I samband med at det skulle tildelast 13 nye laksekonsesjonar i Møre og Romsdal i 1986, kom sju fjørtoftingar saman i 1985 og skipa oppdrettsselskapet AS Gladlaks. Det var Arnljot, Eldar, Kjell Einar, Leidulf og Odd Einar, alle med etternamnet Fjørtoft, og Magne Otterlei og Guttorm Sandøy.

Sistnemnde var ein av intiativtakarane til prosjektet, saman med Odd Einar Fjørtoft og Borghild Reenskaug. I lag med Eldar Fjørtoft og Guttorm Sandøy stod Borghild denne tida i brodden for eit oppdrettsanlegg for østers, og røynsler herifrå om korleis sjø, vêr og vind virka inn på slike installasjonar, kom til nytte i det nye prosjektet. Guttorm vart styreleiar i firmaet, Odd Einar dagleg leiar og Borghild økonomileiar.

Gladlaks fekk ein av dei tretten konsesjonane og starta lakseproduksjonen i 1986. Fordi det var litt magert med oppdrettskompetanse, gjekk Odd Einar oppdrettslinja på Averøy v.g. skule 1985–86, og Guttorm tok 3-årig akvakulturlinje i Sogndal 1987–90. Elles hadde trålbas Eldar mykje kunnskap om nøter, og fleire hadde kompetanse på andre felt.

Ein del av filosofien bak drifta av selskapet, var å utføre mest mogleg av arbeidet sjølv, i staden for å kjøpe tenester. På den måten kunne det skapast arbeidsplassar på øya, som var viktigaste føremålet med å skipe Gladlaks. Mellom anna var det tre sertifiserte dykkarar og to plastsveisarar i mannskapet, og ein mekanikar som gjorde alt vedlikehald på båtar, motorar og anna utstyr.

Til lokale for reparasjon og vedlikehald vart Siglaos-buda leigd, og ved sida av Fjørtoft Mekaniske bygde dei kai og sette opp kran og vaskemaskiner for nøter. Merdane måtte reingjerast før dei vart flytta til ein ny stad. Kveitehallen vart òg nytta til vedlikehald etter at det var slutt med oppdrett. Kontoret var i kjellarstova på Steinholen.

Også slaktinga av laksen vart utført på Fjørtofta. Gladlaks kjøpte eit komplett lakseslakteri frå Vesterålen og installerte det hos Fjørtoftfisk etter avtale med Arne O. Fjørtoft. Dette var i tråd med Gladlaks sin filosofi om at laksen skulle skape arbeidsplassar på øya, og på det meste var tolv personar i arbeid på slakteriet.

Då Gladlaks søkte konsesjon, var det eit ankepunkt mot ei tildeling ut på Fjørtofta at der var så vêrhardt. Men dei brukte det friske vêret som argument for konsesjon, fordi det gav stor gjennomstrøyming av vatn og såleis gode vekstforhold for laks. Dei meinte òg at dei skulle klare å legge ut eit oppdrettsanlegg i området og forankre det så det vart liggande.

Dei fekk rett i begge delar, og Gladlaks hadde høgaste produksjonen av laks, relativt i høve til volumet, i Noreg i fleire år. Også andre ting enn gode sjøtilhøve og solide anlegg medverka til det gode resultatet. Mellom anna hadde dei utstyr for å sortere og dermed slakte fisken etter storleik og ikkje etter alder, og fisk som ville gå til gyting blei slakta før kvaliteten vart forringa.

Ikkje minst var optimal fôring viktig for resultatet, og Gladlaks tok svært tidleg i bruk kamera for å kontrollere fôringa. På anlegget på Rogne var det kamera både i sjøen og på merdekanten for å kunne følgje med på matlysta til laksen og gi han høvelege mengder fôr. Med ei datamaskin på ein arbeidsflåte kunne dei både sjå laksen og styre matinga. Guttorm Sandøy oppretta samband til datamaskina heime på Fjørtofta slik at han kunne fjernstyre pc’en på flåten og dermed fôringa. Kanskje var dette den første fjernstyrte laksefôringa i landet.

På dei andre lokalitetane var det manuelt oppsyn med laksen, og sommarhalvåret var det dobbelt skift for å overvake når laksen ville ete og når han var mett. Sommaren var beste vekstperioden, og då gjaldt det å optimalisere fôringa. Såleis var det folk ute frå seks om morgonen til tolv om kvelden denne tida.

Dei første merdane på Fjørtofta vart lagt ut ved Bratteberget på utsida av Vågholmane. Men det var krav om at plassen eit oppdrettsanlegg låg på, skulle kvile ein periode, og difor hadde Gladlaks lokalitetar attmed Marøya, ved Huse på Harøya, på Rogne og Austnes. Etter kvart hadde dei merder ute fleire stader samstundes.

To år etter at første merden kom i sjøen, hadde firmaet ei omsetning på vel 9 millionar kroner, og året etter, i 1989, vart det slakta 480 tonn laks med ein omsetnad på 16,5 millionar. Produksjonen i 1995 var på 1.178 tonn slaktefisk til ein verdi av 28 millionar kroner. Om lag 15 personar hadde arbeid i Gladlaks denne tida. Verksemda skapte sjølvsagt også ringverknader til andre næringar på øya. Ein annan effekt av aktiviteten var at mange kvinner, og også nokre menn, fekk ta fagbrev i lakseoppdrett og fiskeforedling i samarbeid med Gladlaks og Fjørtoftfisk.

I 1989 vart den smittsome sjukdomen furunkulose konstatert i laksebestanden. Det var forbod mot å flytte og slakte infisert fisk. Han kunne no berre slaktast i eit sanitetsslakteri, der alt utslepp vart desinfisert. Med hjelp av eit byggelag frå Ålesund vart lakseslakteriet ombygd og godkjent av veterinærstyresmaktene på kort tid sommaren 1989. Dette berga Gladlaks både praktisk og økonomisk.

I 1990 kjøpte Gladlaks oppdrettsanlegget Bio i Sula og dobla med det kapasiteten. Men tidspunktet var ikkje det beste, for no kom eit par dårlege år for laksen. Det var svikt i eksporten og dermed vanskar med avsetnaden, prisane gjekk ned, og store mengder fisk vart innfrosen. Gladlaks fraus inn for eiga rekning i staden for gjennom Fiskeoppdretternes salslag, som gjekk konkurs, og fekk selt frosenfisken sin i 1991.

Gladlaks gjekk i kompaniskap med eit anna oppdrettsselskap, Hauge & Furnes As på Vigra, og kjøpte Seafood Farmers i 1988. Hauge & Furnes hadde både foredlingsanlegg og fryseri, som Gladlaks nytta seg av. Seafood Farmers var då eit salsselskap som dei tok over for å få kontroll over eige sal. Seinare kom tre andre oppdrettsfirma med, og denne gruppa hadde til saman ti matfiskkonsesjonar, fire settefiskanlegg, to vidareforedlingsanlegg og to slakteri. Omsetnaden i 1995 var på vel 330 millionar kroner.

I 1999 kjøpte så eitt av verdas største fiskeriselskap, Pan Fish, heile Seafood Farmers, som Gladlaks no var fusjonert inn i. Produksjonen på Fjørtofta heldt fram ei stund, og det var framleis arbeid både på oppdrettsanlegget og i lakseslakteriet. Men Pan Fish tok til å kjøpe tenester med andre, og arbeidsplassar forsvann. Mellom anna hadde dei slakteri andre stader, og lakseslaktinga på Fjørtoftfisk tok slutt i 2000.

Det som er att av arbeidsplassar i nærleiken som kan seiast å stamme frå Gladlaks, er oppdrettsanlegget til Mowi (Marine Harvest) – tidlegare Pan Fish – på Rogne. Nokre fjørtoftingar har arbeidet sitt der i dag.

 

Kommentarar, bilete og nye opplysningar er velkomne.


Kommentarer

Gladlaks — Ingen kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

HTML tags allowed in your comment: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>