynhild-Ola, som vart gift med enkja i Gyridgarden i 1789. Noko seinare sette han seg opp ei lita sjøbud i Bakkevika. Der selde han tråd, tau og snøre som han spann og tvinna sjølv. Dessutan onglar og forsyn til liner og anna utstyr som fiskarane brukte. Ola var elles ein av dei første på desse kantar som laga klippfisk, som han selde i Bergen.

I 1875 kjøpte Peter A. Landmark frå Brandal Handelsstedet Fjærtoften av Johannes Ose i Ålesund, som var gift med halvsøstera til Peter, Johanne Landmark. Peter arbeidde som handelsbetjent i byen, men flytta no til Fjørtofta og gifta seg med Kristoffa Einarsdotter frå Steinholen i 1876. Han hadde truleg handelsutdanning, ettersom han heldt handelskurs på Otterlei-skulen. Truleg dreiv Rasmus Olsson frå Åmundgarden handelsstaden til Ose ei tid før Landmark.

Hans Christian Andresen var handelsbetjent hos Johannes Ose i Ålesund samstundes som søstera til Peter, Olave Landmark, var tenestejente der. Dei gifta seg i 1878. Då Olave døydde i 1879, vart ho gravlagd på Fjørtofta. H.C. Andresen, som han sjølv skreiv seg, kan ha kome til øya tidlegare, kanskje som drivar av handelsstaden til Ose etter Rasmus Olsson. På Fjørtofta vart han i alle fall kalla berre Ose-Hans.

Handelsfirmaet Rønneberg & Sønner i Ålesund bygde eit stort sjøhus med trandamperi på Fjørtofta sist i 1860-åra, kjent som Raudebua i Geilen i Fjørtoftsvika. Rønneberg dreiv tranproduksjonen til ut i 1880-åra, då Peter Landmark tok over drifta og leigde buda. Rønneberg hadde eit visst samarbeid med Nordgards-Kleiva, og Laurits fekk ta over sjøbua på 1890-talet. Han flytta ho heim til Kleiva og sette ho opp igjen som løe. Hundre år etterpå bles løa ned i nyttårsorkanen 1992.

Mykje tyder på at Landmark og Ose-Hans dreiv både handel, trandamperi og anna verksemd i lag frå omkring 1875. Mellom anna er det i handsaminga av skatten av handelsverksemder i Haram i åra 1876-81 oppført firmaet Andreassen & Landmark i protokollen.

Dei bygde ei stor sjøbu, som seinare gjekk under namnet Lånabuda, der dei mellom anna hadde pakkhus og ekspedisjonslokale for rutebåten som tok til å trafikkere her frå 1885. Der var det også lagerplass og utsal av varer som fiskevegn, tau, sirup, olje og andre grovvarer. Like ovanfor sjøbua sette Landmark seg opp eit bustadhus og eit bygg for vanleg handel.

Etter å ha drive verksemda i Fjørtoftsvika saman i om lag tjue år, skilde Landmark og Ose-Hans lag rundt 1895. Sistnemnde starta no ein liten butikk i Nystova (kårhuset) på Gyridgarden, der han budde saman med Elen Hansdotter frå Bakken, som han hadde gifta seg med i 1885. Så kjøpte han Svebakken i 1902, flytta dit med Elen og hadde butikk der.

Peter Landmark dreiv vidare åleine i Nordgardsvika, men i 1901 kom storfloa og øydela alt han hadde i sjøbua. Også dei andre husa fekk mykje skade av sjøen som slo innover. Dette var meir enn forretninga kunne tole, så han gjekk konkurs og slutta med handel. Frå før bygsla han 2/5 av Nystove-jorda og flytta no handelshuset opp til vegen. Det vart påbygt og nytta til våningshus på garden, og ny løe vart sett opp. Huset står der framleis, men jorda er gått tilbake til Nystova. Lånabuda vart seinare flytta til Vågholmane og sett oppatt som Radinbuda.

Ole P. Otterlei frå Pe-rimma fekk utskilt eit stykke av garden i 1879 og bygde Nyrimma saman med kona Karen. Ole var iallfall i gang med handel tidleg på 1890-talet, kanskje før. I 1894 vart han ilagt like mykje handelsskatt som Peter Landmark. Han handla den tida med tau, vegn, tjøre, linolje og andre ting som trongst til fiske og båtar. Attåt dreiv han sjøen og hadde åttring saman med broren Knut. Seinare vart det meir vanleg landhandel med matvarer og andre ting folk hadde bruk for i det daglege. Butikken dreiv Ole så lenge han levde, til 1937.

Peder Hansson i Gjerdet var postopnar på Otterlei frå 1885 til 1933. Kona Kristoffa frå Vollen dreiv daglegvarebutikk i kjellaren i våningshuset fram til 1943. Det var ein liten butikk med dei vanlegaste matvarene som margarin, sukker, tobakk, appelsiner til jul og liknande. Kva tid ho starta med handelen er ukjent.

Martinus R. Davik (frå Maligarden) hadde også landhandel i kjellaren. Der var det også postkontor frå 1933 til 1953, men det var Einar O. Fjørtoft på Nes som var postopnar. Dottersonen til Martinus, John E. Davik, bygde nytt hus på garden då han tok over, og flytta butikken inn i tidhøvelege lokale. Der vart forretninga driven til 1964. Handel heldt fram i same lokala, men no som ein filial av Fjørtoft Handelslag, som leverte varene dit. Borgny Fjørtoft var bestyrar der eit par år, og nokon av søstrene til Jon ei kortare tid til drifta vart avvikla i 1967.

Skreddarrimma har namn etter yrket til han som slo seg ned der og bygde garden. Knut Hjelseth frå Bolsøy gifta seg med Elen Larsdotter frå Øvste-Kleiva og fekk utskilt eit jordstykke derifrå. Knut dreiv skredderi i tillegg til torskefiske om vinteren. Sonen Lars og nokon av døtrene hjelpte til med syinga.

Martin Sandøy på Damgård (Dammen) var også skreddar og sydde dressar, frakkar og kapper. Læresveinar hadde han òg. Knut Sandøy frå Norheim (Huslandsgarden) vaks opp her hos farbroren saman med broren Alf fordi foreldra døydde tidleg. Litt før andre verdskrig starta Knut handel i kjellaren, og skreddarverksemda flytta då opp i stova. I kjellaren var eit rom til butikk og eit lite kontor, som før var prøverom. I ein torvskjå var det lagerplass.

Kring 1940 vart handelen flytta til Skreddarrimma. Huset til Hjelseth var då oppattbygt etter ein brann, og Knut fekk leige kjellaren der til butikklokale. Verksemda var landhandel med alle slags varer som folk kunne trenge – frå sukker og tobakk til spikar, spader og sjøutstyr. Fat med sprøytemiddel mot ugras hadde han òg. Dessutan var han tidleg ute med tipping, og som den første på våre kantar vart han på slutten av 1940-talet kommisjonær for Norsk Tipping. Framimot 1950 slutta Knut med handel på Fjørtofta, og Oddvar Otterlei, som hadde hjelpt til litt på butikken, overtok varelageret.

Kommentarar og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Handel på Fjørtofta — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>