I 1877 var hamnearbeidskommisjonen på synfaring på kysten for å kartlegge behovet for fiskerihamner. For å betre forholda i Fjørtoftvika vart det utarbeidd ein plan for molo Flua – Bandskjeret – Bekra, og ein for molo berre Flua – Bandskjeret. Den førstnemnde planen var kalkulert til kr 154.000, den andre kr 41.000. For begge var opprensking av stein i hamna og innløpet medrekna. Arbeidet var anbefalt utført 1896 – 1900.

Dette hadde ikkje fiskarane tolmod til å vente på, og sende i 1888 ein søknad til regjeringa om at hamn i Fjørtoftvikane måtte byggast. 35 personar skreiv under på søknaden. Dei fekk med seg granneøyane i sør på ei støttefråsegn med heile 101 underskrifter frå alle tre øyane. Desse viste til at dei stundom søkte naudhamn på Fjørtofta når det bles hardt frå sørvest og det var uråd å kome seg heim til si eiga øy.

Det kom ikkje noko ut av dette, så fiskarane sende fleire søknader om å få utbetra hamna. Det viktigaste, meinte dei, var å få renska vekk stein og gjort hamna djupare, molo kunne dei greie seg utan.

Fjørtoftvika vart så oppmålt på ny i 1909, og det vart laga ein plan for opprensking av stein og mudring til ein kostnad av kr 10.000. Grunneigarerklæring vart avgitt i 1910 og tinglyst i 1912. Arbeidet kom i gang i 1913 og vart fullført same året.


Kommentarer

Hamn i Fjørtoftvika — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>